SIST KJENDE DIAKONIPLAN:
DIAKONIPLAN
MED
AKTIVITETSPLANAR
Ørsta kyrkjelyd
2017
Guds kjærleik til alle menneske og alt det skapte,
verkeleggjort gjennom liv og teneste.
(Visjon for den diakonale tenesta i Den norske kyrkja, 2008)
Føreord
Diakoniplan for Ørsta kyrkjelyd (2017) med aktivitetsplanar (2017)
I dåpen får vi del i Kristus og blir ein del av den verdsvide kyrkja. Diakoni er ein del av det å vere eit truande menneske. Alle døypte er kalla til å syne omsorg for medmenneska sine – å vere eit ”våpen for det som er rett” (Rom 6,13). Slik Kristus gav seg sjølv for oss, kan vi gi livet vårt til andre (1. Joh 3,16) og vere prega av miskunn (Luk 6,36).
Denne lokale diakoniplanen byggjer på Plan for diakoni i Den norske kyrkja (2008), der diakoni er definert slik:
”Diakoni er kyrkja si omsorgsteneste. Den er evangeliet i handling og blir uttrykt gjennom nestekjærleik, inkluderande fellesskap, vern om skaparverket og kampen for rettferd.”
(Plan for diakoni i Den norske kyrkja, 2008)
Visjonen til Den norske kyrkja er å vere ei vedkjennande, misjonerande, tenande og open folkekyrkje. Plan for diakoni (2008) handlar særleg om den tenande folkekyrkja. Diakonien kjem til uttrykk på ulike måtar: Gjennom enkeltmenneske, ved den organiserte diakonien i kyrkjelydane og gjennom institusjonar og organisasjonar, nasjonalt og globalt.
Alle i kyrkjelyden blir utfordra til eit kvardagsliv i teneste, men soknerådet har eit særleg ansvar for det lokale diakoniarbeidet i soknet (kyrkjelova, 1996, § 9). Noko av dette ansvaret kan soknerådet delegere til andre organ eller komitear. Diakonar er tilsette som leiarar av det diakonale arbeidet i soknet.
Den lokale diakoniplanen er bygd opp kring definisjonen av diakoni i ruta ovanfor, og er såleis delt i tre arbeidsområde: 1. Nestekjærleik.
2. Inkluderande fellesskap.
3. Vern om skaparverket og kampen for rettferd.
Kvart arbeidsområde er sett opp med ein generell del og eitt eller fleire delmål, og kan evaluerast av soknerådet kvart fjerde år.
I tillegg til diakoniplanen kjem også ein aktivitetsplan innanfor kvart av dei tre arbeidsområda. Desse planane inneheld eit satsingsfelt og dessutan eit punktvis oversyn over kva tiltak ein har eller ønskjer å ha i kyrkjelyden. Soknerådet kan ta aktivitetsplanen opp til godkjenning kvart år, ved den årlege gjennomgangen av diakonien i soknet.
Lat diakoniplanen verke til bevisstgjering og målretta arbeid, slik at diakonien kan få vere med i alt arbeid i kyrkja, som ei grunnleggjande haldning og ein måte å leve på, som formar kyrkjelyden, i bøn og i arbeid.
Ørsta, 30. november 2016
Knut Stave, diakon
DIAKONIPLAN FOR ØRSTA KYRKJELYD (2017)
med aktivitetsplanar (2017)
Hovudmål:
1. NESTEKJÆRLEIK
Nestekjærleiken omfattar alle sider ved mennesket. Det er periodar i livet der ein har evne og høve til å gi, andre gonger treng ein å få. Diakonien har eit spesielt ansvar der få eller ingen bryr seg. Det grunnleggjande er gjensidig teneste og vørdnad for kvarandre. Evna til å gjere det gode er lagd ned i alle menneske (Rom 2,14).
Hos den som trur på Kristus, er trua verksam i kjærleik (Gal 5,6). Som Kristus elskar oss, skal vi elske kvarandre og syne omsorg for kvarandre som medmenneske. Å gjere trua verksam i handling inneber å spørje om att og om att: ”Kven er nesten min?” (Luk 10,29–37). Det er òg å stille seg til disposisjon både som fellesskap og enkeltperson, og spørje: ”Kva vil du eg skal gjere for deg?” (Luk 18,41) og å oppsøkje marginaliserte, sjuke, svoltne, tørste og isolerte (Matt 25,35 ff).
Delmål:
- Syne omsorg i form av arrangement, besøk, samtale, forbøn, samarbeid og beredskap.
- Lytte, samtale og hjelpe menneske inn i kyrkjelydslivet, til eit trygt og tillitsfullt forhold til Gud.
--- Aktivitetsplan for dette arbeidsområdet (2017) ---
Satsingsfelt: - Kyrkjekaffi for etterlatne, helgemessesøndag (punkt d)
a) Tiltak Sorgarbeid og sorg- eller samtalegrupper / kurs.
Målsetjing Følgje opp menneske i sorg, særleg dei som har mista ektefelle: brev, telefonar og samtalegrupper/kurs.
Framdrift Ved behov.
Ressursar Prestane, diakon og tidlegare gruppedeltakarar. Samarbeid med andre sokn.
Ansvarleg Prestar, diakon
b) Tiltak ’Musikk til ettertanke’ /. open kyrkje i dagane før helgemesse
Målsetjing Gi høve til å søkje kyrkja for bøn og ettertanke, i tida før helgemesse.
Framdrift Fredag (eller laurdag) før helgemesse
Ressursar Sokneråd, frivillige, organist.
Ansvarleg Diakon, organist
c) Tiltak Gudsteneste for etterlatne, helgemessesøndag
Målsetjing Nemne dei som har døydd sidan førre helgemesse. Bønn for dei etterlatne.
Framdrift Kvar helgemessesøndag. Skriftleg invitasjon vert sendt til dei pårørande, éin til kvar familie.
Ressursar Diakon
d) Tiltak Kyrkjekaffi for etterlatne, helgemessesøndag
Målsetjing Invitere til ei samkome som særleg tek vare på dei etterlatne
Framdrift Kvar helgemessesøndag. Skriftleg invitasjon vert sendt saman med invitasjon til gudsteneste (sjå 1c)
Ressursar Frivillige, diakon, organisasjonar/foreiningar (matservering)
Ansvarleg Sokneråd (praktisk) og diakon/prest (program)
e) Tiltak Medeigar i Kirkens SOS
Målsetjing Gi økonomisk støtte haust og vår. Informere om Kirkens SOS. Som medeigar i Kirkens SOS, er dette del av kyrkjelyden sitt arbeid. Rekruttere frivillige medarbeidarar.
Framdrift Informere i samband med ofring til Kirkens SOS og ved andre samlingar i kyrkjelyden. Kyrkjespalta.
Ressursar Utsending til representantskapet/årsmøtet til Kirkens SOS. (Samarbeid med andre sokn i Ørsta.)
Ansvarleg Sokneråd
2. INKLUDERANDE FELLESSKAP
Det er ei sentral side av det kristne menneskesynet at vi er skapte i Guds bilete til å vere medmenneske. Grunnleggjande i kristen tru er at mennesket er skapt til fellesskap. Bibelen omtaler dette fellesskapet som ein kropp med mange ulike lemmer og funksjonar (1. Kor 12). Den Heilage Ande gir tru og rettleiing til eit liv i fellesskap og teneste. Anden gir styrke i motgang, uthald i tenesta og håp for morgondagen.
Diakonien er ei teneste for medmennesket og skaparverket, og ei teneste for Gud. Denne heilskapstenkinga har konsekvensar for gudstenestelivet og for opplæring i kristen tru. Alle blir vi utfordra til eit kvardagsliv i teneste.
- Lage gode møteplassar som inkluderer, og oppmuntre til kontakt og fellesskap.
- Inspirere til teneste.
- Leggje til rette for fordjuping i relasjonen til Jesus.
2.1 Barne- og ungdomsarbeid:
a) Tiltak Søndagsskule
Målsetjing Støtte opp om søndagsskulearbeid med opplæring og inkluderande kristent fellesskap for born og unge.
Framdrift Søndagsskular: Mosmarka s.skule.
Ressursar Frivillige i kyrkjelyden, Søndagsskuleforbundet
Ansvarleg Frivillige i kyrkjelyden, Søndagsskuleforbundet
b) Tiltak Babysong
Målsetjing Samle vaksne og babyar til song og fellesskap
Framdrift Kanskje oppstart hausten 2017
Ressursar Frivillige
Ansvarleg Tilsette
c) Tiltak Måndagsklubben med barnekor og 10+ og Soul Children
Målsetjing Støtte opp om eit ope og aktivt miljø for born og ungdom, med ulike aktivitetar, andakt/song og kveldsmat. Klubbaktivitet og andakt for born og ungdom over 10 år etterpå.
Framdrift Annankvar måndag på Ørsta bedehus. Soul Children øver i frikyrkja.
Ressursar Frivillige, diakon
Ansvarleg Ørsta indremisjon, Ørsta sokneråd, leiarane
d) Tiltak Anna barne- og ungdomsarbeid i kyrkjelyden
Målsetjing Støtte opp om arbeid som gir opplæring og inkluderande kristent fellesskap for born og unge
Framdrift Ørsta-/Volda TenSing, Ørsta KFUK-KFUM-speidarar, Pit Stop, Dalane Yngres og Dalane kr. ungdomsklubb på Follstaddal bedehus, KRIK-Ørsta. (Sjå ev. også trusopplæringsplanen 0-18 år for Ørsta kyrkjelyd.)
Ressursar Organisasjonar, frivillige
Ansvarleg Diakon, prest
2.2 Ved samlingar i kyrkja:
a) Tiltak Bøn og forbøn. Forbønskort for konfirmantar. Lysgloben/bønebord.
Målsetjing Oppfordre om å melde behov for forbøn. Dette kan takast med under forbøna i gudstenester eller på andre måtar. Bruke eller oppfordre til bruk av lysgloben. Dele ut forbønskort for konfirmantar.
Framdrift Kasse til å leggje bøneemne i. Forbønskort for konfirmantar til utdeling kvart år.
Ressursar Prestar, bønegruppe, sokneråd
Ansvarleg Prestar, kateket, kyrkjetenar
b) Tiltak Samlingar i fellesskap for heile kyrkjelyden
Målsetjing Invitere til gudstenester eller andre samlingar som inkluderer og styrkjer fellesskapet i kyrkjelyden
Somme gudstenester har ein spesiell profil, t.d. Ung Messe, friluftsgudsteneste, Taize-gudsteneste.
Andre samlingar kan vere: Fellesskapkveldar, familiedagar og kveldsbøn eller liknande
Framdrift Sjå gudstenestelista og www.iKyrkja.no m.m.
Ressursar Stab, sokneråd, frivillige
Ansvarleg Prestar, sokneråd
c) Tiltak Hjelpetiltak under gudstenesta
Målsetjing Leggje til rette/hjelpe rullestolbrukarar, tunghøyrde etc.
Framdrift Soknerådet ser på praktiske tiltak, ev. i forhandlingar med kommune og fellesråd
Ressursar Fellesråd, Ørsta kommune
Ansvarleg Sokneråd, fellesråd
d) Tiltak Kyrkjeskyss og kyrkjefølgje
Målsetjing Gi tilbod om kyrkjeskyss eller -følgje til dei som ikkje eignar å kome til kyrkje eller vere åleine i kyrkja.
Framdrift Avtalte søndagar, ev. ringjeliste med namn på aktuelle sjåførar.
Ressursar Frivillige kyrkjefølgjer eller sjåførar
Ansvarleg Diakon
e) Tiltak Ordning med frivillige klokkarar og kyrkjevertar
Målsetjing Klokkar har praktiske og/eller liturgiske oppg. Kyrkjevert ønsker velkomen/gir hjelp og støtte til dei som kjem til kyrkje, ev. i samarbeid med konfirmantar.
Framdrift På dei fleste gudstenester
Ressursar Frivillige, bibelgrupper eller foreiningar, konfirmantar, sokneråd
f) Tiltak Kyrkjekaffi, kyrkjemiddag m.m.
Målsetjing Inkludere nye og styrke fellesskapet i kyrkjelyden.
Framdrift Kyrkjekaffi etter dei fleste vanlege gudstenester, kyrkjekafé av og til. Kyrkjemiddag (sept).
Ressursar Frivillige, kor, lag og organisasjonar, familiegudstenestekomiteen
Ansvarleg Kyrkjekaffikomiteen, diakon, prestar, kateket
g) Tiltak Diakoniens dag
Målsetjing Setje fokus på diakoni og fellesskap. Offer til diakoniarbeid/-prosjekt.
Framdrift Diakoniens dag er i utgangspunktet 14. søndag etter pinse, men kan leggjast til andre søndagar.
h) Tiltak Frivillige medarbeidarar / frivillig-bank
Målsetjing Inkludere fleire til det frivillige arbeidet i kyrkjelyden, frivillig-bank med oversikt over kva oppgåver ulike personar i kyrkjelyden er villige til å ta på seg.
Framdrift Kontinuerleg eller ved behov.
Ressursar Frivillige.
Ansvarleg Stab, sokneråd.
i) Tiltak Internasjonale gudstenester + ev. simultan-omsetting
Målsetjing Invitere til gudstenester iinternasjonale gudstenester, særleg tilrettelagde for innvandrarar og utlendingar.
Framdrift ?
Ressursar Frivillige. Samarbeid med Volda.
Ansvarleg Sokneråd.
2.3 Andre samanhengar:
a) Tiltak Ei kyrkje for alle
Målsetjing Ha kontakt med psykisk utviklingshemma ved dag-/opplæringssenter, Bakk-Olamarka, bueiningar o.a.
Framdrift Besøk (ev. deltaking i gudstenester eller andre arrangement)
b) Tiltak Internasjonalt kvinnetreff
Målsetjing Inkludere innvandrarkvinner og norske kvinner i eit sosialt fellesskap, praktisere norsk, byggje nettverk.
Leksehjelp til dei som treng deg.
Framdrift Kvar veke.
Ressursar Frivillige i kyrkjelyden, Flyktningkontoret, Ørsta Røde Kors, innvandrarkvinner og norske kvinner
c) Tiltak Andakt og besøk på Ørstaheimen og aktivitetssenteret på Bakk-Olamarka
Målsetjing Halde kontakta med Ørstaheimen og aktivitetssenteret, og samle til andakt. (Nattverdsgudsteneste 1-2 gonger i halvåret på Ørstaheimen.)
Framdrift Éin gong i veka, onsdagar, på Ørstaheimen. Kring éin gong i månaden på Aktivitetssenteret.
Ressursar Prestar, diakon, frivillige, skuleklassar
d) Tiltak Føremiddagstreff
Målsetjing Samle 60+ og andre som har høve til hyggjeleg samvær og fellesskap, på føremiddagstid m/program og mat. Samarbeid mellom kyrkja, frikyrkja og Ørsta indremisjon
Framdrift 3 – 4 gonger i semesteret + éin busstur i året. Gjerne samarbeid med Ørstaheimen og Bakk-Olamarka.
e) Tiltak Halde oversikt og oppmuntre til mindre einingar, fellesskap, foreiningar og andre grupper
Målsetjing Støtte opp om bibelgrupper, husfellesskap, foreiningar eller liknande, der deltakarane kan gi kvarandre støtte og kveik til tru og liv i kvardagen, og gjerne inkludere nye med i arbeidet.
Framdrift Kontinuerleg.
Ressursar Frivillige, organisasjonar, foreiningar
Ansvarleg Prestar, diakon, kateket, sokneråd
f) Tiltak International Bible Study in English
Målsetjing Studere bibelen og korleis vi kan oppleve Guds ord i våre liv, og gi det vidare til neste generasjon.
Framdrift 1 - 2 gonger i mnd. for alle, med både nordmenn og innvandrarar.
Ressursar Både for kvinner og menn. Alle er velkomne og ein treng ikkje ha engelsk som morsmål.
Ansvarleg Diakon.
3. VERN OM SKAPARVERKET OG KAMPEN FOR RETTFERD
Vi menneske er avhengige av kvarandre og alt anna som lever. Samtidig er heile skaparverket i dag avhengig av at menneska tek forvaltaransvaret sitt på alvor, både globalt og lokalt. Med utgangspunkt i trua på Gud har vi ansvar for verda (1 Mos 1,26ff). I dag ser det ut til at skaparverket, mange dyre- og planteartar, ja, heile økosystem, kan vere trua på ulike måtar, gjennom menneskeleg aktivitet og ressursbruk. Oppfatninga av mennesket som herre og herskar over naturen må korrigerast. Med mål om glede og takksemd over å få vere ein del av det økologiske fellesskapet i skaparverket, kan dette føre til tydeleg tale i samfunnet og til konkret handling i eigne liv.
Kulturelt og etnisk mangfald gir kyrkjelyden eit rikare liv. Menneske som lid vedkjem oss anten dei er nær eller held til i andre land (Matt 25, 35-40). Mennesket lever i og er avhengig av strukturane i samfunnet. Verdsfemnande system er med og styre liva våre. Derfor er det nødvendig å klargjere årsakene til menneskeleg naud og liding, arbeide for å endre det som gjer at ein ikkje får slutt på naudsituasjonen, og skape nytt livsgrunnlag. Å vise solidaritet er å ta opp kampen og arbeide for rettferd og fred.
- Syne solidaritet med andre menneske og bevisstgjere kyrkjelyden på internasjonal diakoni.
- Vere med i Den norske kyrkja si satsing på grønare kyrkjelydar.
- Fremje etisk forbruk og ein meir rettferdig handel.
Satsingsfelt: - Grøn kyrkjelyd (punkt c)
a) Tiltak Kyrkjelydens misjonsprosjekt: Immanuelkyrkja sin dagheim i Thailand
Målsetjing Støtte NMS sitt misjons- og hjelpearbeid i Thailand: minst to offer i året og ei årleg misjonsmesse.
Framdrift Misjonsmesse i førjulstida, minst to offer, skrive i lokalavisa
Ressursar Heile kyrkjelyden, NMS-misjonsforeiningar, NMS, Misjonskonsulenten i bispedømet.
Ansvarleg Sokneråd og tilsette
b) Tiltak Internasjonal diakoni: Fasteaksjonen til Kirkens Nødhjelp
Målsetjing Samle inn pengar og engasjere konfirmantar, foreldre og frivillige til innsats for menneske i naud
Framdrift Årleg aksjon i fastetida
Ressursar Konfirmantar, stab, frivillige og ulike aksjonskomitear, frikyrkjer. Kirkens Nødhjelp.
Ansvar Sokneråd, kateket, diakon
c) Tiltak Gå inn for å vekeleggjere i ideala som såkalla «Grøn kyrkjelyd» i samarbeid med andre sokn i Ørsta.
Målsetjing Bevisstgjering i kyrkjelyden. Vern og omsorg for skaparverket: Handle grønt og setje søkjelys på miljø, forbruk, rettferd og vårt forvaltaransvar, gjennom tiltak i kyrkjelyden, i aviser og elles i samfunnet.
Framdrift Kontinuerleg. Arbeide fram mot Grøn kyrkjelyd (sokneråd) og Miljøfyrtårnsertifisering (fellesråd).
Ressursar Lokalt, diakonirådgivar, Ressursgr. for skaparverk og berekraft i Møre bispedømme, KA og Kirkerådet.
Ansvarleg Sokneråd (Grøn kyrkjelyd), Ørsta k. fellesråd (Miljøfyrtårn), diakon
d) Tiltak Støtte opp om Ørsta som fairtrade-kommune
Målsetjing Fremje rettferdig handel og kjøpe rettferdig kaffi. Informere sokneråd og kyrkjelyd om rettferdig handel.
Setje søkjelys på rettferdig handel i lokalaviser. Markering på diakoniens søndag.
Framdrift Kontinuerleg. Lokalt samarbeid med og ev. medlemskap i Styringsgruppa for fairtrade Ørsta-Volda.
Ressursar Styringsgruppa for fairtrade, Ørsta-Volda. Kirkens Nødhjelp. Diakonirådgivar.
Ansvarleg Sokneråd, diakon.
e) Tiltak ”Skaparverk, rettferd og berekraft” i konfirmantarbeidet
Målsetjing Gi konfirmantar forståing for at alle kan vere med å ta ansvar, t.d. gjennom etisk forbruk.
Framdrift Til dømes ved årleg å teste vareutvalet i butikkane på merkeordningar for miljø og rettferd.
Ressursar Frivillige, butikkar.
f) Tiltak Skaperverkets dag
Målsetjing Friluftsgudsteneste med fokus på skaparverk, rettferd og berekraft.
Framdrift Årleg
Ørsta, 7. februar 2017
Åge Johnsen, soknerådsleiar , diakonBetty Søvik Knut Stave, diakon
Adresse: Vikegata 5,6150 ØRSTA Tlf: 70048640Faks:70048641
Ørsta kyrkje:700 66354
Meir kontaktinfo.under sida for kyrkjekontor
E-post til kontoret