Personvern

Personopplysninger

 

Pinsevake på Vartdal (LysVaken liknande)

 

Til deg som går i 5. eller 6. klasse (og til foreldra dine)

Veit du kva ein pinsebrising er? Har du lyst til å lære meir om kvifor vi feirar pinse?

HAR DU LYST TIL Å OVERNATTE I KYRKJA?

2018:

Pinsevaka startar pinseaftan, laurdag 3.juni kl. 18.00 i Vartdal kyrkje og varer til etter gudstenesta søndag 4.juni.

 

For to år sidan overnatta ein god gjeng i Vartdal kyrkje. No er det din tur. Du kan lære meir om pinse og pinsetradisjonar, utforske kyrkjetårnet, og i tillegg ha det kjekt i lag med venner!

 

ALLE som går i 5. og 6. klasse er velkomne til å vere med på pinsevake i vartdal kyrkje.

Vi får lære litt om pinse og pinsetradisjonar, det blir songar og god mat, og vi skal førebu gudsteneste til første pinsedag. Etter ei stund skal vi ut, og ned i fjøra og lage pinsebrising. Det blir pølsegrilling, leik og song utover kvelden, før vi går inn og finn fram soveposane.

Når morgonen kjem 1. pinsedag, vert det frukost, tur i kyrkjetårnet og ei siste førebuing av gudstenesta. Så håper vi kyrkja blir full av foreldre, besteforeldre og bygdefolk til kl. 11.00 – så vi kan feire pinsegudsteneste i lag.

Høyrest dette kjekt ut? – Meld deg på!

 

Til foreldra

For at Pinsevake skal verte ei kjekk oppleving for barna, treng vi foreldre som kan hjelpe til. Vi håper du kan vere ein av dei.

 

Vi treng hjelp til å:

Lage bål og servere pølser og saft ved bålet laurdag kveld: (2 stk.)

Bake skuffekake til bålkosen laurdag: (2 stk.)

Nattevakter: (4 stk. som tek halve natta kvar evt. 2 stk. som er vakne heile natta ).

Lage frukost søndag og rydde opp etterpå: (2 stk.)

 

For alle

Pinsevake skal vere for alle som har lyst. Dersom ditt barn treng tilrettelegging av noko slag, ber vi om at du tek kontakt, slik at vi saman kan legge til rette for ei best mogleg oppleving for barnet.

Kostnad

Pinsevaka kostar 100 kr for kvart barn. Dei vil få ei spesiallaga t-skjorte, mat og drikke.

 

Pakkeliste

Dei som blir med, må ta med:

· Sovepose, pute og liggeunderlag

· Pysjamas

· Toalettsaker

· Bibel, blyant

· 100 kr

· Utekle. Kle deg etter veret. Sjekk yr.no.

· Sitjeunderlag til bruk ved bålet

· Innesko, tøfler el. tjukkelestar

Vi gjer det slik at ingen tek med seg snop, vi kjøper heller inn noko felles, som alle kan kose seg med i lag.

Bilete på nett? I etterkant vil det verte lagt ut bilete frå helga på www.iKyrkja.no. VI ber difor om ei melding frå heimen dersom foreldra ikkje vil at bilete av deira barn skal verte lagt ut.

PÅMELDING til Pinsevake skjer slik – innan søndag 28.mai: Gå inn på heimesida til kyrkjene i Ørsta: www.i.Kyrkja.no, og finn påmeldingsskjema under ”Pinsevake i Vartdal kyrkje” i margen til venstre.

Vi treng desse opplysningane: Namn på barnet og klasse. Namn, telefonnummer og e-post adresse til foreldre. Kva foreldra kan hjelpe til med. I feltet merknader kan de evt. skrive om dykkar barn treng tilrettelegging av noko slag.

Håper vi sjåast i pinsa!

Helsing Trusopplærar Hans Olav Sætre

 

Eg faldar mine hender små
i takk og bøn til deg.
Lat alle barn i verda få det like godt som eg.

Vern alle med di sterke hand mot fattigdom og død. Og hjelp små born i alle land og gje dei dagleg brød.

Lat ikkje krig og svolt og sott få rive lukka ned. Lat alle leve trygt og godt, i fridom og i fred

 

Adresse
Vikegata 5, 
6150 ØRSTA

Tlf: 70048640 
E-posttil kontoret