Personvern

Personopplysninger

 

Vil DU vere med å synge i kor?

Vil DU vere med å synge i kor?
Vil DU vere med å synge i kor? I Hjørundfjord barnekor har vi det veldig kjekt i lag. Vi får lære nye songar, vi får synge solo og vi får leike oss i lag! Barnekoret er frå 1.klasse og oppover.

Dirigent Marie Austrheim Riise er tilbake frå morspermisjon og ynskjer velkomen til alle nye og gamle songarar i Hjørundfjord barnekor. Vi har eit spennande semester foran oss og vi skal  synge gamle songar og lære mange nye songar. Vi har det veldig kjekt i lag på kor og vi har lyst å ha med DEG i koret vårt! Vi øver kvar torsdag på Sæbø bedehus frå kl.15.00-16.00.

Det er ope kl. 14.45 på bedehuset. Då har har borna tid til evt. å ete mat før korøvinga. Ta difor med matpakke og drikke.

Vi skal vere med på fleire arrangement i løpet av semesteret. Vi skal m.a synge på tre gudstenester, synge på Hjørundfjordheimen og ha konsert.

Barnekoret er frå 1.klasse og oppover.

Spørsmål? Ta gjerne kontakt med dirigent Marie Austrheim Riise på tlf: 45235996 eller send meg ein epost: marie.austrheim@orsta.kyrkja.no

Bli med på kor komande torsdag. Vi sjåast!

Dirigent, 
Marie Austrheim Riise

 

 

Adresse:
Ørsta kyrkjekontor
Vikegata 5, 6150 Ørsta

Gjer vel og avtale tid pr tlf.!

Spr. Espen Aarseth: 91394268
Tlf. Ørsta kyrkjekontor: 70048640
Hj.fj. kyrkje: 700 40022

e-post til kontoret

e-post til soknepresten