Personvern

Personopplysninger

 

Diakoniplan

SIST KJENDE DIAKONIPLAN:

 

DIAKONIPLAN 

MED 

AKTIVITETSPLANAR 

Ørsta kyrkjelyd 

2017 

 

 

Guds kjærleik til alle menneske og alt det skapte, 

verkeleggjort gjennom liv og teneste. 

(Visjon for den diakonale tenesta i Den norske kyrkja, 2008) 

 

Føreord 

Diakoniplan for Ørsta kyrkjelyd (2017) med aktivitetsplanar (2017) 

 

Føreord 

I dåpen får vi del i Kristus og blir ein del av den verdsvide kyrkja. Diakoni er ein del av det å vere eit truande menneske. Alle døypte er kalla til å syne omsorg for medmenneska sine – å vere eit ”våpen for det som er rett” (Rom 6,13). Slik Kristus gav seg sjølv for oss, kan vi gi livet vårt til andre (1. Joh 3,16) og vere prega av miskunn (Luk 6,36). 

Denne lokale diakoniplanen byggjer på Plan for diakoni i Den norske kyrkja (2008), der diakoni er definert slik:  

 

”Diakoni er kyrkja si omsorgsteneste. Den er evangeliet i handling og blir uttrykt gjennom nestekjærleik, inkluderande fellesskap, vern om skaparverket og kampen for rettferd.” 

                                                                      (Plan for diakoni i Den norske kyrkja, 2008) 

 

Visjonen til Den norske kyrkja er å vere ei vedkjennande, misjonerande, tenande og open folkekyrkje. Plan for diakoni (2008) handlar særleg om den tenande folkekyrkja. Diakonien kjem til uttrykk på ulike måtar: Gjennom enkeltmenneske, ved den organiserte diakonien i kyrkjelydane og gjennom institusjonar og organisasjonar, nasjonalt og globalt. 

Alle i kyrkjelyden blir utfordra til eit kvardagsliv i teneste, men soknerådet har eit særleg ansvar for det lokale diakoniarbeidet i soknet (kyrkjelova, 1996, § 9). Noko av dette ansvaret kan soknerådet delegere til andre organ eller komitear. Diakonar er tilsette som leiarar av det diakonale arbeidet i soknet.   

Den lokale diakoniplanen er bygd opp kring definisjonen av diakoni i ruta ovanfor, og er såleis delt i tre arbeidsområde: 1. Nestekjærleik 

2. Inkluderande fellesskap. 

3. Vern om skaparverket og kampen for rettferd.  

Kvart arbeidsområde er sett opp med ein generell del og eitt eller fleire delmål, og kan evaluerast av soknerådet kvart fjerde år.  

I tillegg til diakoniplanen kjem også ein aktivitetsplan innanfor kvart av dei tre arbeidsområda. Desse planane inneheld eit satsingsfelt og dessutan eit punktvis oversyn over kva tiltak ein har eller ønskjer å ha i kyrkjelyden. Soknerådet kan ta aktivitetsplanen opp til godkjenning kvart år, ved den årlege gjennomgangen av diakonien i soknet.  

Lat diakoniplanen verke til bevisstgjering og målretta arbeid, slik at diakonien kan få vere med i alt arbeid i kyrkja, som ei grunnleggjande haldning og ein måte å leve på, som formar kyrkjelyden, i bøn og i arbeid.  

Ørsta, 30. november 2016 

 Knut Stave, diakon 

 

 

DIAKONIPLAN FOR ØRSTA KYRKJELYD (2017) 

med aktivitetsplanar (2017) 

 

Hovudmål: 

Guds kjærleik til alle menneske og alt det skapte, 

verkeleggjort gjennom liv og teneste. 

 (Visjon for den diakonale tenesta i Den norske kyrkja, 2008) 

 

 

1. NESTEKJÆRLEIK  

Nestekjærleiken omfattar alle sider ved mennesket. Det er periodar i livet der ein har evne og høve til å gi, andre gonger treng ein å få. Diakonien har eit spesielt ansvar der få eller ingen bryr seg. Det grunnleggjande er gjensidig teneste og vørdnad for kvarandre. Evna til å gjere det gode er lagd ned i alle menneske (Rom 2,14).  

Hos den som trur på Kristus, er trua verksam i kjærleik (Gal 5,6). Som Kristus elskar oss, skal vi elske kvarandre og syne omsorg for kvarandre som medmenneske. Å gjere trua verksam i handling inneber å spørje om att og om att: ”Kven er nesten min?” (Luk 10,29–37). Det er òg å stille seg til disposisjon både som fellesskap og enkeltperson, og spørje: ”Kva vil du eg skal gjere for deg?” (Luk 18,41) og å oppsøkje marginaliserte, sjuke, svoltne, tørste og isolerte (Matt 25,35 ff).  

Delmål:  

- Syne omsorg i form av arrangement, besøk, samtale, forbøn, samarbeid og beredskap. 

- Lytte, samtale og hjelpe menneske inn i kyrkjelydslivet, til eit trygt og tillitsfullt forhold til Gud.  

 

--- Aktivitetsplan for dette arbeidsområdet (2017) --- 

 Satsingsfelt: - Kyrkjekaffi for etterlatne, helgemessesøndag (punkt d) 

a) Tiltak   Sorgarbeid og sorg- eller samtalegrupper / kurs. 

Målsetjing Følgje opp menneske i sorg, særleg dei som har mista ektefelle: brev, telefonar og samtalegrupper/kurs. 

Framdrift Ved behov. 

Ressursar Prestane, diakon og tidlegare gruppedeltakarar. Samarbeid med andre sokn. 

Ansvarleg Prestar, diakon 

 

b) Tiltak   ’Musikk til ettertanke’ /. open kyrkje i dagane før helgemesse   

Målsetjing Gi høve til å søkje kyrkja for bøn og ettertanke, i tida før helgemesse. 

Framdrift Fredag (eller laurdag) før helgemesse 

Ressursar Sokneråd, frivillige, organist. 

Ansvarleg Diakon, organist 

 

c) Tiltak   Gudsteneste for etterlatne, helgemessesøndag 

Målsetjing Nemne dei som har døydd sidan førre helgemesse. Bønn for dei etterlatne.  

Framdrift Kvar helgemessesøndag. Skriftleg invitasjon vert sendt til dei pårørande, éin til kvar familie. 

Ressursar Diakon 

Ansvarleg Prestar, diakon 

 

d) Tiltak    Kyrkjekaffi for etterlatne, helgemessesøndag 

Målsetjing Invitere til ei samkome som særleg tek vare på dei etterlatne 

Framdrift Kvar helgemessesøndag. Skriftleg invitasjon vert sendt saman med invitasjon til gudsteneste (sjå 1c) 

Ressursar Frivillige, diakon, organisasjonar/foreiningar (matservering) 

Ansvarleg Sokneråd (praktisk) og diakon/prest (program) 

 

e) Tiltak   Medeigar i Kirkens SOS 

Målsetjing Gi økonomisk støtte haust og vår. Informere om Kirkens SOS. Som medeigar i Kirkens SOS,  er dette del av kyrkjelyden sitt arbeid. Rekruttere frivillige medarbeidarar. 

Framdrift Informere i samband med ofring til Kirkens SOS og ved andre samlingar i kyrkjelyden. Kyrkjespalta. 

Ressursar Utsending til representantskapet/årsmøtet til Kirkens SOS. (Samarbeid med andre sokn i Ørsta.) 

Ansvarleg Sokneråd 

 

2. INKLUDERANDE FELLESSKAP 

Det er ei sentral side av det kristne menneskesynet at vi er skapte i Guds bilete til å vere medmenneske. Grunnleggjande i kristen tru er at mennesket er skapt til fellesskap. Bibelen omtaler dette fellesskapet som ein kropp med mange ulike lemmer og funksjonar (1. Kor 12). Den Heilage Ande gir tru og rettleiing til eit liv i fellesskap og teneste. Anden gir styrke i motgang, uthald i tenesta og håp for morgondagen.  

Diakonien er ei teneste for medmennesket og skaparverket, og ei teneste for Gud. Denne heilskapstenkinga har konsekvensar for gudstenestelivet og for opplæring i kristen tru. Alle blir vi utfordra til eit kvardagsliv i teneste. 

Delmål:  

- Lage gode møteplassar som inkluderer, og oppmuntre til kontakt og fellesskap. 

- Inspirere til teneste. 

- Leggje til rette for fordjuping i relasjonen til Jesus. 

 

--- Aktivitetsplan for dette arbeidsområdet (2017) --- 

2.1 Barne- og ungdomsarbeid: 

a) Tiltak   Søndagsskule 

Målsetjing Støtte opp om søndagsskulearbeid med opplæring og inkluderande kristent fellesskap for born og unge. 

Framdrift Søndagsskular: Mosmarka s.skule.  

Ressursar Frivillige i kyrkjelyden, Søndagsskuleforbundet 

Ansvarleg Frivillige i kyrkjelyden, Søndagsskuleforbundet 

 

b) Tiltak   Babysong 

Målsetjing Samle vaksne og babyar til song og fellesskap 

Framdrift Kanskje oppstart hausten 2017 

Ressursar Frivillige 

Ansvarleg Tilsette 

 

c) Tiltak   Måndagsklubben med barnekor og 10+ og Soul Children  

Målsetjing Støtte opp om eit ope og aktivt miljø for born og ungdom, med ulike aktivitetar, andakt/song og kveldsmat. Klubbaktivitet og andakt for born og ungdom over 10 år etterpå.  

Framdrift Annankvar  måndag på Ørsta bedehus. Soul Children øver i frikyrkja. 

Ressursar Frivillige, diakon  

Ansvarleg Ørsta indremisjon, Ørsta sokneråd, leiarane 

 

d) Tiltak   Anna barne- og ungdomsarbeid i kyrkjelyden 

Målsetjing Støtte opp om arbeid som gir opplæring og inkluderande kristent fellesskap for born og unge  

Framdrift Ørsta-/Volda TenSing, Ørsta  KFUK-KFUM-speidarar, Pit Stop, Dalane Yngres og Dalane kr. ungdomsklubb på Follstaddal bedehus, KRIK-Ørsta. (Sjå ev. også trusopplæringsplanen 0-18 år for Ørsta kyrkjelyd.)  

Ressursar Organisasjonar,  frivillige 

Ansvarleg Diakon, prest 

 

2.2 Ved samlingar i kyrkja: 

a) Tiltak   Bøn og forbøn. Forbønskort for konfirmantar.  Lysgloben/bønebord. 

Målsetjing Oppfordre om å melde behov for forbøn. Dette kan takast med under forbøna i gudstenester eller på andre måtar. Bruke eller oppfordre til bruk av lysgloben. Dele ut forbønskort for konfirmantar.  

Framdrift Kasse til å leggje bøneemne i. Forbønskort for konfirmantar til utdeling kvart år. 

Ressursar Prestar, bønegruppe, sokneråd 

Ansvarleg Prestar, kateket, kyrkjetenar 

 

b) Tiltak    Samlingar i fellesskap for heile kyrkjelyden 

Målsetjing Invitere til gudstenester eller andre samlingar som inkluderer og styrkjer fellesskapet i kyrkjelyden  

Somme gudstenester har ein spesiell profil, t.d. Ung Messe, friluftsgudsteneste, Taize-gudsteneste.  

Andre samlingar kan vere: Fellesskapkveldar, familiedagar og kveldsbøn eller liknande 

Framdrift Sjå gudstenestelista og www.iKyrkja.no m.m. 

Ressursar Stab, sokneråd, frivillige 

Ansvarleg Prestar, sokneråd 

 

c) Tiltak   Hjelpetiltak under gudstenesta 

Målsetjing Leggje til rette/hjelpe rullestolbrukarar, tunghøyrde etc. 

Framdrift Soknerådet ser på praktiske tiltak, ev.  i forhandlingar med kommune og fellesråd 

Ressursar Fellesråd, Ørsta kommune 

Ansvarleg Sokneråd, fellesråd 

 

d) Tiltak    Kyrkjeskyss og kyrkjefølgje 

Målsetjing Gi tilbod om kyrkjeskyss eller -følgje til dei som ikkje eignar å kome til kyrkje eller vere åleine i kyrkja. 

Framdrift Avtalte søndagar, ev. ringjeliste med namn på aktuelle sjåførar. 

Ressursar Frivillige kyrkjefølgjer eller sjåførar 

Ansvarleg Diakon 

 

e) Tiltak   Ordning med frivillige klokkarar og kyrkjevertar 

Målsetjing Klokkar har praktiske og/eller liturgiske oppg. Kyrkjevert ønsker velkomen/gir hjelp og støtte til dei som kjem til kyrkje, ev. i samarbeid med konfirmantar. 

Framdrift På dei fleste gudstenester 

Ressursar Frivillige, bibelgrupper eller foreiningar, konfirmantar, sokneråd 

Ansvarleg Sokneråd 

 

f) Tiltak  Kyrkjekaffi, kyrkjemiddag m.m. 

Målsetjing Inkludere nye og styrke fellesskapet i kyrkjelyden.  

Framdrift Kyrkjekaffi etter dei fleste vanlege gudstenester, kyrkjekafé av og til. Kyrkjemiddag (sept). 

Ressursar Frivillige, kor, lag  og organisasjonar, familiegudstenestekomiteen 

Ansvarleg Kyrkjekaffikomiteen, diakon, prestar, kateket  

 

g) Tiltak  Diakoniens dag 

Målsetjing Setje fokus på diakoni og fellesskap. Offer til diakoniarbeid/-prosjekt. 

Framdrift Diakoniens dag er i utgangspunktet 14. søndag etter pinse, men kan leggjast til andre søndagar. 

Ressursar Frivillige 

Ansvarleg Diakon 

 

h) Tiltak   Frivillige medarbeidarar / frivillig-bank 

Målsetjing Inkludere fleire til det frivillige arbeidet i kyrkjelyden, frivillig-bank med oversikt over kva oppgåver ulike personar i kyrkjelyden er villige til å ta på seg. 

Framdrift Kontinuerleg eller ved behov. 

Ressursar Frivillige. 

Ansvarleg Stab, sokneråd. 

 

i) Tiltak   Internasjonale gudstenester + ev. simultan-omsetting 

Målsetjing Invitere til gudstenester iinternasjonale gudstenester, særleg tilrettelagde for innvandrarar og utlendingar. 

Framdrift ? 

Ressursar Frivillige. Samarbeid med Volda. 

Ansvarleg Sokneråd. 

 

2.3 Andre samanhengar: 

a) Tiltak   Ei kyrkje for alle 

Målsetjing Ha kontakt med psykisk utviklingshemma ved dag-/opplæringssenter, Bakk-Olamarka, bueiningar o.a. 

Framdrift Besøk (ev. deltaking i gudstenester eller andre arrangement) 

Ressursar Frivillige  

Ansvarleg Prestar, diakon 

 

b) Tiltak Internasjonalt kvinnetreff 

Målsetjing Inkludere innvandrarkvinner og norske kvinner i eit sosialt fellesskap, praktisere norsk, byggje nettverk.  

Leksehjelp til dei som treng deg. 

Framdrift Kvar veke. 

Ressursar Frivillige i kyrkjelyden, Flyktningkontoret, Ørsta Røde Kors, innvandrarkvinner og norske kvinner 

Ansvarleg Diakon 

 

c) Tiltak   Andakt og besøk på Ørstaheimen og aktivitetssenteret på Bakk-Olamarka 

Målsetjing Halde kontakta med Ørstaheimen og aktivitetssenteret, og samle til andakt. (Nattverdsgudsteneste 1-2 gonger i halvåret på Ørstaheimen.)  

Framdrift Éin gong i veka, onsdagar, på Ørstaheimen. Kring éin gong i månaden på Aktivitetssenteret. 

Ressursar Prestar, diakon, frivillige, skuleklassar 

Ansvarleg Diakon 

 

d) Tiltak  Føremiddagstreff 

Målsetjing Samle 60+ og andre som har høve til hyggjeleg samvær og fellesskap, på føremiddagstid m/program og mat. Samarbeid mellom kyrkja, frikyrkja og Ørsta indremisjon 

Framdrift 3 – 4 gonger i semesteret + éin busstur i året. Gjerne samarbeid med Ørstaheimen og Bakk-Olamarka. 

Ressursar Frivillige.  

Ansvarleg Diakon 

 

e) Tiltak Halde oversikt og oppmuntre til mindre einingar, fellesskap, foreiningar og andre grupper 

Målsetjing Støtte opp om bibelgrupper, husfellesskap, foreiningar eller liknande, der deltakarane kan gi kvarandre støtte og kveik til tru og liv i kvardagen, og gjerne inkludere nye med i arbeidet. 

Framdrift Kontinuerleg. 

Ressursar Frivillige, organisasjonar, foreiningar 

Ansvarleg Prestar, diakon, kateket, sokneråd 

 

f) Tiltak International Bible Study in English 

Målsetjing Studere bibelen og korleis vi kan oppleve Guds ord i våre liv, og gi det vidare til neste generasjon.  

Framdrift 1 - 2 gonger i mnd. for alle, med både nordmenn og innvandrarar. 

Ressursar Både for kvinner og menn. Alle er velkomne og ein treng ikkje ha engelsk som morsmål.  

Ansvarleg Diakon. 

 

3. VERN OM SKAPARVERKET OG KAMPEN FOR RETTFERD 

 Vi menneske er avhengige av kvarandre og alt anna som lever. Samtidig er heile skaparverket i dag avhengig av at menneska tek forvaltaransvaret sitt på alvor, både globalt og lokalt. Med utgangspunkt i trua på Gud har vi ansvar for verda (1 Mos 1,26ff). I dag ser det ut til at skaparverket, mange dyre- og planteartar, ja, heile økosystem, kan vere trua på ulike måtar, gjennom menneskeleg aktivitet og ressursbruk. Oppfatninga av mennesket som herre og herskar over naturen må korrigerast. Med mål om glede og takksemd over å få vere ein del av det økologiske fellesskapet i skaparverket, kan dette føre til tydeleg tale i samfunnet og til konkret handling i eigne liv. 

Kulturelt og etnisk mangfald gir kyrkjelyden eit rikare liv. Menneske som lid vedkjem oss anten dei er nær eller held til i andre land (Matt 25, 35-40). Mennesket lever i og er avhengig av strukturane i samfunnet. Verdsfemnande system er med og styre liva våre. Derfor er det nødvendig å klargjere årsakene til menneskeleg naud og liding, arbeide for å endre det som gjer at ein ikkje får slutt på naudsituasjonen, og skape nytt livsgrunnlag. Å vise solidaritet er å ta opp kampen og arbeide for rettferd og fred. 

Delmål: 

- Syne solidaritet med andre menneske og bevisstgjere kyrkjelyden på internasjonal diakoni.  

- Vere med i Den norske kyrkja si satsing på grønare kyrkjelydar.  

- Fremje etisk forbruk og ein meir rettferdig handel. 

 

--- Aktivitetsplan for dette arbeidsområdet (2017) --- 

Satsingsfelt: - Grøn kyrkjelyd (punkt c) 

a) Tiltak   Kyrkjelydens misjonsprosjekt: Immanuelkyrkja sin dagheim i Thailand  

Målsetjing Støtte NMS sitt misjons- og hjelpearbeid i Thailand: minst to offer i året og ei årleg misjonsmesse. 

Framdrift   Misjonsmesse i førjulstida, minst to offer, skrive i lokalavisa 

Ressursar Heile kyrkjelyden, NMS-misjonsforeiningar, NMS, Misjonskonsulenten i bispedømet. 

Ansvarleg Sokneråd og tilsette 

 

b) Tiltak   Internasjonal diakoni: Fasteaksjonen til Kirkens Nødhjelp 

Målsetjing Samle inn pengar og engasjere konfirmantar, foreldre og frivillige til innsats for menneske i naud 

Framdrift Årleg aksjon i fastetida 

Ressursar Konfirmantar, stab, frivillige og ulike aksjonskomitear, frikyrkjer. Kirkens Nødhjelp. 

Ansvar Sokneråd, kateket, diakon 

 

c) Tiltak   Gå inn for å vekeleggjere i ideala som såkalla «Grøn kyrkjelyd» i samarbeid med andre sokn i Ørsta. 

Målsetjing Bevisstgjering i kyrkjelyden. Vern og omsorg for skaparverket: Handle grønt og setje søkjelys på miljø, forbruk, rettferd og vårt forvaltaransvar, gjennom tiltak i kyrkjelyden, i aviser og elles i samfunnet. 

Framdrift Kontinuerleg. Arbeide fram mot Grøn kyrkjelyd (sokneråd) og Miljøfyrtårnsertifisering (fellesråd). 

Ressursar Lokalt, diakonirådgivar, Ressursgr. for skaparverk og berekraft i Møre bispedømme, KA og Kirkerådet. 

Ansvarleg Sokneråd (Grøn kyrkjelyd), Ørsta k. fellesråd (Miljøfyrtårn), diakon 

 

d) Tiltak   Støtte opp om Ørsta som fairtrade-kommune 

Målsetjing Fremje rettferdig handel og kjøpe rettferdig kaffi. Informere sokneråd og kyrkjelyd om rettferdig handel 

Setje søkjelys på rettferdig handel i lokalaviser. Markering på diakoniens søndag. 

Framdrift Kontinuerleg. Lokalt samarbeid med og ev. medlemskap i Styringsgruppa for fairtrade Ørsta-Volda. 

Ressursar Styringsgruppa for fairtrade, Ørsta-Volda. Kirkens Nødhjelp. Diakonirådgivar. 

Ansvarleg Sokneråd, diakon. 

 

e) Tiltak   Skaparverk, rettferd og berekraft” i konfirmantarbeidet 

Målsetjing Gi konfirmantar forståing for at alle kan vere med å ta ansvar, t.d. gjennom etisk forbruk.   

Framdrift Til dømes ved årleg å teste vareutvalet i butikkane på merkeordningar for miljø og rettferd 

Ressursar Frivillige, butikkar 

Ansvarleg Diakon 

 

f) Tiltak   Skaperverkets dag 

Målsetjing Friluftsgudsteneste med fokus på skaparverk, rettferd og berekraft.  

Framdrift Årleg 

Ressursar Frivillige  

Ansvarleg Prestar, sokneråd 

 

Ørsta, 7. februar 2017  

Åge Johnsen, soknerådsleiar     , diakonBetty Søvik Knut Stave, diakon




Adresse:
Vikegata 5,
6150 ØRSTA

Tlf: 70048640
Faks:70048641

Ørsta kyrkje:700 66354

Meir kontaktinfo.
under sida for
kyrkjekontor

E-post til kontoret



Kirkeleg ressursside:

http://www.kirkenorge.no/