Personvern

Personopplysninger

 

Misjonsgudstenesta i Vartdal kyrkje

Misjonsgudstenesta i Vartdal kyrkje
Sist søndag var det gudsteneste med tema misjon i Vartdal kyrkje. Dagen før hadde difor 7. klassingar baka rundstykker og brød for salg på gudstenesta til inntekt for Vartdal kyrkjelyd sitt misjonsprosjekt. Mange møtte denne flotte og solrike søndagen i april.

Som eit ledd i trusopplæringa i Vartdal sokn har ein brukt engasjere 7. årstrinn til misjonsopplegg. Vartdal sokn har valt eit misjonsprosjekt i Ecuador, som er inne å hjelper folk i slum og gettoar der.

Dagen før var difor 7. klasse samla for å lage brød og rundstykker for å selje til inntekt for misjonsprosjektet, og også lære om misjon. Dei var med på gudstenesten både med "butikk" og med å lese bønner i gudstenesta. Under lesing av bøn, hadde ein ei bøn for kvar himmelretning slik at me alle i kyrkjelyden snudde oss til retninga ein las bøn for.

I tillegg var det sang med det nydelege koret PopKorn som er både flinke og herlig sjarmerande! Under dyktig leiing av Venche Vartdal Leite!

 

Sjå bilete frå gudstenesta: