Personvern

Personopplysninger

 

Bildetekst:  Utsnitt frå altartavla i Ørsta kyrkje: Maria, Jesu mor, ståande ved krossen. Søndagsteksten skildrar Gud som ei mor med omsorg for sine born.

Ei uroleg mor 
Eg veit ikkje om eg nokon gong i oppveksten gjorde mor mi skikkeleg uroleg. Til det var eg (dessverre ?) litt for ordentleg av meg. Men eg hugsar veldig godt ei natt vi gjorde mora til ein god kamerat 
litt for uroleg.

Ei uroleg mor 

Matteus 23,37-39 

37 Jerusalem, Jerusalem, du som slår i hel profetane og steinar dei som er sende til deg! Kor ofte ville eg ikkje samla borna dine som ei høne samlar kyllingane under vengene sine. Men de ville ikkje. 38 Så høyr: Huset dykkar skal bli audt og forlate! 39 For eg seier dykk: De får aldri sjå meg att før de seier: 

          ‘ Velsigna er han som kjem i Herrens namn!’»   

 

Eg veit ikkje om eg nokon gong i oppveksten gjorde mor mi skikkeleg uroleg. Til det var eg (dessverre ?) litt for ordentleg av meg. Men eg hugsar veldig godt ei natt vi gjorde mora til ein god kamerat litt for uroleg. Vi var ute om kvelden som ungdomar flest og denne gongen vart det litt ekstra seint. Eg hugsar ikkje kvar vi var eller kva vi gjorde. Men mørkt vart det, og natt vart det. Då vi nærma oss huset til kameraten min tenkte vi nok at huset var stilt, dei andre sov og at vi kunne steike oss ein grandis i ro og fred. 

 

Men den gong ei, for det som venta oss var ei lettare hysterisk mor som hadde stått opp og bakt brød midt på natta fordi ho ikkje fekk sove. Hos visste ikkje kvar vi var. Ho visste ikkje om vi hadde det bra. Ho var uroleg og redd for oss, og uroa gjorde henne både sint og fortvila. For slik er det. Både i menneska og i dyra si verd kan ei uroleg mor bli både aggressiv og fortvila når ho mistenker at borna hennar er i fare. 

 

I søndagens tekst bruker Jesus nettopp biletet av ei hønemor som samlar kyllingane under vengane sine for å illustrere Guds omsorg og kjærleik for menneska: «Kor ofte ville eg ikkje samla borna dine som ei høne samlar kyllingane under vengene sine.» 

 

Slik ei mor er uroleg for borna sine og ber i seg eit sterkt verneinstinkt, slik er Gud uroleg for alle sine skapningar. Ho lengtar etter å samle oss under sine venger og gje oss ly. Verne oss og gje våre urolege sinn fred. Ho lengtar etter at vi skal følgje hennar gode veg og slik skape oss gode liv.  

 

Som mødrer flest trur eg også ho lengtar etter noko meir. Eg trur ho lengtar etter å s at borna hennar finn saman i fred. At vi maktar å legge fiendskapet som splittar oss bort. At vi, på tvers av alt som skil oss, finn saman i vårt felles opphav og vår felles arv. At vi maktar å sjå at bak hudfarge, legning, religiøs overtyding og kulturell bakgrunn er vi alle saman born av same mor. For kva er vel betre for ei mor, enn å sjå at borna hennar saman utfaldar seg, utforskar verda og gler seg over det livet dei har fått? 

 

Arne Moltubak , sokneprest i Ørsta sokn  


Familiegudstenestekomiteen planlegg og deltek i familiegudstenestene.
Har du lyst til å hjelpe til eller har idear, ta gjerne kontakt med:

-Lene Sætre, leiar
-Lisbeth Halse
-Bjørn Erik Sørheim
-Torill Vinjevoll
-Arne Moltubak
-Hilde Ørstavik Lundberg