Personvern

Personopplysninger

 

JORDVENN

 

 JORDVENN-VENN MED HEILE SKAPARVERKET

Kjære Jordvenn!

For du er vel det!? Veit du kva det betyr å vere Jordvenn?? Naturen er fantastisk. Ser du kor avansert og flott den er? Klarer vi å ta vare på skaparverket?

Plan: Oppmøte på parkeringsplassen ved skytebana i Sollidalen kl 10.30. Vi går mot Helgehornet og tek fleire stopp undervegs. Kanskje kjem vi til toppen? Vi er truleg nede igjen til kl 14.30. 

Vi kjem til å snakke om kva det vil seie å vere ein jordvenn, sjå litt på kva vi finn i naturen, oppleve naturen, lese nokre ord frå Bibelen, stilletid, leik, ha det kjekt i lag og ikkje minst sjå på utsikta...

Ta med: Kle deg etter veret - Fjellsko/støvlar/joggesko - Matpakke og drikke

Påmelding: 
På epost til: hans.olav.saetre@orsta.kyrkja.no 
Vi treng å vite: Namnet ditt - Namn på føresette - Mobilnummer og e-post til foreldre/føresette

Påmeldingsfrist: Vi ønsker at alle sender påmelding innan onsdag 28.08. Slik at vi har tid til å planlegge.

Vel møtt til tur i ditt nærmiljø! 
Helsing Caroline Sefu (kateket) og Hans Olav Sætre (trusopplærar)

2019: 

Laurdag 31. august kl 10.30 inviterer vi deg som akkurat har starta i 2.klasse til vandring i ditt nærmiljø, med utsikt til din fjord og dine fjell.

Du kan ta med foreldre/føresette.

 

 

Invitasjon til Jordvenn
JORDVENN-VENN MED HEILE SKAPARVERKET

Laurdag 31.august inviterer vi deg som akkurat har starta i 2.klasse til vandring i ditt nærmiljø, med utsikt til din fjord og dine fjell. Du kan ta med foreldre/føresette.

Plan: Oppmøte på parkeringsplassen ved skytebana i Sollidalen kl 10.30

→ Les mer

Eg faldar mine hender små
i takk og bøn til deg.
Lat alle barn i verda få det like godt som eg.

Vern alle med di sterke hand mot fattigdom og død. Og hjelp små born i alle land og gje dei dagleg brød.

Lat ikkje krig og svolt og sott få rive lukka ned. Lat alle leve trygt og godt, i fridom og i fred

 

Adresse
Vikegata 5, 
6150 ØRSTA

Tlf: 70048640 
E-posttil kontoret