Personvern

Personopplysninger

 

Ørsta kyrkjelege fellesråd



Ørsta Kyrkjelege Fellesråd

Ørsta kyrkjelege fellesråd har 6 medlemer og er sett saman av to representantar, frå kvart av dei tre sokneråda i Ørsta kommune: Hjørundfjord, Vartdal og Ørsta sokn.

Kvart sokneråd har og to vararepresentantar. Møre bispedøme har oppnemnt ein av prestane til medlem av rådet, saman med ein vararepresentant. Ørsta kommune har òg ein representant med ein varareprensentant. I Ørsta er det ordførar og varaordfører som representerer kommunen i fellesrådet.

Fellesrådet har sitt ansvarsområde ifølgje Kyrkjelova av 1996, § 14 som omhandlar kyrkjelege fellesråd sine oppgåver.
Fellesrådet har ein dagleg leiar og sekretær. Denne vert kalla kyrkjeverje og har kontorplass ved Ørsta kyrkjekontor.



FellesrådAvis

Helgemessekonsert

Helgemessekonsert 5. november klokka 18.00 i Ørsta kyrkje. 
Konsert til trøyst og ettertanke

Taizékveldsbøn i Ørsta kyrkje
Ørsta kyrkje:
05.10.2022 kl 20.00 er det Taizékveldsbøn i Ørsta kyrkje. 
Korsang, bøn, lystenning, stille stund og kvilepuls.
Liturg Steinar Rishaug, kantor Marie Austrheim Riise, Ørsta kyrkjekor og andre tek del.
Velkomen til ei stille stund i Ørsta kyrkje.

- Ørsta sokneråd
Årsmelding 2020

ÅRSMELDING FOR VARTDAL SOKNERÅD 2020. 

 

Medlemar Vartdal sokneråd  2020                            

Leiar:                   Jørn Vartdal                   

Nestleiar:             Jenny Ullgren     

Medlemar:           Kristine Tingvoll 

                             Frode Sætre 

                             Kari Ellen Vartdal 

                             Ragnhild Aasen 

Geistlig medlem:  Ruth Eva Sollie 

       

Varamedlemer:    Sveinung Saltre 

                             Astrid Elisabet Vartdal delaer 

      Jan Otto Roth 

      Rune Ryslett 

       

→ Les mer

Årsmelding Ørsta kyrkjekor

Årsmelding Ørsta Kyrkjekor 2020

Dirigent: Marie Austrheim Riise. 
MEDLEMER :

Sopranar: Janne Nordal Nupen, Torbjørg Lyngdal, Hildegunn Krøvel-Velle, Aud Standal Digernes, Marie Standal, Hallbjørg Bjørkedal, Torill Snipsøyr, Johanne Øvregaard, Norunn Masdal Vartdal (frå 30/09).

Altar
: Bente Afset, Jorunn Austrheim, Sylvia Ulstein, Åshild Schanche Eikum, Hilde Karin Johnsen, Janne Romestrand Eriksen. 


Tenorar: Svein Sætre, Harald Sætre, Ole Kristian Johnsen, Gunnar Snipsøyr, Steinar Rishaug (frå 26/08) ,Jørn Vartda l(frå 30/09).

Bassar: Åge Johnsen, Harald Johnsen, Jon Birger Åmås.

→ Les mer

Innleiing Kyrkjemøtet som samlast i Tønsberg 14. - 20. november skal mellom anna vedta reviderte valreglar til Kyrkjevalet 2011. Saksdokument til Kyrkjemøtet vert tilgjengeleg på www.kyrkja.no om kort tid. Revisjon av valreglar er basert på erfaringar og evaluering frå førre val. Sjølv om formelle fristar for oppstart av nominasjonsarbeidet er lagt til januar 2011, er det ingenting i vegen for at dei som ønskjer det kan starte arbeidet tidligare.

I dette e-brevet vil Kyrkjerådet informere om

- fristar knytt til nominasjonsfasen,

- dei viktigaste endringar i valreglane,

- samt ei førebels orientering om økonomi.

Kyrkjerådet tek sikte på å sende ut eit rundskriv i månadsskiftet november/desember etter Kyrkjemøtets vedtak. Deretter vert valhandboka med komplette reglar og regelvegleiing distribuert til alle sokn 1. februar 2011. Me vonar dette samla sett vil gje god og tilstrekkeleg informasjon i tide for alle de som skal førebu neste års kyrkjeval.

→ Les mer