Personvern

Personopplysninger

 

Vartdal kyrkje: "Førsteklasses"

Kjære foreldre til 6-åring

Du får dette brevet sidan du har eit barn som startar på skule i haust. Barnet ditt er heilt førsteklasses og dette har vi lyst å feire i kyrkja. Vi tenkjer at skulestart er ei så viktig hending i barnet sitt liv at vi vil sende med det ei velsigning.

Vi vil invitere dåkke til ein festsøndag i kyrkja 26. august. Inviter gjerne fadrar og/eller besteforeldre med på gudstenesta.

2018: 
Søndag 26. august kl. 1100 Gudsteneste i Vartdal Kyrkje. Borna tek del i gudstenesta. Dei skal gå i prosesjon og bere på kvar sin skulesekk. Hugs å ta med skulesekkJ. Etterpå vert det kyrkjekaffi for alle.

Etter gudstenesta frå kl. 13.00 – kl. 14.30: Samling i kyrkja med opplegg der vi mellom anna skal verte kjende med kvarandre og med litt av innhaldet i aktivitetsboka «Alle gode ting». Borna skal få ei t-skjorte .

Vi ynskjer at borna tek med seg ein matpakke til lunsjpausa.

I gudstenesta vert borna inkludert som medliturg (hjelper). Vil du vere medliturg møter du opp kl.10.00 på søndag slik at vi kan øve før gudstenesta.

Oppgåver borna kan ha som medliturg i gudstenesta er: tenne lys under forbøna, samle inn og bere fram offer. Ta med seg blomar heimefrå for å pynte på alteret.

Er noko av dette aktuelt gjer vel og skriv det i påmeldingseposten.

Påmelding per e-post: caroline.sefu@orsta.kyrkja.no innan 23. august.

Hjarteleg velkomne både barn og vaksne!

Helsing

Vartdal kyrkjelyd v/ Ruth Eva prest og Caroline kateket.

Påmelding per e-post: caroline.sefu@orsta.kyrkja.no innan 23. august.


Eg faldar mine hender små
i takk og bøn til deg.
Lat alle barn i verda få det like godt som eg.

Vern alle med di sterke hand mot fattigdom og død. Og hjelp små born i alle land og gje dei dagleg brød.

Lat ikkje krig og svolt og sott få rive lukka ned. Lat alle leve trygt og godt, i fridom og i fred

 

Adresse
Vikegata 5, 
6150 ØRSTA

Tlf: 70048640 
E-posttil kontoret