Personvern

Personopplysninger

 

Misnonsmesse i Ørsta

Misnonsmesse i Ørsta
Bilete: Frå barnehagen i Thailand

 

Misjonsmessa til Ørsta kyrkjelyd nærmar seg, dagen er 11. november og staden er kulturhuset.

Mange er med å hjelper til, lagar lefser for sal, brennsnut, tombola, gevinstar, kaker og og ikkje minst har Eirik Stave skrive og laga Markanytt i sju år!  Markanytt 2017 kan du kjøpe på Misjonsmessa, eller les meir nedanfor her:

Inntekta frå Misjonsmessa går til Ørsta Kyrkjelyd sitt Misjonsprosjekt i svært fattige område i Nord Aust Thailand og Bankok.
Gjennom prosjekta "Barn og utdanning" støttar vi mellom anna barnehage for barn frå 6 mnd. - 3 år på Lovsangshjemmet, og barnehage for barn 3-6 år i Immanuellkyrkja og skuleinternatet i Phibun
Det blir også gitt stipend til fattige barn, som dermed får høve til å ta utdanning, og nokre får også musikkundervisning.
Alt dette er med på å gi barn og unge stimulerande og meiningsfylte fritidsaktivitetar.
 
Mange hjelper til kvart år, men spør gjerne om å hjelpe til, det er heilt sikkert nokon som aldri blir spurt, men gjerne vil ta del på ein eller annan måte.
Om du vil ta del, er det fint om du gir tilbakemelding til Jorunn(tlf 90874408) eller Eli(90083473)

 

Markanytt 2017- Betre og lettare som PDF:


Hei,  vil du kjøpe årets Markanytt frå Eirik (12)?

Pengane gjeng til Ørsta kyrkjelyd og NMS sitt misjonsprosjekt i Thailand: SKULE OG UTDANNING.  

 

Dei tidlegare tidlegare 6 årgangane med Markanytt har til saman gitt kr. 141.670,- til prosjektet

 

Slik kan du gjere det:

  1. Betal kr. 50,- eller meir, til Markanytt-konto 3991.08.38826 eller VIPS til 40191903
  2. Heile Markanytt er vedlagt denne mailen. Opne vedlegget.
  3. Les digitalt eller skriv ut sidene som A5 i hefte, eller slik at det blir 2 Markanytt-sider på kvar side av eit A4-ark.
  4. Du kan også gjerne få Markanytt levert/tilsendt på papir viss du sender adressa di på ein mail.


PS! Send veldig gjerne denne mailen vidare til andre...

 

Helsing Eirik og Knut Stave

 

Årets framside: