Personvern

Personopplysninger

 

Konsert i Ørsta kyrkje "Høyr kyrkjeklokka lokkar"

Konsert i Ørsta kyrkje "Høyr kyrkjeklokka lokkar"
Laurdag 1.juni kl.19.00 2024, er det duka for storkonsert med Henning Sommerro, Ørsta kyrkjekor og Ragnhild Engeset. 
Henning Sommerro er ein kjend og kjær musikar, professor, komponist og songar. Sommerro har ei lang karriere og har musisert med ulike ensemble og som akkompagnatør: Erik Bye, Sigmund Groven, Nidarosdomens guttekor og Trondheimssolistane for å nemne nokre. I 2013 vart han utnemnd til kommandør av St. Olavs Orden. Han har skrive mange kjende salmar og viser som "Den fattige Gud", "Blå salme", "Vårsøg" og "E slåttatæja".
På konserten i Ørsta kyrkje har Henning Sommerro og dirigent Marie A. Riise satt saman eit flott program. Vi får sjølvsagt høyre Sommerro sine eigne komposisjonar og arrangement. Noko av repertoaret har lokal tilknytning fra Ørsta og Sunnmøre og vi får høyre fleire folketonar. Henning Sommerro vil også ha ei eiga soloavdeling der han byr på mykje forskjellig musikk. I tillegg til dette vil Henning leie oss gjennom konserten og akkopagnere Ørsta kyrkjekor. Det blir også allsong!
Vi har også fått med oss Ragnhild Engeset som vil vere med å spele fløyte til fleire av songane. 
Velkomen til ei flott konsertoppleving i Ørsta kyrkje laurdag 1.juni kl.19.00!
Billettsal i døra: 250,- 
Henning Sommerro - song, klaver, orgel.
Ørsta kyrkjekor - dir. Marie Austrheim Riise 
Ragnhild Engeset - song og fløyte. 
Konserten er støtta av Aktivitetsmidler for kor.

Adresse
Vikegata 5, 
6150 ØRSTA

Tlf: 70048640 
E-post til kontoret