Personvern

Personopplysninger

 

Familiegudsteneste

Omtrent ein gong i månaden er det familiegudsteneste i Ørsta kyrkje. Familiegudstenesta er spesielt tilrettelagt for born.




Når det er familegudsteneste ynskjer vi:

  • at mange store og små skal vere med
  • at alle skal bli glade når dei er i kyrkja
  • at alle skal hugse kva dei var med på
  • at vi skal få med oss nye til gudsteneste
  • at vi skal bli betre kjende med Jesus


Vi ynskjer også at barne- og ungdomsgrupper kan bli inkludert og delta i gudstenestene. Til dømes vere med å gå i prosesjon, dekke alterbordet, ta del i "barnesongavdelinga" og eventuelt opptre med eigne innslag.

Bildetekst:  Utsnitt frå altartavla i Ørsta kyrkje: Maria, Jesu mor, ståande ved krossen. Søndagsteksten skildrar Gud som ei mor med omsorg for sine born.

Ei uroleg mor 
Eg veit ikkje om eg nokon gong i oppveksten gjorde mor mi skikkeleg uroleg. Til det var eg (dessverre ?) litt for ordentleg av meg. Men eg hugsar veldig godt ei natt vi gjorde mora til ein god kamerat 
litt for uroleg.

→ Les mer


Familiegudstenestekomiteen planlegg og deltek i familiegudstenestene.
Har du lyst til å hjelpe til eller har idear, ta gjerne kontakt med:

-Lene Sætre, leiar
-Lisbeth Halse
-Bjørn Erik Sørheim
-Torill Vinjevoll
-Arne Moltubak
-Hilde Ørstavik Lundberg