Personvern

Personopplysninger

 

4 årsbok og undretur

Kjære foreldre til 4-åring

Du var kanskje i kyrkja og fekk kyrkjebok då du var fire år? Utdeling av 4årsboka har vore ein tradisjon i Den norske kyrkja sidan tidleg på 1970-talet. Mange er glade for denne tradisjonen, og mange tusen 4-åringar får kvart år ei bok med forteljingar og songar som gjer borna betre kjende med Jesus, med trua og med kyrkja si.

 

No er turen komen til dykkar barn.

 

Slik ser 4-årsboka me deler ut i Ørsta ut på framsida. Forfattar er Sindre Skeie.

Inni boka finn de ei varm fortelling om å være fire år med glade illustrasjonar. Vi blir kjende med dei tre vennene Sigurd, Sara og Astrid. Vi fylgjer dei i kvardagar og høgtider, eit heilt år. Borna får også utdelt ei aktivitetshefte og klistremerka samt ein ballong for å feire pinse og at dei er 4år.

 

ØRSTA:

Alle fireåringar og foreldre/føresette er velkomne til:

4-årshelg i Ørsta kyrkje 28.-29. mai

Undretur

Laurdag 28.mai kl. 11.00. Undreturen startar med litt song, før borna blir viste rundt i kyrkja for å sjå på noko av alt det fine som finst der. Vi ser på døypefonten, altaret og prestekjolen med kyrkjeåret i fargar, leikekroken, orgelet, og vi får til og med lov til å klatre opp på preikestolen! Visste du at det fins eit våpenhus i kyrkja? Vi får også forklart kvifor det.


Familiegudsteneste

For å få plass til alle 4-åringane vert det to familiegudstenester med utdeling av 4-årsboka søndag 29. mai. Det vert høve til å gi ei pengegåve til søndagsskulane, og etter gudstenesta byr vi på kyrkjekaffi, saft og bollar.


Born med etternamn A-L kan kome på gudstenesta kl. 11.00, og

born med etternamn M-Å kan kome på gudstenesta kl. 13.00.


Søndagsskulane i soknet samlar mange born til song, aktivitet og bibelforteljing anna kvar veke, men det er alltid plass til fleire. 4 år er ein fin alder for å begynne på søndagsskulen. Dersom de skriv e-postadressa dykkar på ei liste i kyrkja, vil de få invitasjon frå den søndagsskulen som ligg nærmast der de bur, når dei startar oppatt til hausten.

Velkomen til kyrkja, både 4-åring og foreldre/faddrar/storfamilie. Har de ikkje høve til å kome, men likevel vil ha boka, er de velkomne til å ta kontakt for å gjere ei anna avtale.

Påmelding til undretur og bokutdeling på www.ikyrkja.no


Helsing frå kateket Caroline Sefu, kateket og Arne Moltubak, sokneprest.

Eg faldar mine hender små
i takk og bøn til deg.
Lat alle barn i verda få det like godt som eg.

Vern alle med di sterke hand mot fattigdom og død. Og hjelp små born i alle land og gje dei dagleg brød.

Lat ikkje krig og svolt og sott få rive lukka ned. Lat alle leve trygt og godt, i fridom og i fred

 

Adresse
Vikegata 5, 
6150 ØRSTA

Tlf: 70048640 
E-posttil kontoret