Personvern

Personopplysninger

 

Søndagstankar ved sokneprest Arne Moltubak

Søndagstankar ved sokneprest Arne Moltubak

1000 år med kristenrett!

Denne helga er det stor nasjonalfeiring på Moster. Med konsertar, verdiseminar, foredrag og gudstenester vert det markert at det er 1000 år sidan Olav Haraldsson og Biskop Grimkjell innførte kristenretten i Noreg. 

Men kva var det eigentleg som skjedde i 1024? Og ikkje minst kva tyder det for oss i dag?

Mykje hadde vore annleis om ikkje biskop Grimkjell og Olav den heilage hadde vore så modige som dei var den gongen for tusen år sidan. Dei kom med noko heilt nytt. Dei utfordra ættesamfunnet med nye idear som rista i maktforholda og snudde mykje på hovudet.

Frå å vere eit maktsamfunn gjekk samfunnet gradvis til å bli eit rettssamfunn der det ikkje kom an på om du hadde makta på di side, men om du hadde rett. Denne retten sprang ut frå Guds vilje, ikkje kongens eller storbondens.

Slik vart slaveherren sin makt over slaven redusert, fedre og brør si makt over kvinner det same, den rikes rett over den fattige likeså. Hemnretten vart erstatta av Kongen sin plikt til å sikre Guds fred. Born skulle døypast og ikkje settast ut i skogen for å døy og alle skulle gravleggast på kyrkjegarden i staden for i haugar, fattige ved sidan av rike. 

Alt dette sprang det ut av den revolusjonerande ideen om at alle menneske er skapt i Guds bilete og difor ein del av same den same fellesskapen, med same grunnleggande Gudgitte verdi.
Eller som Paulus skriv:

For alle de som er døypte til Kristus, har kledd dykk i Kristus. Her er ikkje jøde eller grekar, her er ikkje slave eller fri, her er ikkje mann og kvinne. De er alle éin i Kristus Jesus. 

For oss er dette kanskje sjølvsagt, men det bør også utfordre oss. Det bør kalle oss til handling. Det bør minne oss på at vi er til for fleire enn oss sjølve og vår inste krins.

Eg skriv desse tankane på veg heim frå representantskapsmøtet til Kirkens Nødhjelp, ein organisasjon som i 2023 var med på å gi 920.000 menneske reint vatn og 441.000 menneske tilgang til sanitærtenester. Det gjer vi, på vegner av kyrkjer i Noreg, fordi alle desse einskildmenneska har dei same rettane som deg og meg, men dagleg blir fråtekne rettane sine på grunn av krig, natur eller klimakatastrofar. 

Kvar for oss og saman har vi alle eit ansvar for å bruke vår stemme og våre liv for at dei rettane som vi sjølve har fått og tar for gitt også skal gjelde alle andre. Biskop Grimkjell og Kong Olav førte kristenretten inn i landet. No er det vår tur til å vise at vi framleis er ein nasjon og eit folk som ber med oss dei same verdiane i ryggmargen. Vissa om at alle menneske, uansett kjønn, legning, språk, kulturell tilhøyrsle, hudfarge, religion eller nasjonalitet har den same Gudgitte verdien og difor dei same grunnleggande rettane må kalle oss til handling! 

Kva er ditt svar? Kva er ditt bidrag?

Sokneprest Arne Moltubak


23 Før trua kom, vart vi haldne i varetekt under lova; vi var innestengde heilt til den trua som skulle koma, vart openberra. 24 Slik var lova vaktaren vår til Kristus kom, for at vi skulle seiast rettferdige ved tru. 25 Men no når trua er komen, er vi ikkje lenger under vaktaren. 26 De er alle Guds born ved trua, i Kristus Jesus. 27 For alle de som er døypte til Kristus, har kledd dykk i Kristus. 28 Her er ikkje jøde eller grekar, her er ikkje slave eller fri, her er ikkje mann og kvinne. De er alle éin i Kristus Jesus. 29 Og høyrer de Kristus til, då er de Abrahams ætt og arvingar etter lovnaden. Galatarane 3,23-29

 

Adresse
Vikegata 5, 
6150 ØRSTA

Tlf: 70048640 
E-post til kontoret