Personvern

Personopplysninger

 

KONFIRMANTGRUPPE PÅ BAKK-OLAMARKA

KONFIRMANTGRUPPE PÅ BAKK-OLAMARKA
Kvart år kan konfirmantane i Ørsta kyrkje velje å vere med på ulike typar aktivitetar, så som Pit Stop, KRIK, Ten Sing eller liknande. I år har vi prøvd med eit nytt tilbod, det vi kan kalle ei besøksgruppe, på Bakk-Olamarka.

 Åtte konfirmantar har fått plass på denne gruppa som skal samlast seks onsdagar i løpet av hausten.

Denne gruppa har fungert svært bra, og både konfirmantar og eldre ser ut til å trivast bra saman. Dei har fellesskap rundt bordet med for eksempel bollar og saft. Dei går turar inne i gangane eller ute i friluft. Nokre konfirmantar har fått vere med på besøk «heime» hos enkelte av dei eldre, men det som kanskje har vore aller mest popoulært å drive med, er nok kanskje dei gode, gamle brettspela, som Ludo, sjakk og Domino.

No er det berre éi samling igjen, endå det kanskje kjennest som vi nettopp har begynt…!

 

Knut Stave, diakon 

 

BILDETEKSTER:

 

Bilde 2015 A: To erfarne sjakkaspelarar møtest. Ilias får nok bryne seg på Peder, Ørstameister i sjakk. Kanskje vankar det også nokre gode råd og tips som Ilias kan ta med seg vidare.

Bilde 2015 B: Inger, Kristian, Elise, Ole Jacob og Gerd rundt Ludo-brettet. Både konfrimantar og eldre ser ut til å trivast godt saman.

 

Bilde 2015 C: Oddrun, Elisabeth, Rakel og Knut fann også fram Ludobrettet sist onsdag. No er det berre éi samling igjen, endå det kanskje kjennest som vi nettopp har begynt…!




Kirkeleg ressursside:

http://www.kirkenorge.no/




Adresse:
Vikegata 5,
6150 ØRSTA

Tlf: 70048640
Faks:70048641

Ørsta kyrkje:700 66354

Meir kontaktinfo.
under sida for
kyrkjekontor

E-post til kontoret