Personvern

Personopplysninger

 

Søndagstankar: Bort frå folket...

Søndagstankar: Bort frå folket...

Bildetekst: Glasmaleri frå Ørsta kyrkje.

Bort frå folket...

«Sjå megHøyr meg! Bekreft meg!» Dette er ein av vår tids viktigaste bodskap. Det er om å gjere å vere synleg på flest mogleg både digitale og analoge flater. Vi samlar på tomlar, smilefjes og hjarte i ulike fargar. 

Bort frå folket... 

 

«Sjå megHøyr meg! Bekreft meg!» Dette er ein av vår tids viktigaste bodskap. Det er om å gjere å vere synleg på flest mogleg både  digitale og analoge flater. Vi samlar på tomlar, smilefjes og hjarte i ulike fargar. Om vi ikkje har ein viktig bodskap å få ut, så kan vi iallefall vise fram oss sjølve, turane, kakene eller middagstallerkane våre. Ja, kanskje vert vi innimellom også freista til å bruke medmenneska våre i vår eigen reklamekampanje. Vi viser fram born og barneborn, kjærast, vener, slektningar og andre. Der er som om Rene Descartes sine kjende ord «eg tenkjer, altså er eg»,  er blitt til «eg blir sett, altså er eg». Og dess meir vi blir sett, dess meir vil vi bli sett. 

 

Det som slår meg aller sterkast med evangelieteksten denne søndagen er den vesle setninga: «Jesus tok han med seg bort frå folket». Jesus såg ikkje den døve mannen med dei få og utydelege orda som eit høve til å demonstrere makta si og vise kva for Gud-gitte evner han hadde. Han hadde ikkje noko ynskje om å bruke mannen i sin eigen reklamekampanje. Jesus var faktisk ikkje opptatt av merksemd i det heile, snarare tvert om; han forbaud dei å seia til nokon det dei hadde settJesus var opptatt av mannens ve og vel, og det åleine 

 

Eg er heldig og kan både høyre og tale, men eg trur likevel Jesus har noko viktig å by meg.  

Eg trur Jesus ynskjer å ta meg til side, bort frå folk sine høglytte stemmer og til det vare, personlege møtet mellom han og meg. Der lagar han eit rom der vi kan vere åleine, han og eg. Han ser meg i augene og møter meg som den eg er. Med all min lengt, med alt eg har stengd inne og alt og alle eg stenger ute.  

 

Han tek imot meg og han SER meg, slik berre han kan, som meg 

Han rører meg varsamt og seier: «Effata – lukk deg opp!».  

 

Markus 7,31-37 

31 Sidan drog Jesus bort att frå Tyros-området. Han tok vegen om Sidon og drog mot Galileasjøen gjennom Dekapolis-landet. 32 Der førte dei til han ein mann som var døv og hadde vondt for å tala, og dei bad han leggja hendene på han. 33 Jesus tok han med seg bort frå folket. Han stakk fingrane sine i øyra hans, tok spytt og rørte ved tunga hans. 34 Så såg han opp mot himmelen, sukka og sa til han: «Effata!» – det tyder: «Lat deg opp!» 35 Med det same vart øyra hans opna, og bandet som batt tunga hans, vart løyst så han tala reint. 36 Jesus forbaud dei å seia det til nokon. Men di meir han forbaud det, di meir gjorde dei det kjent. 37 Folk undra seg storleg og sa: «Alt han har gjort, er godt. Han får døve til å høyra og stumme til å tala.» 

 

Arne Moltubak , sokneprest i Ørsta sokn