Personvern

Personopplysninger

 

Til deg som går i 5.-, 6.- eller 7. -klasse, Vartdal

Til deg som går i 5.-, 6.- eller 7. -klasse, Vartdal

Veit du kva ei pinsebrising er? Har du lyst til å lære meir om kvifor vi feirar pinse? HAR DU LYST TIL Å OVERNATTE I VARTDAL KYRKJE?

Du kan lære meir om pinse og pinsetradisjonar, utforske kyrkjetårnet og i tillegg ha det kjekt i lag med venner! Vi slår saman dei tre årskulla i år sidan det er nokre år sida sist vi inviterte til dette arrangementet i Vartdal kyrkje. 3. juni- 4. juni 2023.

ALLE som går i 5. og 6. klasse er velkomne til å vere med på pinsevake i Vartdal kyrkje.

Pinsevake er Vartdal sokn sin eigen vri på Lys Vaken. Pinsevaka i år startar laurdag 3. juni kl. 18.00 i Vartdal kyrkje, og varer til etter gudstenesta søndag 4. juni.

Vi får lære litt om pinse og pinsetradisjonar, det blir songar og god mat, og vi skal førebu til gudstenesta. Etter ei stund skal vi ut, og ned i fjøra og lage pinsebrising. Det blir pølsegrilling, leik og song utover kvelden, før vi går inn og finn fram soveposane.

Søndagsmorgonen vert det frukost, tur i kyrkjetårnet og ei siste førebuing av gudstenesta. Så håper vi kyrkja blir full av foreldre, besteforeldre og bygdefolk til kl. 11.00 – så vi kan feire gudsteneste i lag. Mange 50- og 60årskonfirmantar tek også del i gudstenesta. Kanskje du kjenner nokre av dei?

Høyrest dette kjekt ut? – Meld deg på!

Til foreldra

For at Pinsevake skal verte ei kjekk oppleving for barna, treng vi foreldre som kan hjelpe til. Vi håper du kan vere éin av dei.

-Vi treng hjelp til å: Lage bål og servere pølser og saft ved bålet laurdag kveld: (2 stk.)-Bake skuffekake til bål kosen laurdag og kyrkjekaffi søndag: (3 stk.)-Nattevakter: (4 stk. som tek halve natta kvar ev. 2 stk. som er vakne heile natta ).-Lage frukost søndag og rydde opp etterpå: (2 stk.)

Utan nok nattevakter vert pinsevaka gjennomført utan overnatting.

 For alle

Pinsevake skal vere for alle som har lyst. Dersom ditt barn treng tilrettelegging av noko slag, bed vi om at du tek kontakt. Saman kan vi legge til rette for ei best mogleg oppleving for barnet.

PakkelisteDei som blir med, må ta med:· Sovepose, pute og liggeunderlag· Pysjamas· Toalettsaker· Den grønne Bibelboka du har fått før + blyant (Gi beskjed viss du ikkje har fått boka),· Utekle. Kle deg etter vêret.· Sitjeunderlag til bruk ved bålet· Innesko, tøflar el. Tjukkelestar

Vi gjer det slik at ingen tek med seg snop. Vi kjøper heller inn noko felles, som alle kan kose seg med i lag.

PÅMELDING til Pinsevake skjer slik – innan torsdag 1.juni: Gå inn på heimesida til kyrkjene i Ørsta: http://www.ikyrkja.no/web/ og finn påmeldingsskjema under ”Pinsevake i Vartdal kyrkje” i margen til venstre.

Vi treng desse opplysningane: Namn på barnet og klasse. Namn, telefonnummer og e-post adresse til foreldre. Kva foreldra kan hjelpe til med.

I feltet merknader kan de evt. skrive om dykkar barn treng tilrettelegging av noko slag (t.d. spesiell diett, m.m.).

I etterkant vil det verte lagt ut bilde frå helga på heimesida vår og kanskje på facebook sida vår. Dersom foreldra ikkje vil at bilete av deira barn skal verte lagt ut kan de skrive dette også i feltet marknader. Vi legge ikkje ut namn og er forsiktige med bildeval.

Håper vi skal sjåast!

Helsing Caroline Sefu, kateket og Constanze Lindner, vikarprest