Personvern

Personopplysninger

 

Søndagstankar ved sokneprest Arne Moltubak

Søndagstankar ved sokneprest Arne Moltubak

Lukta av nybakt brød...

Lukta av nybakt brød sender meg rett tilbake til barndommen. Tilbake til kjøkkenbordet heime ein haustkveld med såre fotballkne, nydusja hår, grovbrød med brunost og eit godt glas med Tine lettmjølk...

Mamma bakte ikkje med surdeig, men ferskgjær. Du veit, desse firkanta pakkane som du blandar ut i væska. Ho var nøye med temperaturen mamma, slik at hevinga skulle få best moglege kår og brøda skulle bli luftige og gode. Og det blei dei! Luftige, saftige og gode.

 

Jesus brukte bilete frå kvardagen. Bilete folk kjende igjen og forstod. Denne gangen brukte han altså eit frå kjøkkenbenken. Guds rike er likt ein surdeig som ei kvinne la inn i tre mål mjøl til alt var gjennomsyra. Underet som skjer både med surdeigen og gjærdeigen er det same som skjer med sennepsfrøet. Det veks og blir større. Det brer om seg, utvidar seg og fyller tomrommet. 

 

Slik er det også med Guds rike i denne verda. Slik bakstekona arbeider med mjølet og deigen for å skaffe brød til seg og sine, slik arbeider Gud trufast og tolmodig for å skape tru, håp og kjærleik midt i vår verd. Han nytter deg og meg, våre hender og våre evner. Midt i alt som øydelegg og bygger ned, finn Gud gode krefter, menneske av god vilje. Menneske som kan vere med å gjennomsyre verda med håp, med livgivande sevje, med lukta av nybakt brød som får oss til håpe på ein betre morgon, ei framtid under Guds venger.

 

Signa helg!

 

Sokneprest Arne Moltubak

 

18 Så sa han: «Kva er Guds rike likt? Kva skal eg samanlikna det med? 19 Det er likt eit sennepsfrø som ein mann tok og sådde i hagen sin. Det voks og vart til eit tre, og fuglane under himmelen bygde reir i greinene på det.» 20 Og igjen sa han: «Kva skal eg samanlikna Guds rike med? 21 Det er likt ein surdeig som ei kvinne la inn i tre mål mjøl til alt var gjennomsyra.» Lukas 13,18-21

 

 

Adresse
Vikegata 5, 
6150 ØRSTA

Tlf: 70048640 
E-post til kontoret