Personvern

Personopplysninger

 

Invitasjon til konfirmanttid

Invitasjon til konfirmanttid

Konfirmasjon handlar om ditt liv og dine spørsmål. Du får høve til å reflektere over livet. Konfirmasjon handlar også om å bli betre kjend med kristen tru.

Då du blei døypt, blei du Guds barn og Han lova å alltid vere med deg. Vi ønsker at du skal oppleve at det framleis gjeld og at du høyrer til i kyrkja.

Om du ikkje er døypt, er du likevel velkomen til å vere konfirmant. Då blir det avtala ein dag for dåp før konfirmasjonen.

Elektronisk påmelding på www.iKyrkja.no (Hugs å bruke ein nyare nettlesar). Sjå detaljert informasjon i konfirmantbrosjyren. Det er viktig at innmeldingsskjemaet vert utfylt snarast, slik at vi kan sende meir informasjon på e-post. Her skal du også velje leirgruppe m.m. Vi opplever at våre e-postar av og til hamnar i søppelpost- særleg hjå dei som har hotmail).

 

Innskriving: i kyrkja første og andre veka i juni

 Vi vil at alle som skal vere konfirmantar hos oss møter til innskriving i kyrkja si.

Vi lagar til eit opplegg som varer om lag ein halv time.Det blir informasjon og du lærar litt om kva det er å vere konfirmant. Og ikkje minst får vi som jobbar i kyrkja møte dykk!


For alle

Har du behov for eit spesielt tilrettelagt konfirmantopplegg? Ta kontakt eller skriv ein merknad i påmeldingsskjemaet.


Kostnad

Eit godt og variert konfirmantopplegg kostar pengar. Tilbodet vi gir, som inkluderer reise og opphald på leir, kostar kr 1700,- per konfirmant. Giro for innbetaling vert sendt ut på våren. Om nokon har problem med å betale, er det berre å ta kontakt, så kan vi saman finne ei bra løysing.

Vi gler oss til eit kjekt konfirmantår og gler oss til å sjå deg!


Med venleg helsing,staben på kyrkjekontoret i Ørsta ved:Caroline Sefu (kateket)Kristin Vatne (prosjektleiar, med hovudansvar for utsending av informasjon ogkontakt med konfirmantar og føresette)

Adresse
Vikegata 5, 
6150 ØRSTA

Tlf: 70048640 
E-post til kontoret