Personvern

Personopplysninger

 

 Sorggrupper

Sorg er ikkje sjukdom. Sorg er ein naturleg reaksjon på tap.
Vi har mange slag sorger og tap. Det aller tyngste er å gå åleine med det som er tungt.

Vi veit at sorg treng tid. Det har kanskje gått nokre veker eller månader, og då forventar mange i omgivnadane at alt skal vere normalt og at sorga er forbi. Då er det mange sørgjande som opplever seg meir åleine enn nokon gong.

Heldigvis opplever vi at naboar, kollegaer og familie er til stor hjelp og støtte. Men av og til er det godt å ha ein annan stad å gå, så vi ikkje brukar opp våre næraste. Då kan ei sorggruppe vere til stor hjelp. Der deler vi det meste- alt frå daglegdagse trivielle erfaringar, til spørsmål og tankar som surrar i hovudet. Vi får både le og gråte ilag. Det er litt rart å seie det, men faktisk kan vi ha det ganske kjekt ilag i ei slik gruppe. Det er ikkje alltid der er sorggruppe i regi av kyrkjekontoret, men ofte er der opplysing om kvar ein finn sorgrupper i samfunnet.

Du kan då ta kontakt med kyrkjekontoret i Ørsta, som vidareformidlar informasjon om der er ei aktiv sorggruppe: 700 48640.

Helsing diakonane




SorggruppeAvis

Helgemessekonsert

Helgemessekonsert 5. november klokka 18.00 i Ørsta kyrkje. 
Konsert til trøyst og ettertanke

Nye sorggrupper
I over eit år har vi samlast i ei gruppe på 8. For å dele erfaringar . lytte til kvarandre , og vere til hjelp for kvarandre.
” Det beste med å vere med i ei slik gruppe er er å møte andre som har det som meg. Eg treng ikkje seie så mykje , eg merkar at vi er på same frekvens ” Slik fall orda sist veke då vi var samla.


→ Les mer

Matias Austrheim
tlf: 90674645
Gudrun Thokle
tlf:
97523712

Kyrkjekontoret
tlf: 70048640