Personvern

Personopplysninger

 

ÅRSMELDING FOR ØRSTA KYRKJELYD

ÅRSMELDING FOR ØRSTA KYRKJELYD

Kyrkjelydsmøte i Kyrkjestova 18. mars 2018, etter gudstenesta.

Soknerådet hadde 01.11.2015 -31.12.2017 følgjande medlemer:

  • Aage Johnsen – leiar
  • Gudny Fagerhol – nestleiar
  • Jorunn Austrheim
  • Henning Brautaset
  • Eli Kristine Moltu
  • Hilde Opsal
  • Frode Ryste
  • Sindre Borge Skurtveit
  • Sokneprest Arne Moltubak
  • Aud Standal Digernes er 1. vara og møter fast på møta. (- referent)

 

Dei andre vararepresentantane som vert kalla inn ved høve er:

  • Anne Mette Sætre,
  • Norunn Melheim,
  • Bente Kristin Krøvel og
  • Anders Karl Roald.

 

Medlemar til Ørsta kyrkjelege fellesråd har vore Åge Johnsen og Gudny Fagerhol.

Soknerådet har ikkje tilsett sekretær og medlemar i rådet har difor ført referat.

Soknerådet sitt arbeidsutval har vore: Leiar, nestleiar og sokneprest. For soknerådet har Marit Vartdal Engeseth vore knytt opp til Kirkens Nødhjelp. Utanom desse er det òg ein del nemnder og komitear som arbeider med eldretreff, internasjonalt kvinnetreff, fasteaksjonen, familiegudsteneste, kyrkjekaffi/ kyrkjevertar, misjonsprosjektet og dåpsklutar.

Soknerådsmøte 8 soknerådsmøte vart halde i 2017, i tillegg til kyrkjelyden sitt årsmøte og eit fellesmøte mellom stab og sokneråd. Det gamle soknerådet handsama 33 saker i året som gjekk.

Melloma anna vart dette handsama:

  •  Gjevarteneste for soknet
  •  Prinsipp i Trusopplæringa med Trusopplæringsplan
  •  Ny diakoniplan
  •  Grøn kyrkjelyd
  •  Julegrantenning
  •  Gudsteneste- og offerliste
  •  Rekneskap, budsjett og økonomi I tillegg ei rekkje med meir praktiske arrangement
  •  Konfirmantforeldrefest / konfirmasjon, planlegging og gjennomføring.
  •  17.mai, kransing av bautaen
  •  Fellesmøteveke i Ørsta
  •  Kyrkjekaffi / kyrkjevertar
  •  Brannvakter til konfirmasjonane, julaftan osv

 

REKNESKAP: FOR Å SJÅ DET, LAST NED DOKUMENTET SOM DU FINN UNDERST I DETTE SKRIVET.

Andre aktivitetar i kyrkja/kyrkjekontoret 2017.

I mars 2017 var det bispevisitas i Ørsta, Vartdal,storfjorden og Hjørundfjord. Det vart lagt ned eit stort arbeid både i forkant og undervegs gjennom desse dagane. Meir informasjon om bispevisitasen er å finne i visitasmeldinga. Barnekoret i Måndagsklubben har sine øvingar i kyrkja og Pit Stop brukarUndervisningssalen enkelte fredagar. Internasjonalt kvinnetreff møtest på møteromet i 2. etasje i Vikegata 5, kvar torsdag. Det er framleis etterlyst treffstad for menn. Elles har Y`s men hatt nokre av sine møter i Undervisningssalen. Ørsta kyrkjekor øver fast i kyrkja kvar onsdag kl.18.45 – 20.45. Vi har hatt dugnad i kyrkja og fått montert opp pereforerte metalldeksel rundt varmovnane under kyrkjebenkane. Då slepp born å brenne seg og folk å få smelta gummisålane på skoa sine.

STATISTIKK: FOR Å SJÅ DET, LAST NED DOKUMENTET SOM DU FINN UNDERST I DETTE SKRIVET.

Gudstenestearbeidet 2017

Ørsta sokn har eit variert gudstensteliv med mange ulike typar gudstenester. Vi kan nemne den tradisjonelle høgmessa, familiegudstenste, skulegudstenester, friluftsgudstenester i samarbeid med ulike frivillige organisasjonar, taizegudsteneste, keltisk kveldsbøn, solidaritetsgudstenester 1 mai og 8 mars, Helgemesse, samt spesielle gudstenester i tilknyting til høgtidene. Endringane som vart gjorde når kyrkjelyden gjekk attende til «gamal» liturgi på kyrie og gloria, Vår Far og flytting av syndsvedkjenninga , har vore vellukka og opplevast gode for kyrkjelyden. Vi har stadig ein svært høg dåpsprosent i soknet vårt, noko som og er med å halde deltakartalet oppe. Mange kjem framleis «heim» for å døype borna sine. Gudstenestebesøket på den jamne søndagsgudstenesta er diverre likevel fallande. Vi ser derimot at gudstenester der spesielle målgrupper er invitert, som til dømes ved trusopplæringsarrangement som Lys Vaken og Tårnagent, aukar oppmøte betydeleg. Her er det også gledeleg å legge merke til at terskelen for å gå til nattverd kan sjå ut til å verte noko nedbygd. Borna er med å vise veg til nåden sitt bord! Det er mange aktørar inne i samarbeidet rundt gudstenestene i soknet. Soknet har ein velfungerande familiegudstenestekomite som er med å planlegge og gjennomføre familiegudstenestene. Friluftsgudstenestene vert arrangert i samarbeid med Hovdebygda Idrottslag, Liadal grendelag, Brudavolltunet og Ivar Aasentunet. Kyrkjekaffien etter gudstenestene har vorte lagt over på konfirmantforeldre og dette ser ut til å fungere bra. Det er inngen av foreldra som har hatt negative komentarar etter å ha hatt ansvar for å arrangere kyrkjekaffi. Difor er det framleis slik at det etter dei aller fleste gudstenester er høve til ei sosial samling etter gudstenesta. Dette er eit viktig arbeid og noko mange set pris på! Den frivillige klokkartenesta er stadig under utbygging og fleire og fleire enkeltmenneske vert dermed både direkte og indirekte involvert i gudstenestearbeidet. Vi treng framleis fleire frivillige klokkarar og kyrkjevertar. Dette siste er ein viktig del i arbeidet med å gjere gudstensta til heile kyrkjelyden si gudstenste, ikkje berre dei tilsette. Det skal sjølvagt framleis vere mogleg å kome til gudsteneste «berre» for å kome, tilbe Gud og vere ein del av fellesskapet, men dess fleire som er synlege, deltakande og aktive i gudstenesta, dess rikare vert gudstenesta.

Trusopplæring 2017

Dette var dei viktigaste arrangementa som gjeld trusopplæring i kyrkjeleg regi: 0-2: Frå september 2017 starta vi med Babysong . Det er eit samarbeid mellom Babysong på Uppheim i Volda. Der er babysong annakvar veke på undervisningssalen på kyrkjekontoret i Ørsta og annakvar veke i Volda. Dåpsforeldre får informasjon om babysong på dåpssamtale og på Facebook. 0-3 år: Dåp nesten kvar søndag i kyrkja. Alle borna får ein handbrodert dåpsklut frå Madagaskar, i gåve frå ulike frivillige lag i kyrkjelyden. Bilde med kveldsbøn frå soknerådet. I tillegg får ein av fadrane til kvart barn ein pose med gåver som ho eller han skal overrekke til fadderbarnet på dåpsdagen dei neste tre åra. Pakkane vert pakka på dugnad av frivillige og kostar om lag 150 kroner per barn. Innhaldet i pakkane kjem frå IKO-forlaget, som er hovudleverandør av kristen barnelitteratur i Noreg. Dette er gåvene: Smekke med «Å du som mettar» til 1. dåpsdagen, CD med barnesongar til 2. dåpsdagen og boka «lille Sauen går seg vill» til 3. dåpsdagen. Gåvene vert finansiert av kyrkjelydane gjennom kyrkjeofringar og andre gåver. Faddrane vert òg oppmoda om å vere med å støtte ordninga med ei pengegåve. 4 år: 84 4-åringar fikk i juni invitasjon til å vere med på undretur i kyrkja og gudsteneste med utdeling av kyrkjebok. 55 av dei kom til kyrkja og fekk bok. 5 år: Alle 108 5-åringane fikk ein film om ”Kirkerottene” tilsendt i posten tidleg i desember. 6 år: Det vart i mars delt ut bøker til 13 stk 1. klassingar av 97 mulige. Boka heiter ”Alle gode ting” 8 år: Tårnagenthelga vart gjennomført i februar med totalt 35 av 117stk. 3.klassingar. 9 år: Pinsefeiring for 4.klasse. 11 av 95 inviterte deltok. 10 år: Utdeling av Bibel til 5.klassingar. 31 av 117 5.klassingar fekk ”Bibelen – ei vandring gjennom den store forteljinga” i gåve utdelt i kyrkja. Vikemarka skule takka nei til bibeltrim og bibelutdeling. Diakon Knut Stave gjennomførte bibeltrim og bibelutdeling på alle dei andre skulane. Det vil seie at alle 5.klassingane fekk tilbod om bibel på skulane utanom på Vikemarka. 11 år: 32 av 90 var med på LysVaken i kyrkja. Opplegg for barnehagebarn og skuleelevar: • Barnehagevandring i kyrkja for alle barnehagane i Ørsta tidleg i desember. Alle barnehagane i Ørsta fekk invitasjon og alle takka ja. • Skulegudstenester med dramatisering av påskeforteljinga for 1.-4.klassingar frå alle skulane i Ørsta. • Adventsgudsteneste tidleg i desember for alle skulane i Ørsta til og med Ungdomsskulen. Konfirmantar: • Det var innskriving av nye konfirmantar – arrangement i kyrkja med postar. • Hausten starta som vanleg med ”Avspark!” for konfirmantåret på Sæbø. • Alle konfirmantklassane vart presentert for kyrkjelyden på kvar sin søndag. • Konfirmantundervisningstimar med sju ulike tema. Undervisningstema: 1.Gudstenestekurs, 2.Bibel og bøn, 3.Gud skaparen, 4.Dåp og Nattverd, 5.Diakoni , 6.Jesus lever / misjon. • Forestilling om «nåde» i kyrkja. • Deltaking i gudstenesteliv som klokkar. Fire/fem konfirmantar kvar helg i løpet av heile konfirmantåret • Deltaking i aktivitetsgrupper med minst 6 frammøte på t.d kristeleg ungdomsgruppe i Follestaddal og Barstadvik, TenSing, KRIK, Pitstop og samtalegrupper . • Konfirmantleir x 2 på SUFH i vinterferien (med MILK- og Cremè-leiarar). • Fem konfirmasjonsgudstenester. MILK(fjorårskonfirmantar): MILK-kurs (minileiarkurs for 15-åringar) med samlingar over 6 kveldar. Det starta med 12 deltakarar. Berre 4 fullførte kurset. Creme: Creme og MILK er ein ressurs i kyrkjelyden vår. Det er ein flott gjeng med engasjerte ungdommar som bidreg med mykje positivt i barne- og ungdomsarbeidet. Milk og Creme hadde møte med biskopen under bispevisitasen. Øvrige: • Ny trusopplæringsplan for 2017 vart vedtatt i januar 2018. • Tre medarbeidarar frå Ørsta tok del på IKO sin store trusopplæringskonferanse på Gardemoen.

Diakoni 2017

Diakoni er kyrkja si omsorgsteneste. Den er evangeliet i handling og blir uttrykt gjennom nestekjærleik, inkluderande fellesskap, vern om skaparverket og kampen for rettferd (Plan for diakoni i Den norske kyrkja). Diakonien er heile kyrkjelyden sitt ansvar, men Ørsta sokneråd har eit særleg ansvar for det lokale diakoniarbeidet i soknet. Diakonstillinga er delt mellom Betty A. Ndea Søvik og Knut Stave, der begge har 50% fast stilling.

Barne- og ungdomsdiakoni:

- Måndagsklubben og 10+ på Ørsta bedehus held fram. Ørsta indremisjon trekte seg ut frå sommaren. Soul Children øver i frikyrkja. Ørsta- og Volda Ten Sing på Uppheim i Volda. - Diakonien inngår i konfirmantarbeidet, både gjennom undervisning og i fellesskap.

Fellesskap: - Kyrkjekaffikomiteen har i haust blitt erstatta av foreldre til klokkarkonfirmantar, men komiteen trengst framleis som back up, og til delane av året som er utan konfirmantarbeid. Rekruttering til kyrkjekaffikomiteen er derfor viktig også framover. - Føremiddagstreffa i samarbeid med frikyrkja og bedehuset, har sidan 2003 hatt jamt god oppslutning. Komiteen har hatt problem med rekruttering, og har vore delvis inaktive i 2017. Diakon har likevel gjennomført 4 treff, 3 på Bakk-Olamarka og 1 på Ørstaheimen.

Besøks- og omsorgsteneste: - Institusjonsandakter nesten kvar veke, og om lag éin gong i månaden på Bakk-Olamarka. - Diakon/prest har kontakt gjennom til dømes heimebesøk og institusjonsbesøk. - Etterlatne blei inviterte til Helgemessegudsteneste, med ein enkel kyrkjekaffi i kyrkjestova. - Som medeigar i Kirkens SOS, Møre og Romsdal, er den diakonale, døgnopne telefontenesta del av Ørsta kyrkjelyd sitt omsorgstilbod for dei som treng nokon å snakke med. Det er ønske om å rekruttere fleire telefonvakter frå Ørsta. - Kyrkjefølgegruppa gir tilbod til éi psyk. utviklingshemma.

Internasjonal diakoni: - Ørsta kyrkjelyd sitt misjonsprosjekt, skule og utdanning 640479, i samarbeid med Det norske misjonsselskap (NMS) og Den evangelisk-lutherske kyrkja i Thailand (ELCT), støttar Immanuelkyrkja sin dagheim, Lovsongsheimen, Immanuelheimen i Phibun og ei stipendordning til fattige born. - Fasteaksjonen til KN: Tilsette og eit utval av frivillige medarbeidarar hadde ansvaret for organiseringa av konfirmantar, foreldre og frivillige. Innsamlingsresultatet var godt. - Internasjonale kvinnetreff er enkle sosiale treff med høve til leksehjelp, treffpunkt der ørstingar og innvandrarar kan møtast, gi språktrening og relasjonsbygging. 15-20 innvandrarkvinner kjem vanlegvis kvar torsdag, men fleire norske kvinner trengst, til uforpliktande å stikke innom ei kortare eller lengre stund, mellom 18 og 20.

Grøn kyrkjelyd: Ørsta sokneråd vedtok å vereGrøn kyrkjelyd, med eigen handlingsplan i 2014. Biskopen har ytra ønske om at fleire kyrkjelydar gjer slike vedtak. I god tid før bispevisitasen i mars i år, gjorde alle dei tre andre sokneråda vedtak om å bli grøne kyrkjelydar i samarbeid om planen til Ørsta kyrkjelyd, men med ulike misjonsprosjekt i sokna. Slik er no alle sokna i Ørsta registrerte som Grøne kyrkjelydar. Sjå oversikt over registrerte Grøne kyrkjelydar på: Kirken.no/nb-NO/gronnkirke/gronn-menighet/oversikt-over-gronn-kirkelig-virksomhet/ Utfordringa er å vidareføre måla i handlingsplanen i åra som kjem. Her kan alle ta del! Takk til alle som har vore med og bere fram diakonien gjennom dette året! Lat oss ta diakonien med i alt arbeid i kyrkja, som ei grunnleggjande haldning og ein måte å leve på, som formar kyrkjelyden, i bøn og i arbeid.

Betty A. Ndea Søvik og Knut Stave, diakon

 

Kyrkjemusikk 2017.

Når mennesket spelar, syng og leikar, lyttar det til lyden frå skaparverket, gir denne lyden form og tek på den måten imot Guds gåver. Slik blir vi Guds medskaparar. Kyrkja forstår difor all kunst og kreativitet som ein del av forvaltaroppdraget. Når vi utfaldar oss musikalsk, er det både til ære for Gud og til gagn og glede for kvarandre. Alt Gud har skapt, vitnar om hans stordom og herlegdom. Det lèt oss ane at Gud finst.

Kantorar i Ørsta sokn gjennom året 2017: Marie Austrheim Riise 100 % stilling. Ray Weber 60 % stilling. (Slutta i si stilling 30.11.17) Ketil Grøtting 60 % stilling. (Byrja 01.12.17).

Gudstenester: Den kristne kyrkja er ei syngjande kyrkje! Når vi utfaldar oss musikalsk, er det både til ære for Gud og til gagn og glede for kvarandre. Gjennom gudstenestene får vi løfte opp vår song, lovprise Gud og uttrykkje og formidle vår kristne tru i eit fellesskap. Den nye gudstenestereforma legg betydelig vekt på involvering av frivillige i gudstenestene. I Ørsta har vi hatt ein lang tradisjon på å utfordre kor, musikarar og solistar til å ta del i gudsteneste. Dette gjeld særleg gudstenester der ein vil ha eit ekstra løft som på konfirmasjonsgudstenester, påskedag, julaftan,1.juledag og 01.mai for å nemne nokre. Ein må halde fram med den gode tradisjonen der ein samarbeider med lokale musikkrefter i bygda. Dette gjer gudstenestene levande og det gir inspirasjon og glede både til kyrkjelyd og utøvarar, samstundes som det løftar opp songen. I Ørsta sokn har ein gjennom 2017 hatt fleire ulike gudstenester som høgmesse, familiegudsteneste, ung messe, taizèkveldbøn og keltisk kveldsbøn. I tillegg har ein hatt fleire spesielle gudstenester som er knytt til kyrkjeåret som t.d påskenatt, helgetorsdag, helgemesse og olsok for å nemne nokre få. Vi har altså eit rikt og variert gudstenesteliv der ein får uttrykkje både tradisjonell og nyare kyrkjemusikk slik plan for kyrkjemusikk peikar på: Tenesteordninga for kantorar peikar på at kantorane skal vere med og forvalte og gjere levande tradisjonelle og nye kyrkjemusikalske verdiar og syte for breidde og kvalitet i det kyrkjemusikalske og kulturelle arbeidet i kyrkjelyden. Det er særs viktig og finne den gode balansen mellom tradisjonell og nyare kyrkjemusikk. Høgmesse: I høgmessene har ein eit noko meir tradisjonelt kyrkjemusikalsk uttrykk. Likevel prøver ein å variere det musikalske uttrykket gjennom salmar og instrumentalmusikk. Det er fint å ha med instrumentalistar, solistar og kor i gudstenestene. Dette kan ein med fordel gjere meir av i høgmessene, også på «ordinære» høgmesser.

Familiegudstenester: I familiegudsteneste har ein prøvd å variere det musikalske uttrykket slik at det høver både for born og vaksne, men med eit klart fokus på borna. Dette har ein også gjort gjennom året 2017. Også på familiegudstenestene kan ein med fordel utfordre både born og vaksne til å vere med som forsongarar eller som solistar, noko ein også har gjort gjennom året 2017. Ved fleire høver har fleire born vore med som forsongarar på fam.gudstenestene. Dette er inspirerande både for borna, kyrkjelyden og kantorane. Dette gode arbeidet må ein halde fram med.

Bispevisitas 2017: I mars 2017 var det bispevisitas i Ørsta, Vartdal og Hjørundfjord. Det vart lagt ned eit stort arbeid både i forkant og undervegs gjennom desse dagane. I samarbeid med resten av staben planla og la kantorane til rette for ei rekkje tiltak: - Utegudsteneste i laguneparken med band, forsongarar, Ørsta Soulchildren, speidarar og andre. Dette vart ei flott gudsteneste med masse liv og røre. Det var svært kjekt å ha med band på gudstenesta, noko som gjorde at vi fekk eit moderne uttrykk gjennom salmar og musikk. Lydmann og lydsutstyr var leigd inn, noko som var heilt vesentleg. - Skulegudsteneste Hjørundfjord. Hjørundfjord barnekor tok del på denne gudstenesta, noko som vart svært flott. - Konsert: «Sol og håp og vind». Ei markering av Lutherjubileet. Lokale musikarar tok del i tillegg til Ørsta kyrkjekor. Jan Ove Ulstein hadde refleksjonar og fortalte om Luther mellom dei musikalske innslaga. Vi fekk høyre utdrag frå syngespelet «Høyr kor kyrkjeklokka lokkar» som vart skriven til Ørsta kyrkje sitt jubileum i 2014. Ein flott konsert med mykje folk. - Visitasgudsteneste i Ørsta kyrkje: Ei festgudsteneste der både Ørsta kyrkjekor, Ø.B.Brass og Hjørundfjord barnekor tok del.

Kyrkjemusikk og trusopplæring: Kyrkjemusikk- og kulturverksemd gir eit godt grunnlag for at born og unge kan være deltakarar og ressursar for kyrkjelyden som lærande fellesskap. Denne fellesskapen er ein god arena for læring av bibeltekstar, liturgi og salmar. . I arbeidet med konfirmantar har kantorane eit særleg ansvar for musikkgruppene på konfirmantleir. Desse musikkgruppene førebur seg til gudstenesta på leir. På konfirmantleiren har ein også innført «Salmeslaget» der konfirmantar og ungdom lærer tradisjonelle salmar i moderne versjonar. Dette gjorde vi også i 2017, noko som fungerte bra. Vi har positive og musikalske konfirmantar i Ørsta! Vidare har kantorane teke del i både Lys Vaken og Tårnagenthelg for å nemne nokre tiltak. Då har kantor øvd inn songar og salmar med borna. Det må nemnast at ein i mykje større grad kan nytte milk og creme-leiarar som gode ressursar i det kyrkjemusikalske arbeidet i soknet. På konfirmantleir vert desse gruppene utfordra og vi er så heldige å få ha med nokre av dei i arbeidet med musikkgruppene. Kantorane tek også del i mange skulegudstenester gjennom året før påske og før jul, dette i samarbeid med prestar og trusopplærarar.

Ørsta kyrkjekor si Årsmelding og rekneskap vil ligge klar til utdeling på Kyrkjelydsmøtet.

 aarsmelding_2017.pdf