Personvern

Personopplysninger

 

BUSSTUR OG NYE UTSTILLINGAR PÅ HELLESYLT

BUSSTUR OG NYE UTSTILLINGAR PÅ HELLESYLT

Føremiddagstreffa i Ørsta er opne for alle, og i haust startar vi opp med ein busstur. Det er to år sidan sist. Turen går til Sykkylven, Hellesylt og Peer Gynt-galleriet, tors. 6. sept. Påmeld. innan laur. 1. sept.

Foto: Halvard Sandvik

I år tar vi turen via Festøya-Hundeidvik, til Ikornnes kyrkje. Her legg vi inn eit lite besøk hos Føremiddagstreffa i Sykkylven. Det blir ei kort samling i kyrkjerommet, med organist Rose Iren Stave (frå Sykkylven) og andakt. Etterpå blir det kaffi og noko å bite i. Hit kjem det folk frå begge sider av Sykkylvsfjorden, og kanskje treffer vi nokon kjenningar?

Turen går vidare på brua over Sykkylvsfjorden, til Aure-sida, og sørover gjennom vakker natur, mot gamle og nye utstillingar på Hellesylt. Peer Gynt-galleriet på Hellesylt er kjent for mange, men kanskje er den nye Verdsarvutstillinga dei har laga, mindre kjend. Geirangerfjorden ligg på UNESCO si verdsarvliste, og no i vår opna Peer Gynt-galleriet ei ny Verdsarvutstilling, til temaet «Med naturen som inspirasjon». Det er designar Anne Jorun Sæten som har utforma utstillinga i tekst og bilde, med utgangspunkt i naturen og ulike personar frå Sunnylven.

Peer Gynt-galleriet elles tilbyr ei unik oppleving. Peer Gynt av Henrik Ibsen er dramatisert av kunstnaren Oddvin Parr (1933 – 2010) i 11 storslegne tre-relieff frå hovudscenene i det  meisterlege dramaet. Med musikk frå Edvard Grieg, byr Peer Gynt-galleriet oss inn til ei praktfull oppleving med enorme tre-relieff som når frå golv mot tak.

Etter store og mektige inntrykk, er det nok fleire av oss som blir svoltne, og turen går så til Grodås. Her tar vi inn på Raftevold hotell, for ein god middagsbuffet med sosakjøt og koldtbord, dessert og kaffi. Hotellet har nyleg blitt renovert, har gratis Wifi og reklamerer elles med at dei ligg i hjartet av fjord-Noreg. Dette er sant nok, men den vakre hagen vender likevel mot Europas djupaste innsjø, Hornindalsvatnet (514 m).

Med tida vil vi alle sette oss tilbake i bussen, og vende snuten heimover mot Ørsta, slik at vi truleg kan vere heime i god tid før kl. 18. Bussturen er open for alle, yngre og eldre, frå alle kantar av Ørsta, Vartdalstranda, Hjørundfjorden og bygdene omkring.

Set av den første torsdagen i september til ein fin hausttur mellom fjord og fjell. Påmelding innan laurdag 1. september til diakon Knut Stave, på mobilnr. 942 942 90. Bruk helst SMS (tekstmelding) eller ring ev. mellom 20 og 22. Sjå annonse. Kom og ver med!

ALLE ER VELKOMNE!! VEL MØTT!

Helsing Føremiddagstreff-komiteen