Personvern

Personopplysninger

 

Ørsta: Siste brev før konfirmasjon

Ørsta: Siste brev før konfirmasjon
Kjære konfirmantar og foreldre/føresette!

Konfirmasjonsdagen er her snart

...og vi håpar alle ser fram til den med glede. Det er ein stor dag, og mykje som skal førebuast.

Oppmøtet til gudstenester har vore veldig bra, men likevel er det nokre som manglar ein del. For dei som veit at dei manglar gudstenester, er det framleis tid til å ta dei igjen. Hugs å levere brev/lapp med underskrift om de har vore på gudsteneste ein anna stad enn i Ørsta kyrkje, for å få det godkjent.

Offentleggjering av namn på konfirmantar

Vedlagt dette brevet er lista med namna til konfirmantane. Denne lista vert send til Møre-Nytt, Møre og Sunnmørsposten. Namna kjem i avisa ei tid før første konfirmasjonsdag. Vi bed dykk sjekke for dykkar konfirmant, om namnet og datoen for konfirmasjonsgudsteneste er korrekt. Dersom de har rettingar til lista, gjer vel å melde ifrå snarast.

Konfirmantkapper

Konfirmanten skal møte i kyrkjekjellaren for å finne ei høveleg kappe. Etter øving/fotografering skal kappene henge i kyrkja til konfirmasjonsdagen. På konfirmasjonsdagen skal kappene hengast tilbake på plass, klar til neste klasse.

Konfirmasjon laurdag 7. mai prøver kapper: tysdag 2. mai kl.17.00 A, 17.30 B

Konfirmasjon laurdag 13. og 14. mai prøver kapper: måndag 8.mai kl.17.00 C, 17.20 D og 17.40 E.

Øving og fotografering til konfirmasjon 7. mai

Klasse 9A møter onsdag 3. mai kl.17:00 i kyrkjerommet. Øving, kapper og fotografering.

Klasse 9B møter onsdag 3. mai kl.17:20 i kyrkjekjellaren. Kapper, fotografering og øving.

Øving og fotografering til konfirmasjon 13. mai

Klasse 9C møter tysdag 9. mai kl.17:00 i kyrkjerommet. Øving, kapper og fotografering.

 

Øving og fotografering til konfirmasjon 14.mai

Klasse 9D møter onsdag 10.mai kl.17.00 i kyrkjerommet. Øving, kapper og fotografering.

Klasse 9E møter onsdag 10.mai kl.17.20 i kyrkjekjellaren. Kapper, fotografering og øving.

Det er viktig at ALLE møter til både øving og fotografering!

Konfirmantar som har bytta dag tek bilde saman med skuleklassa, medan øvinga må skje saman med dei ein skal vere på konfirmasjonsgudsteneste i lag med. For nokre vert det dermed to dagar å møte.

Målet med øvinga er at alle skal vere trygge til gudstenesta. Det er svært viktig at alle møter presis og gjerne litt før slik at vi held  tidsskjemaet.

Vi ynskjer at foreldre/føresette skal vere i kyrkjekjellaren. Det betyr at det ikkje vert høve til å fotografere i kyrkjerommet eller sjå på øvinga. Det er fordi vi ynskjer at konfirmantane skal ha fokus på øvinga. (Unntak er ved spesielle behov). Det vert sett fram kaffi og kjeks i kyrkjestova i kyrkjekjellaren

Konfirmantkappene er V-utringa i halsen. Konfirmantane må difor ha finklede ovantil slik at det ser fint ut på bildet. Alle må i tillegg ha finsko og strømper. Fotografen bestemmer kvar folk skal stå under fotograferinga.

 

Konfirmasjonsdagen og gudstenesta

Konfirmantane møter 30 min. før gudstenesta startar, nede i garderoben. Vil familien vere sikra sitteplass, må de møte i god tid. Det vert ikkje reserverte plassar til andre enn konfirmantane, og kyrkja vert alltid full. Det hender vi også må bruke videooverføring til kjellarstova. I gudstenesta vert det teke opp offer til trusopplæringsarbeidet i kyrkjelyden vår. Vi takkar på førehand for gåva de vil gi.

Kvitveis

Alle konfirmantane skal ha med seg ein bukett kvitveis på konfirmasjonsdagen (15-20 stk). Denne skal nyttast i starten av gudstenesta. Bunt gjerne kvitveisen saman med ein strikk og sørg for at stilkane har nok vatn til å klare seg nokre timar.

Helsingar og smågåver

Den som vil kan levere helsingar til konfirmantane i kyrkjekjellaren før gudstenesta.

ALLE konfirmantane må difor ta turen innom kyrkjekjellaren før dei går heim. Det er helsingar til alle!

Fotografering og filming under gudstenesta

Alle som skal ta bilde eller film, må gjere det på ein slik måte at dei ikkje er til sjenanse for dei andre i kyrkja. Før gudstenesta går alle konfirmantane i prosesjon, ute rundt kyrkja, (med eit lite vêratterhald…) og kjem inn hovudporten. Då er det fint å ta bilde. Etter gudstenesta vert det også høve til å fotografere konfirmantane, både inne og ute, med og utan vener og familie, med og utan konfirmantkapper, med og utan prest og kateket/trusopplærar.

Konfirmasjonsdagen

Ein stor dag i familien!

Mykje førebuing og mange tankar. Er det verkeleg det vesle barnet vårt som er blitt så stort? Tida har gått så fort. Fadrane vil og kjenne på at det ikkje er så lenge sidan dei stod rundt døypefonten og var vitne til den heilage handlinga.

Konfirmanten sjølv er spent - vere i fokus heile dagen, nye klede, talar og songar. Glede og forventning, familie.

Konfirmasjonsdagen er dagen då Gud stadfester at dei lovnadene han gav i dåpen, framleis gjeld. Det er ein dag då vi ber for kvar einskild konfirmant. Vi ber Gud velsigne konfirmantane.

Det er det største vi kan gi dei.

Har de spørsmål er det berre å ta kontakt. Lukke til med alle førebuingane, og med den store dagen!

 

Beste helsing Arne Moltubak, sokneprest i Ørsta. Constanze Lindner, prestevikar Vartdal. Espen Aarseth, sokneprest Hjørundfjord og Caroline Sefu, kateket.

Adresse
Vikegata 5, 
6150 ØRSTA

Tlf: 70048640 
E-post til kontoret