Personvern

Personopplysninger

 

Gravferd

Dødsfall og gravferd
Ordningar og seremoniar knytt til død og gravferd har lange tradisjonar i folket vårt.
Det er godt at noko er kjent og trygt når vi møter død og sorg. Mange praktiske ting skal ordnast.

Kyrkja og andre instansar vil kvar på sine måtar yte si støtte og hjelp når nokon møter død og sorg.


Ved dødsfall kan ein ta kontakt med:

Kyrkjekontoret Tlf: 700 48640/ 700 48646
Hovden gravferdsbyrå Tlf: 994 14841

for å avtale tid og stad for gravferda.


Gravstad
Hjå kyrkjeverja
får ein hjelp med å bestemme gravstad. Kyrkjeverja i Ørsta kommune heiter Arnstein Myklebust og du treff han til dagleg på Ørsta kyrkjekontor.

Før ein vel gravstad bør ein undersøkje om familien alt har festa gravstad eller har ei grav som kan nyttast oppatt. Normalt kan ein nytte opp att graver som er eldre enn 20 år.
Alle som er busette i kommunen har rett til fri grav i 20 år på kyrkjegarden. Er det behov for ny grav, vil kyrkjeverja vise til kva plass som er aktuell. Skal ein reservere plass ved sida av den avdøde, må ein betale for dette.

Spørsmål om kremasjon kan avklarast med kyrkjeverja eller gravferdsbyrået.

Sorgarbeid

Ta kontakt med prest eller diakon på kyrkjekontoret.

Gravferd
Som pårørande kan ein sjølv ordne med dei praktiske tinga knytte til ei gravferd. Kyrkjekontoret der du bur vil kunne gje deg svar på spørsmål om dette.
Ein kan òg ta kontakt med gravferdsbyrået for å få hjelp der. Byrået gjev hjelp med alle slags praktiske ting rundt gravferda og i enkelte tilfeller stell av graver mot betaling.

PS! Meir utfyllande informasjon får du ved å laste ned fila i menyen til venstre.


Kom til meg, alle de som slit og har tungt å bera;
eg vil gje dykk kvile!

Ta mitt åk på dykk og lær av meg, for eg er mild og mjuk i hjartet; så skal de finna kvile for dykkar sjel.
For mitt åk er godt, og mi bør er lett.»

Matt 11, 28-30


 

Adresse:

Vikegata 5,
6150 ØRSTA
Kyrkjekontor tlf: 70048640 

Ørsta kyrkje:700 66354

E-post til kontoret

_______________________
Ta gjerne kontakt på e-post:

Soknepresten i Ørsta
Soknepresten i Vartdal
Soknepresten i Hjørundfjord/Storfjord
Diakonen i Ørsta

_______________________
 

Gå inn på møtesida til slektforskarar; DIS-Norge,
så kan søkje etter gravlagde
på kyrkjegardane i Ørsta kommune
 _______________________
Lokalt gravferdsbyrå:

Hovden gravferdsbyrå AS
Tlf: 99 41 48 41
Voldavegen 21, 6150 Ørsta