Personvern

Personopplysninger

 

Pinsevandring ved Hovdevatnet

Hei alle fjerdeklassingar!

Liker du å grille pølser og marshmallows? Liker du å løyse oppgåver i lag med andre? Då har du kanskje lyst til å vere med på postløp og pølsegrilling ved Hovdevatnet.

 FOR 2018:

De er invitert til postløp og pølsegrilling ved Hovdevatnet. Både 4. og 5. klassingar

15. mai kl.17.30 – 20.00.

2. pinsedag, måndag 21. mai, kl.12.00 er det friluftsgudsteneste ved Hovdevatnet. Under gudstenesta skal 4.klassingane vise litt av det dei gjorde og lærte på postløpet.


Oppmøte: Hovden møbel i Hovdebygda.

Der blir det ei kort samling med registrering og inndeling i grupper. Så skal gruppene ut på ei lita vandring langs vegen til badeplassen ved Hovdevatnet. Undervegs vert det stasjonar med oppgåver om pinsa.

Ved Hovdevatnet vert det bål, pølsegrilling, leik og song. Her kan foreldra hente dykk kl. 20.00.

Har du lyst til å vere med? Bruk linken til høgre her--->

Om det ikkje høver å vere med på både postløpet og gudstenesta, kan du vere med på ein av delane.

Til dei vaksne:

Dette arrangementet er for alle som har lyst. Har ditt barn trong for tilrettelegging av noko slag, ver snill og sei ifrå på førehand, slik at vi kan legge best mulig til rette.

Det kostar 100 kr for kvart barn å vere med. Barnet vil få ei t-skjorte, pølser og saft, pluss ei ekstra gåve på gudstenesta 2. pinsedag. Ta med pengane ved oppmøte torsdag.

Vi vil gjerne ha foreldre med! Borna skal gå i grupper langs vegen, og kvar gruppe må ha minst ein vaksen med. Kan du vere med? Gi oss melding pr. tlf. eller E-post. Sjå under.

Kjenner de 4.klassingar som ikkje har fått brev? Inviter dei med! Alle er velkomne.

 

Helsing oss på kyrkjekontoret i Ørsta

 

Påmelding: 

Meld deg på her

 

Eg faldar mine hender små
i takk og bøn til deg.
Lat alle barn i verda få det like godt som eg.

Vern alle med di sterke hand mot fattigdom og død. Og hjelp små born i alle land og gje dei dagleg brød.

Lat ikkje krig og svolt og sott få rive lukka ned. Lat alle leve trygt og godt, i fridom og i fred

 

Adresse
Vikegata 5, 
6150 ØRSTA

Tlf: 70048640 
E-posttil kontoret