Personvern

Personopplysninger

 

Førsteklasses

 

Hei!

Går du i første klasse? Likar du å lese, teikne, skrive og løyse oppgåver? Då har vi ei fin gåve til deg!
I kyrkja har vi ein stor stabel med heilt nye oppgåvebøker, som vi har lyst å gi til alle førsteklassingar i Ørsta.

Boka heiter ALLE GODE TING, oger ei spennande aktivitetsbok om kristen tru og tradisjon.

Dei fleste oppgåvene i boka inviterer til samarbeid mellom barn og storesøsken eller vaksne.
Dette er ei bok som både barn, foreldre og fadrar vil ha stor glede av.
Boka er på nynorsk.

I aktivitetsboka ALLE GODE TING fins det noko for alle.

Der er mange spennande bibelhistorier å gjer seg kjent med.
Songar og regler finn ein også i boka.
Du kan fargelegge, løyse kryssord og lese om venskap.
Likar du å lage fine bilete med klistremerker er det noko til deg og i boka.

Boka vert delt ut til alle som går i førsteklasse.
Mange av dykk har sikkert fått invitasjon i postkassa,
medan andre har ikkje det. 
Det kan vere at nokon nyleg har flytta hit,
dei er døypte andre stader, eller kanskje dei ikkje er døypte enda.
Alle er uansett hjarteleg velkomne til å vere med både på
samlinga laurdag og gudsteneste.
Uansett om du har fått invitasjon eller ei.

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 2020:

Har du ein førsteklasses førsteklassing i hus? Laurdag 14. og søndag 15. mars er alle førsteklassingane i Ørsta sokn inviterte til kyrkja! Vi ynskjer å feire førsteklassingane våre og håper mange vil kome å vere saman med oss.

Laurdag frå klokka 1400 vert det ulike aktivitetar i kyrkja og søndag vert det gudsteneste med dåp, nattverd og eige opplegg for borna. Etter gudstenesta vert det mogleg å kjøpe seg rimeleg taco og det vert informasjon om kyrkjelyden sitt misjonsprosjekt i Thailand.

På gudstenesta vil alle førsteklassingane få utdelt aktivitetsboka ALLE GODE TING. Det er ei bok med noko for ein kvar smak. Der er mange spennande bibelhistorier å gjere seg kjent med, songar og regler og diverse oppgåver. Du kan fargelegge, løyse kryssord, klistre klistremerke eller lese om venskap.

Mange kjem til å få, eller har fått invitasjon i postkassa, men om det skulle vere nokon som ikkje får eller har fått, er dei uansett hjarteleg velkommen både laurdag og søndag.  For å vite kor mange som kjem ynskjer vi påmelding til caroline.sefu@orsta.kyrkja.no innan søndag 8.mars.

Velkommen!

Helsing kateket Caroline Sefu og sokneprest Arne Moltubak

Førsteklasses i Ørsta kyrkje 2018

2018:

Laurdag vil me ha ei samling med forskjellige aktiviteter frå kl. 14. 
Familiegudstenesta på søndag startar kl. 11:00.

Men kom ein halv time tidlegare og registrer deg i kyrkjekjellaren, så vi veit kven som skal ha bok og kan rope opp namnet ditt.

 

→ Les mer

Eg faldar mine hender små
i takk og bøn til deg.
Lat alle barn i verda få det like godt som eg.

Vern alle med di sterke hand mot fattigdom og død. Og hjelp små born i alle land og gje dei dagleg brød.

Lat ikkje krig og svolt og sott få rive lukka ned. Lat alle leve trygt og godt, i fridom og i fred

 

Adresse
Vikegata 5, 
6150 ØRSTA

Tlf: 70048640 
E-posttil kontoret