Personvern

Personopplysninger

 

Himmelsk pop med faSong

Himmelsk pop med faSong
Songar frå repertoaret til Dolly Parton, U2, Lars Bremnes, Mariah Carey, Whitney Houston og mange fleire står på programmet når koret faSong innbyd til konsertar med «himmelsk pop». Saman med eit knippe musikarar syng dei i Hjørundfjord kyrkje på Sæbø søndag 11. februar kl 19.00. 

– «Himmelsk pop» er eit konsertprogram vi har sett saman av popsongar som har ein tydeleg smak av himmel, seier dirigent Gaute Øvereng. Alle songane som er plukka ut, er henta frå populære artistar i ulike sjangrar frå seks ulike tiår, frå Billy Preston i 1969, produsert av George Harrison, og fram til Marthe Valle i 2017. 

Brorparten av songane er i utgangspunktet på engelsk, men faSong har no fått fleire av dei omsette til nynorsk for første gong. Omsetjingane er det Adreas Bjåstad og Gaute Øvereng som står for. 

Publikum får høyre songar frå mellom andre Bette Midler og Mr. Mister, og Whitney Houston og Mariah Carey sin duett When you believe frå animasjonsfilmen «The Prince of Egypt», på nynorsk. 

faSong får stødig tonefølgje av musikarane Fernando Pineda Lopez (sax), Geir Helge Ådneram (piano), Knut Hunnes (bass), Peder Sefland (perkusjon) og Per Arne Brandal (gitar).

Sjå annonse i lokalavisene.

Adresse:
Ørsta kyrkjekontor
Vikegata 5, 6150 Ørsta

Gjer vel og avtale tid pr tlf.!

Spr. Espen Aarseth: 91394268
Tlf. Ørsta kyrkjekontor: 70048640
Hj.fj. kyrkje: 700 40022

e-post til kontoret

e-post til soknepresten