Personvern

Personopplysninger

 

Andakt; Han vaskar føtene deira

Andakt; Han vaskar føtene deira
Han vaskar føtene deira 
Kan det å vaske noko eller nokon vere eit teikn på kjærleik? 

Hadde du sagt noko slikt til meg for nokon månader sidan hadde eg kanskje svart at det høyrdest ein smule banalt ut. Kvardagsglede over eit nyvaska hus eller eit varmt bad – ja, absolutt. Men kjærleik?

 

I koronaens tid synest ikkje spørsmålet særleg banalt ut eller vanskeleg å svare på.  Denne våren ligg det omsorg i kvar handvask. Handsprit og hyppig reinhald er blitt symbol på kjærleik. Kanskje ikkje fordi eg eller du er så redde for å bli sjuke. Men fordi nokon andre kan bli det. Livet til ein ukjend andre vi er med å bere i våre hender.

Kjærleiken har mange språk og utrykksformer. At det reine vatnet er éi av dei, er ikkje noko nytt.

Skjærtorsdag er ikkje berre dagen då Jesus og læresveinane åt det siste måltidet. Det som seinare har vorte kjent som den fyrste nattverden. Skjærtorsdag var også dagen då Jesus vaska føtene til læresveinane sine (Johannes 13,1-17).

Protestane frå Peter var høglytte: «Aldri i æva om du skal vaske mine føter!» Skulle Jesus ta på seg ei oppgåve som sjølv ein mannleg jødisk tenar ikkje trong å nedverdige seg sjølv til? Det var uhøyrt.

Men Jesus heldt fast på at dette var noko han måtte gjere. At det var ein kjærleikshandling og eit føredøme: «Som eg har gjort mot dykk, skal de òg gjera.»

Kva tyder denne kjærleiken? Kva er det Jesus ber oss om å gjere skjærtorsdag?

Det er eit stort spørsmål. Kanskje fordi det ikkje fyrst og fremst er eit spørsmål om ord, men ei oppmoding til å gjere noko for nokon?

Vi treng likevel ord og tyding for å gi meining til handlingane.

Mi skjærtorsdagshelsing i år er derfor ein tekst av Edvard Hoem som har betydd mykje for meg. Melodien av Henrik Sommerro er også vel verd å bli kjend med. For meg har denne salmen på ein særleg måte vist noko av den djupe kjærleiken i ein fotvask for lenga sida, og med det også noko av påska si løyndom.

Kyrkjene er stengde og vi kan ikkje samlast til påskefeiring, men syngje kan vi gjere der vi er!

God skjærtorsdagsfeiring! Ruth Eva Sollie, sokneprest Vartdal


No vaskar han føtene deira og

tørkar dei varsamt med kledet.
No vaskar han føtene deira
og minner dei om dette eine,
at han som er son av den høgste,
er komen til oss for å tene.
No vaskar han føtene reine.

Slik lyfter han slaven til fridom.
Han vaskar bort støvet frå vegen.
Den livslange, strevsame vegen
skal ende hos han, i Guds rike.
Og han som er son av den høgste,
han bøyer sitt hovud mot jorda,
og slik blir han menneskets like.

Slik sprenger han tilværets gåte.
Han bur seg til møte med døden.
Han tener fordi han er herre.
Han bøyer seg ned for å sone.
Han førebur Gudsrikets orden:
Dei siste skal vere dei første.
Den minste skal stå ved hans trone.

Norsk salmebok nr.163 T: E. Hoem. M: H.Sommerro.

 

Illustrasjon: Gry Løvoll