Personvern

Personopplysninger

 

Kjære foreldre til 6-åring på Vartdalstranda

Kjære foreldre til 6-åring på Vartdalstranda
Du får denne invitasjonen sidan du har eit barn som startar på skule i haust. Barnet ditt er heilt førsteklasses og dette har vi lyst å feire i kyrkja. Vi tenkjer at skulestart er ei så viktig hending i barnet sitt liv at vi vil sende med det ei velsigning. 

Vi vil invitere dåkke til ein festsøndag i kyrkja 1. september. Inviter gjerne fadrar og/eller besteforeldre med på gudstenesta. 

Søndag 1. september kl. 1100 Gudsteneste i Vartdal Kyrkje. 
Vi møtes i kyrkja kl.10.30 Borna vert då registrert. Dei som vil kan få ta del i gudstenesta med enkle oppgåver. Vi øver litt i lag før gudstenesta starter. Saman går vi inn i prosesjon og barna får bere på kvar sin skulesekk. Hugs å ta med skulesekkJ. Etterpå vert det kyrkjekaffi for alle. 
Etter gudstenesta frå kl. 12.30 – kl. 14.00: Samling i kyrkja med opplegg der vi mellom anna skal verte kjende med kvarandre og med litt av innhaldet i aktivitetsboka «Alle gode ting». Vi ynskjer at borna tek med seg ein matpakke til lunsjpausen. 

Påmelding per e-post til caroline.sefu@orsta.kyrkja.no innan 28. august.

Hjarteleg velkomne til både born og vaksne!

Helsing Vartdal kyrkjelyd v/ Ruth Eva prest og Caroline kateket

                                     
  
Aadresse:
Vikegata 5,
6150 ØRSTA

Tlf: 70048640/70048650

Meir info.
under sida for
kyrkjekontoret

e-post til kontoret


Spr. Ruth Eva Sollie:
tlf:


Vartdal kyrkje:70042054

e-post til sekretær