Personvern

Personopplysninger

 

Søndagstankar ved sokneprest Arne Moltubak

Søndagstankar ved sokneprest Arne Moltubak

Bønas mange ansikt

«Jeg kjenner min hud mot din hud. Jeg kjenner mitt kinn mot ditt. Så nære er Gud, som hud er mot hud, som varmen fra ditt kinn.»

Slik syng Frelsesarmeen på deira Baby og Småbarnssong. Så nær som mor eller far er sin eigen baby, hud mot hud, så nær er Gud oss.

Gud er ikkje ein bestefar-skapnad langt borte i ein annan galakse. Gud er nær oss med sin Heilage ande her og no, i sitt skaparverk.

Gud er i deg og meg. I kvitveisen som blømer og bjørka som grønast. I små gnistrande barneauge. I eit gamalt flakkande blikk som ikkje finn feste og ikkje heilt veit kor han eller ho er. Gud er hos dei to som ikkje finn ut av det med kvarandre og treng hjelp for å finne vegen vidare og hos dei to som akkurat no planlegg bryllaupsfest. Gud er her midt i mellom oss, i glede og i sorg.

Og han seier til oss: «Be, så skal de få. Leit, så skal de finne. Bank på så skal de latast opp for dykk.» Så er det dessverre altfor mange blant oss som har opplevd at dette ikkje er sant. Dei har bede, men ikkje fått. Dei har banka på, men ingen har opna. Dei har leita etter fellesskap, men ikkje funne sin plass.

Eg undrar: kan noko av grunnen er at andre har gløymt det siste som står i søndagens tekst: Alt de vil at andre skal gjera mot dykk, skal de òg gjera mot dei. 


For at nokon skal finne sin plass i fellesskapet, må det vere ein ledig plass. For at nokon skal komme inn, må nokon opne døra. For at nokon skal få, må nokon gi. 

Kanskje legg vi til tider for mykje i Guds hender. Kanskje må vi som fellesskapet ta litt meir av børa.

Den Gud som er i både kvitveisen og bjørkebladene og deg og meg, han kallar oss til teneste for kvarandre. Han kallar oss til å skape meir himmel på jord. Blir du med?

Alt de vil at andre skal gjera mot dykk, skal de òg gjera mot dei. For det er dette lova og profetane seier.


Signa helg!Sokneprest Arne Moltubak


7 Be, så skal de få. Leit, så skal de finna. Bank på, så skal det latast opp for dykk. 8 For kvar den som bed, han får; og den som leitar, han finn, og den som bankar på, skal det latast opp for. 9 Eller kven av dykk gjev son sin ein stein når han bed om brød, 10 eller ein orm når han bed om fisk? 11 Når då de som er vonde, veit å gje borna dykkar gode gåver, kor mykje meir skal ikkje då Far dykkar i himmelen gje gode gåver til dei som bed han! 12 Alt de vil at andre skal gjera mot dykk, skal de òg gjera mot dei. For det er dette lova og profetane seier. 
Matt 7,7-12

Adresse
Vikegata 5, 
6150 ØRSTA

Tlf: 70048640 
E-post til kontoret