Personvern

Personopplysninger

 




Kyrkjeskule, Vartdal 2017

 Kjære foreldre til 1.klassing og 2. klassing 

Alle barn i Den Norske kyrkja har rett til å vere med på eit trusopplæringstiltak kvart år. Vi i kyrkja jobbar med å fylle opp trusopplæringsplanen vår så alle barn får eit tilbod.

I 2017 er det eit arrangement kalla «kyrkjeskule» for 6. åringar og 7. åringar i Vartdal kyrkje. 23.-og 24.september 2017 vert ei helg med kjekke aktivitetar. 

Programmet vert om lag slik: 

Kl 14.00: Samling i kyrkja. 

Kl 15.00: Fisking frå kaia ved Vartdal helsetun. 

Kl 16.00: Steiking av fisk og pinnebrød (Bålpanne) 

Kl 16.45: Avslutning i kyrkja 

Barna må ha med seg klede til å vere ute i, ei fiskestang om dei har, redningsvest og ein pinne som vi skal bruke til pinnebrød. 

Årets kyrkjeskule skal vere for alle 1. klassingar og 2. klassingar som har lyst. Om dykkar barn treng oppfølging eller tilrettelegging av noko slag, så må de sende oss melding om dette. Så kan vi saman legge til rette for at dette blir ei flott oppleving for alle. Vi skal ordne mat. Sei ifrå om nokon har matallergi eller matintoleranse slik at vi kan kjøpe noko alle kan ete. 

Kyrkjeskulen avsluttar med familiegudsteneste i Vartdal kyrkje. 

 Ta gjerne med sysken, fadrar, besteforeldre og andre! 

Barna skal vere med å gå i prosesjon, kanskje bere korset, lese ei bøn eller bibeltekst og kanskje vere med å tenne lys i lysgloben. Dei må møte kl 10.00 slik at dei får øve på førehand og dermed vert trygge på det dei skal gjere. 

Hjarteleg velkomne!

 2017

«kyrkjeskule» for 6. åringar og 7. åringar i Vartdal kyrkje. 23.-og 24.september vert ei helg med kjekke aktivitetar. 

PÅMELDING Påmelding på epost til: hans.olav.saetre@orsta.kyrkja.no 

Vi treng å vite: 

  • Namn på barnet 
  • Namn på føresette 
  • Mobilnummer til føresette 
  • Om du kan vere med å fiske og/eller gjere klar bålpanna.

Påmeldingsfrist: 

Vi ønsker at alle sender påmelding fem dager før, slik at vi har tid til å planlegge.

 

 

Eg faldar mine hender små
i takk og bøn til deg.
Lat alle barn i verda få det like godt som eg.

Vern alle med di sterke hand mot fattigdom og død. Og hjelp små born i alle land og gje dei dagleg brød.

Lat ikkje krig og svolt og sott få rive lukka ned. Lat alle leve trygt og godt, i fridom og i fred

 

Adresse
Vikegata 5, 
6150 ØRSTA

Tlf: 70048640 
E-posttil kontoret