Personvern

Personopplysninger

 

Informasjon gravferd

Dødsfall og gravferd

Ordningar og seremoniar knytt til død og gravferd har lange tradisjonar i folket vårt.

Det er godt at noko er kjent og trygt når vi møter død og sorg. Mange praktiske ting skal ordnast. I det gamle bondesamfunnet var det grannelaget som tok mykje av det praktiske ansvaret. I dag er det annleis.
Kyrkja og andre instansar vil kvar på sine måtar yte si støtte og hjelp når nokon møter død og sorg. Ved dødsfall kan ein ta kontakt med kyrkjeverja eller gravferdsbyrået (tlf. 700 66 662) for å avtale tid og stad for gravferda.
Gravstad
Hjå kyrkjeverja (tlf. 700 48 646) får ein hjelp med å bestemme gravstad. Kyrkjeverja i Ørsta kommune heiter Arnstein Myklebust og du treff han til dagleg på Ørsta kyrkjekontor.
Før ein vel gravstad bør ein undersøkje om familien alt har festa gravstad eller har ei grav som kan nyttast oppatt. Normalt kan ein nytte opp att graver som er eldre enn 20 år.
Alle som er busette i kommunen har rett til fri grav i 20 år på kyrkjegarden. Er det behov for ny grav, vil kyrkjeverja vise til kva plass som er aktuell. Skal ein reservere plass ved sida av den avdøde, må ein betale for dette.

Spørsmål om kremasjon kan avklarast med kyrkjeverja eller gravferdsbyrået.

Gravferd
Som pårørande kan ein sjølv ordne med dei praktiske tinga knytte til ei gravferd. Kyrkjekontoret der du bur vil kunne gje deg svar på spørsmål om dette.

Ein kan òg ta kontakt med gravferdsbyrået for å få hjelp der. Byrået gjev hjelp med alle slags praktiske ting rundt gravferda.

Gravferd i kyrkja
I 2004 tok ein i bruk ny gravferdsliturgi i kyrkjene i Ørsta og Hjørundfjord prestegjeld.
Det fleste av dei kjende ledda frå den gamle ordning er med.
Gravferda har ein minnedel og ein forkynnande del. Vi vil minnast den som er død, og vi høyrer Guds ord til tru og trøyst for oss i liv og død.

I minnedelen skal dei som har stått den døde nær få høve til å kome fram med si takk og seie farvel. Denne delen av gravferda skal hjelpe dei pårørande og sørgjande til å gje frå seg den døde. Ein frå familien kan seie minneord eller ein kan få presten eller ein annan til å bere det fram.

Når det gjeld pålegging av blomstrar/kransar kan det vere litt ulike lokale skikkar ved kvar kyrkje. Men det er viktig at dei som vil legge på alltid må gje beskjed før gravferda om kven som skal leggje på krans. Dette for at ein kan ha ei trygg og verdig gjennomføring av denne delen av gravferda.
PS! Gi denne beskjeden som ein skriftleg beskjed som følgjer blomstrane/kransen (snakk med blomsterhandelen) eller ta kontakt med klokkaren i løpet av den siste timen før graferda.

Salmar og tekster
Den nye gravferdsliturgien har opna for eit breiare utval av bibelske tekster der ein kan velje mellom fleire alternativ. Som pårørande kan de altså sjølve vere med og bestemme kva bibeltekster som skal lesast i gravferda. På denne måten kan ein ta meir vare på særpreget ved kvar gravferd og leggje til rette for meir kommunikasjon med dei sørgjande i planlegginga av gravferda. Tidleg kontakt mellom pårørande og presten er difor viktig.

Til vanleg vert det nytta tre salmar i gravferda. I tillegg syng ein to salmar på grava (eventuelt éin salme som ein deler i to). Det er òg høve til å ha song-/musikkinnslag i kyrkja. Dette kjem oftast heilt i starten av gravferda og/eller ved slutten av kransepålegginga og minnedelen.
PS! Salmar og songar/musikkinnslag skal godkjennast av presten/organisten som har ansvaret for gravferda.

Om ein vil kan ein trykkje opp salmar til gravferda, men ein kan også nytte salmebøkene som finst i kyrkja (Norsk Salmebok og/eller Salmer 97).

Syning/båreandakt
Frå gamalt av har det vore vanleg å samlast like etter dødsfallet og sjå den døde. Vi kjenner dette i vår tid under omgrepet Båreandakteller Syning.
Det er både godt og vondt og sjå den døde, men det kan vere ein viktig del av sorgprosessen for mange.
Ein kan ha ei slik samling som ei privat samling berre for den næaraste familien, eller ein kan gjere det kjent for famile, vener og andre ein trur vil vere med. Det kan skje heime, på sjukehuset, på sjukeheimen, i kyrkja, på gravferdsbyrået eller andre stader. Presten kan òg ta del om ein ynskjer det. Ein kan som pårørande sjølv ta hand om dette eller ein kan få hjelp frå gravferdsbyrået til å organisere det.

Minnesamvær
Minnesamværet har ein viktig funksjon som del av sorgprosessen. Slike minnesamvær vert gjennomførte på ulike måtar. Nokre har ei privat samling for familien og dei aller næraste, i heimen eller andre stader. Andre bed inn alle som har lyst til eit minnesamvær etter gravferda i eit eigna lokale. Mange gjev uttrykk for at det er godt å vere saman i sorga og dele minna.

Hjelp gjennom sorga
Tida etter eit dødsfall kan vere ei tung og vanskeleg tid. Sorg er ingen sjukdom, men ein reaksjon på eit tap ein har lide. Den beste hjelpa kan ofte vere familie, vener, grannar og kollegaer. Når det har gått ei tid kan ein likevel kjenne på eit sterkt behov for å snakke med nokon andre om det som har hendt, og bearbeide tapet ein har lide. Nokre stader er det sorggrupper i gang. I desse gruppene får ein vere saman med andre som er i same situasjon, og hjelpe kvarandre til å gå vidare i livet. Ta kontakt med prest eller diakon om du vil vite meir.

Gravminne
Prisar på gravminne (gravsteinar) varierar mykje etter storleik og utføring. Gamle gravminne kan sjølvsagt brukast oppatt, eventuelt etter ei behandling. Du har god tid etter gravferda til å ta avgjerd om dette. Du kan og kontakte kyrkjeverja for råd om gravminne. Det finst også ein del reglar som må følgjast. Desse finn ein i Kyrkjegardsvedtektene som seier noko om gravstein og festeavgift. Om dette vil du få eit skriv i posten etter gravferda. Du har heller ikkje plikt til å sette opp gravminne.

 

 


Kom til meg, alle de som slit og har tungt å bera;
eg vil gje dykk kvile!

Ta mitt åk på dykk og lær av meg, for eg er mild og mjuk i hjartet; så skal de finna kvile for dykkar sjel.
For mitt åk er godt, og mi bør er lett.»

Matt 11, 28-30




 

 



 


 
 

 

_______________________

Adresse:
Vikegata 5,
6150 ØRSTA

Tlf: 70048640
Faks:70048641

Ørsta kyrkje:700 66354

Meir kontaktinformasjon
under sida for
kyrkjekontor

E-post til kontoret
 
 _______________________
 
Ta gjerne kontakt på e-post:

Soknepresten i Ørsta
Soknepresten i Vartdal
Soknepresten i Hjørundfjord/Storfjord
Diakonen i Ørsta

_______________________
 

Gå inn på møtesida til slektforskarar; DIS-Norge,
så kan søkje etter gravlagde
på kyrkjegardane i Ørsta kommune
 _______________________
 
Lokalt gravferdsbyrå:

Hovden gravferdsbyrå AS
Tlf: 99 41 48 41

post@hovdengravferd.no