Misjonsgudstenesta i Vartdal kyrkje Sist søndag var det gudsteneste med tema misjon i Vartdal kyrkje. Dagen før hadde difor 7. klassingar baka rundstykker og brød for salg på gudstenesta til inntekt for Vartdal kyrkjelyd sitt misjonsprosjekt. Mange møtte denne flotte og solrike søndagen i april. Som eit ledd i trusopplæringa i Vartdal sokn har ein brukt engasjere 7. årstrinn til misjonsopplegg. Vartdal sokn har valt eit misjonsprosjekt i Ecuador, som er inne å hjelper folk i slum og gettoar der.Dagen før var difor 7. klasse samla for å lage brød og rundstykker for å selje til inntekt for misjonsprosjektet, og også lære om misjon. Dei var med på gudstenesten både med "butikk" og med å lese bønner i gudstenesta. Under lesing av bøn, hadde ein ei bøn for kvar himmelretning slik at me alle i kyrkjelyden snudde oss til retninga ein las bøn for.I tillegg var det sang med det nydelege koret PopKorn som er både flinke og herlig sjarmerande! Under dyktig leiing av Venche Vartdal Leite! Sjå bilete frå gudstenesta: