Personvern

Personopplysninger

 

Ledig stilling: Organist

Ledig stilling: Organist

Vikariat: Organist/kyrkjelydsmusikar

Ørsta kyrkjelege fellesråd


Vikariat frå 1.september 2021 til 28 februar.2022, i 100% stilling.

Teneste i Ørsta fellesrådsområde med utgangspunkt i kontorfelleskap saman med resten av kyrkjestaben i Ørsta sentrum.

 

Arbeidsoppgåver
Kantor/ kyrkjelydsmusikar skal gjere teneste ved gudstenester og kyrkjelege handlingar, leggje til rette for frivillige i kyrkjemusikkarbeidet og samarbeid med musikklivet i bygdene. Kantor/ kyrkjelydsmusikar er med på stabsmøte og tek del i teamarbeid i kyrkjestaben. Kantor driv i dag to kor, Ørsta kyrkjekor og Hjørundfjord barnekor, og det er eit krav er at søkjar kan dirigere desse kora.
Ønska kvalifikasjonar:
  • Vi ynskjer ein person med godkjent kantorutdanning i hht tenesteordning for kantorar, eller med anna relevant utdanning/erfaring innan kyrkjemusikk.  
  • Vi ynskjer oss ein allsidig og kreativ kantor, med erfaring fra kor- og konsertverksamheit samt erfaring fra arbeid med born og unge.  
  • Søkjar må vere medlem av Den norske kyrkja og disponere eigen bil.
Personlege eigenskapar
  • Vi ynskjer ein allsidig kantor/kyrkjelydsmusikar, med erfaring frå korarbeid. Vedkomande må kunne arbeide godt sjølvstendig og i samarbeid med andre. 
  • Personlege eigenskapar vert vektlagde.  
  • Politiattest må kunne framleggast i henhald til kyrkjelova § 29.
Vi tilbyr

Me kan tilby eit godt arbeidsfelleskap saman med løna og uløna medarbeidarar, engasjerte sokneråd i aktive kyrkjelydar og godt samspel med andre lag og organisasjonar i kommunen.

Tilsettingsvilkår og løn etter gjeldande tariff og avtalar.   
Alt om stillinga:

https://3994483908.webcruiter.no/Main/Recruit/Public/4403842550?language=nn&showExpired=False

 Søknadsfrist:
30.06.2021 
 Arbeidsgivar:
Ørsta kyrkjelege fellesråd
 Stad:
Ørsta
 Stillingstittel:
Organist/kyrkjelydsmusikar
 Stillingar:
1
 Heiltid / Deltid:
Heiltid
 Tilsetjingsform:
Vikar
 Stillingsprosent:
100
 Webcruiter-ID:
 Startdato:
01.09.2021
 Sluttdato:
28.02.2022

 


.................................................

 

 

Adresse:
Vikegata 5,
6150 ØRSTA

Tlf: 70048640
Faks:70048641

Ørsta kyrkje:700 66354

Meir kontaktinfo.
under sida for
kyrkjekontor

E-post til kontoret