Personvern

Personopplysninger

 

Lys i november – ei konsertoppleving i ord og tonar

Lys i november – ei konsertoppleving i ord og tonar
Lys i november – ei konsertoppleving i ord og tonar
Søndag 25.november klokka 19.00 inviterer vi til konserten «Lys i november» i Vartdal kyrkje. For nokre år sidan fekk Vartdal kyrkje eit flott nytt kyrkjeorgel, sjølvaste dronninga mellom instrumenta. Mange la ned eit stort og imponerande arbeid for å få dette realisert. Og svært mange ga ei pengegåve til kyrkja og orgelet. For om lag eit år sidan kjøpte Vartdal sokneråd også inn eit flunkande nytt piano. Det er mykje positivt som skjer på Vartdal og no ynskjer vi å løfte fram Vartdal kyrkje, kulturen, musikken og dei nye instrumenta som er i kyrkja.

Gjennom konserten «Lys i november» – ei konsertoppleving i ord og tonar, vil vi gi ein hyllest til alle som har bidrege til å få nye instrument til kyrkja. Og vi ynskjer å takke bygdefolket for deira engasjement! Vi inviterer særskilt alle langs Vartdalsstranda og omegn, men konserten er sjølvsagt open for alle andre som vil vere med denne kvelden.

Marie Austrheim Riise vil traktere orgelet, og John Inge Leira Bjøringsøy spelar og improviserar på det nye pianoet. Vi får høyre mykje flott musikk denne kvelden, alt i frå kjære og kjende songar som «Autumn leaves», «Mitt hjerte alltid vanker», «Vår beste dag» av Erik Bye og den mektige og flotte «Orgelimprovisata over Deilig er jorden» av Arild Sandvold.

Vidare vert det diktopplesing av Anne Velle Rishaug, med dikt av mellom andre Hans Børli, Lars Saabye Christensen og Bente Bratlund for å nemne nokre av forfattarane. Det vert servert gløgg og peparkaker ved inngangen, så kom gjerne i god tid.

Vi ynskjer dykk varmt velkomne til haustkonserten «Lys i november» søndag 25.nov kl.19.00 i Vartdal kyrkje.

Arr.: Kyrkjemusikarane i Vartdal kyrkje.