Personvern

Personopplysninger

 

Frå ei andakt på ungdomsklubben

Frå ei andakt på ungdomsklubben
Eg kjenner ikkje dykk. Eg veit ikkje korleis de har det. Men eg trur at mange av dykk av og til opplever ting som er triste.
At noko er leitt. At nokon de kjenner vert alvorleg sjuke eller døyr. At dei heime kranglar. At foreldra flyttar frå kvarandre. At nokon vert plaga på skulen. Kanskje vert du sjølv plaga? Eg trur at i livet dykkar, slik som i livet til dei fleste av oss, er det av og til ting som er for store og tunge og vanskelege for oss. Det er til dykk som kjenner det slik eg vil snakke i dag. Og til dykk som har kjent det slik. Og til dykk som kjem til å kjenne det slik ein gong. Altså til alle.

Bibelen er ei god bok. Den handlar om menneske. Og om Gud. Veit de kvifor Gud skapte menneska? Fordi han trengde nokon å vere glad i. Du er skapt fordi Gud trengde deg til å vere glad i. Det betyr at han alltid er glad i deg. Uansett kva som skjer. Og at han vert lei seg når du er trist.

Uteljande bibelvers fortel oss om det:
5 Mos 31,8: Herren sjølv skal gå føre deg. Han skal vera med deg. Han skal ikkje sleppa deg og ikkje gå frå deg. Ver ikkje redd og miss ikkje motet!
Job 35,14: Jamvel når du seier at du ikkje ser han, ser han di sak, og du må venta på han.
Jes 49, 14-16: Kanskje du vil seie: ”Herren har forlate meg, min Gud har gløymt meg.” Ofte kan det kjennest slik. Men då svarer Gud: ”Gløymer vel ei kvinne brystbarnet sitt, har ho ikkje medkjensle med den son ho fødde? Og om ei mor kan gløyma, så gløymer ikkje eg deg. Sjå, eg har teikna deg i mine hender.”
Boka Salmane i Bibelen er full av bøner. Her er bøner for alle livssituasjonar.
Sal 17,8: ”Vakta meg som di augnestein, gøym meg i skuggen av dine vengjer for dei gudlause som går imot meg, for dødsfiendar som omringar meg.”
Sal 18,5-7: ”Dødens lekkjer snørte seg om meg, undergangsstraumane skræmde meg. Helheims reip vart spente om meg, dødens snarer låg i min veg. Då kalla eg på Herren i mi naud og ropa til min Gud. Han høyrde mi røyst frå sitt tempel, til hans øyra nådde mitt rop.”
Sal 13,2-4: ”Kor lenge, Herre? Vil du gløyma meg for alltid? Kor lenge vil du løyna ditt åsyn for meg? Kor lenge skal eg ha uro i hugen og heile dagen ha sorg i hjarta? Kor lenge skal fienden ha overmakta? Sjå hit og svar meg, Herre, min Gud!”
Sal 27,1.5: ”Herren er mitt ljos og mi frelse, kven skulle eg ottast?”
Jesaja 41,10: ”Ver ikkje redd, for eg er med deg! Sjå deg ikkje rådvill ikring, for eg er din Gud! Eg styrkjer deg og hjelper deg og held deg oppe med mi frelsarhand.”

Jesus gjentok desse lovnadene.
Matt 11,28: ”Kom til meg, alle de som slit og har tungt å bera; eg vil gje dykk kvile!”
Matt 28,20: Det siste han sa til disiplane sine, og dermed også til oss, var: ”Og sjå, eg er med dykk alle dagar så lenge verda står.”

Alle dagar. Og alle slags dagar. Jesus er der. Jesus ser oss. Jesus veit korleis me har det. Han kjenner kvar og ein av oss. Om me kjenner oss åleine med alt det vanskelege, er han der likevel. Det er berre ikkje alltid så lett å oppdage det.

Det er godt å vite at Gud alltid er der for oss. Han vil hjelpe oss. Ofte gjer han det på den måten at han sender menneske til oss. Nokon me kan prate med. Nokon som trøyster og hjelper. Har du tunge ting å bere på, så ikkje ber på dei åleine. Det er viktig å snakke med nokon du stoler på. Venner, foreldre, eller leiarane her på klubben. Det tunge blir ofte mindre tungt, om ein deler på det.
Og kanskje kan andre sjå saka frå ein annan vinkel, slik at ho kan løysast.

Lisbeth