Personvern

Personopplysninger

 

Søndagstankar av diakon Betty Søvik

Søndagstankar av diakon Betty Søvik

Søndagstankar av diakon Betty Søvik 
Den gyldne regelen

Matteus 7, 7-12 Leit, så skal de finna. Bank på, så skal det latast opp for dykk. 8 For kvar den som bed, han får; og den som leitar, han finn, og den som bankar på, skal det latast opp for. 9 Eller kven av dykk gjev son sin ein stein når han bed om brød, 10 eller ein orm når han bed om fisk? 11 Når då de som er vonde, veit å gje borna dykkar gode gåver, kor mykje meir skal ikkje då Far dykkar i himmelen gje gode gåver til dei som bed han! 12 Alt de vil at andre skal gjera mot dykk, skal de òg gjera mot dei. For det er dette lova og profetane seier.

 

Som barn gjekk eg  søndagsskule og lærte at Gud svarapå alle bønner. Så eg bad kvar dag for å få detinga eg ynskte meg, men opplevde at eg ikkje fekk alt det eg bad om. 

Gud, med sin uendelege og perfekte visdom, veit kva vi treng og kva vi ikkje treng. Han kan ikkje gi oss alle ting vi ber om, fordi det vi ber om, er kanskje ikkje det vi treng denne dagen, eller ikkje i samsvar med hans perfekte plan for oss. (Eit eksempel på dette kan ein sjå i filmen «Bruce Almighty» som viser kor ille ting kan gå vis Gud gir oss alt vi ber om).

Det er lett å bli frustrert over Gud. Kanskje har du også følt det slik. Kanskje føler du det slik no. Det er lett å tenke at Gud ikkje bryr seg. Samtidig er vi menneska Guds viktigaste på hans agenda; han ynsker det beste for oss og det beste i oss.  Som kristne vil Gud at vi fortset å be, og ikkje gir opp. 

Ja, her kan eg snakka for meg sjølv. Når eg ber om ting som eg verkeleg vil at Gud skal hjelpe meg med, mottek eg ikkje svaret med ein gang, nokre gonger kjem svaret så naturleg at eg ikkje hugsar at eg har bedt om detSom voksen kan eg peike på mange forskjellige ting som eg har bedt Gud om, og som eg har fått svar påikkje alltid som eg hadde tenkt men svar har eg fåttDåeg bad om styrke for å komme gjennom evanskeleg periode i livet ga han meg sin kjærleik og nåde. Vår Gud passar på våre sanne behovNokre gongar kjenner vi ikkje igjen svaret på bønna vår. Uansett kva, Gud ser alltid etter vårt beste og svarar på bønnene våre forhold til hans perfekte plan - vi treng berre å stole på ham.

Gud kallar oss til å leve i samsvar med den verkelegheita som er lansert i siste del av 3 Mosebok 19, 18: «du skal elska nesten din som deg sjølv»I Denye Testamentet, Matteus 7, 7-12, ber Jesus oss om at:Alt de vil at andre skal gjera mot dykk, skal de òg gjera mot dei”.

Korleis vi behandlar andre avslører vår karakter og i sin tur vår evige skjebne med KristusGud forhandlar ikkje. Vi er oppfordra til å spørje, søke og banke på som ein måte å erkjenne vår totale avhengigheit av Gud; til å stole på han nok til å legge alle våre problem i hans kjærlege hender. Som Jesus bad, bør vi også be: "Far, ikkje min vilje, men din vilje skal skje."

Teksta i Matteus 7: 7-12 er ei kraftig formaning. I dag lurer eg spesielt på denne teksta i forhold til  det som skjer rundt oss i disse dagar. «Alt de vil at andre skal gjera mot dykk, skal de òg gjera mot dei», med andre ord «du skal elska nesten din som deg sjølv» (Mosebok 19, 18)Desse tekstane får meg til å tenke på Zulu-helsinga "Sawubona", som betyr "Eg ser deg"Zulu-folket helsar kvarandre med ei erklæring om anerkjenningDei anerkjenner verdien og verdigheita til kvar person dei møter. Dei andre svarar med å seie «Yebo, sawubona» som betyr «Eg ser at du ser meg». Desse helsingane er ikkje knytt til nokon religion, dei er berre ei tradisjonell helsing brukt av ei afrikansk folkestamme. Som dei nemnde bibeltekstene gir Zulu-helsingane oss lærdom om korleis vi bør behandlkvarandre – elska kvarandre, sjå kvarandre. Sjølv eit kjærleg smil og eit smil tilbake gir sterkt uttrykk om at vi bryr oss om kvarandre.

Kvart einaste menneske elskar seg sjølv med eit ynskje om å bli behandla med respekt. Kvar og ein liker å bli verdsett, eller å bli anerkjentog som så er det like viktig å sjå dei andre vi møter på vår veg

Vi set alle pris på fred og ro i nabolaget, i landet og i verda. Det er mange ting som skjer i verda i dag, både gode og vonde ting. Det er altfor mange hendingar til å nemne her, men alle som les denne artikkelen kan sikkert tenke på fleire saker i samfunnet vårt som uroar. Eg vil framheve eit eksempel til ettertanke: flyktningbarn som lever overfylte flyktningleirar i midt-Austen, Afrika, Asia og Europa - utan  tilgang på utdanning, medisinske fasilitetar, og i mange tilfelle også utan ordentleg mat. Kva ville du likt at andre ville gjere for deg vis du var i ein liknande situasjonen?

Eksempelet ovanfor er kanskje veldig langt borte, men kva med medmenneska i vårt nære nabolag? Kor mange av oss har helsa på kvarandre med ei «Sawubona»-liknande helsing. Kva med dei gamle og dei som bur åleine no i Korona-pandemiens år som vil sette stor pris på ei helsing eller oppringingVis vi ser kvarandre som medmenneske, trur eg at det vil vere lettare å gi kvarandre den omsorga og kjærleiken vi vil at andre kan gi oss. Alle kan vi praktisere: “Alt de vil at andre skal gjera mot dykk, skal de òg gjera mot dei”.


Av 
Diakon Betty Søvik

God helg





Kirkeleg ressursside:
http://www.kirkenorge.no/







Adresse:
Vikegata 5,
6150 ØRSTA

Tlf: 70048640
Faks:70048641

Ørsta kyrkje:700 66354

Meir kontaktinfo.
under sida for
kyrkjekontor

E-post til kontoret