Personvern

Personopplysninger

 

Vedtekter for kyrkjegardane

Vedtekter for kyrkjegardane i Ørsta kommune
Vedtekne i Ørsta kyrkjelege fellesråd 16.12.1997
Godkjende av Møre bispedømeråd 28.01.1998
§1 Rett til grav
1.1 Alle som på dødsdagen var heimehøyrande i Ørsta kommune har rett til gravstad på den kyrkjegarden dei soknar til. Dersom særlege tilhøve kjem inn, kan det i staden gjevast gravplass på ein av dei andre kyrkjegardane i kommunen. Dette gjeld òg dødfødde born når foreldra ynskjer gravplass. Dette gjeld òg om avlidne mot slutten av livet, på grunn av sjukdom eller alderdom har budd i ei anna kommune.

1.2 Dei som bur utanfor kommunen kan få gravplass etter særleg løyve frå fellesrådet. Fellesrådet gjev kyrkjeverja mynde til å ta avgjerd i aktuelle saker. For personar utanfor kommunen kan det krevjast betaling for opning av grav og feste av grav gravleggingsdagen etter dei satsar som til ei kvar tid er fastsette av kommunen.


§2 Fredningstid og festetid
Fredingstida for graver er 20 år
Festetida for graver er 20 år.


§3 Feste av grav
3.1 Når grav vert teken i bruk, er det høve til å feste ei grav ved sia av. Desse gravene utgjer samla ein gravstad. I særlege høve kan kyrkjeleg fellesråd gje løyve til å feste fleire enn to graver. Når grav vert teken i bruk skal skyldfolket nemne opp ein ansvarleg festar overfor kyrkjeverja. Festar har rett til å fastsetje kven som i hans/ hennar festetid skal gravleggjast i grava, og setje opp gravminne i samsvar med dei av fellesrådet fastsette reglar.
Festaren pliktar å halde grava i hevd.
Ingen kan på førehand feste gravplass.

3.2 Festetida si lengd er 20 år.
Når festetida er ute kan festet legast med nye 10 år. Når det er gått 60 år etter siste gravlegging, kan det ikkje festet lengast utan etter særskild søknad til og samtykke frå fellesrådet. Festet kan ikkje lengast utover 80 år etter siste gravleggingsdato.

3.3 I god tid før festetida er ute skal festar varslast.
Er ikkje festet fornya innan 6 månader, går grava attende til kyrkjegarde.
Festar pliktar å melde adresseendring til kyrkjeverja.

3.4 Ingen må gravleggjast i festa grav utan løyve frå festar. Dersom løyve frå festar ikkje er tilgjengeleg, kan kyrkjeverja ta avgjerd om gravlegging i samsvar med fylgjande norm; I festa gravstad må det ikkje gravleggjast andre enn festar og ektemake, slekt i opp- nedstigande linje, første sidelinje og like nære inngifte.



§ 4 Gravminne.
For gravminne på gravstad med 2 eller fleire graver er største breidde 85 cm. På enkelte graver er største breidde på gravminne på gravminne 70 cm. Vedkomande andre dimensjonar sjå forskriftene §23.
Kyrkjegardsarbeidarane vil syte for planering og tilsåing av grava etter gravlegging. Gravminne kan ikkje setjast opp før 6 månader etter siste gravlegging av kiste. I mellomtida vert det sett opp eit merke med namnet til avdøde.
På ny festa gravstad set ein opp gravminnet sentralt i bakkant av gravstaden.
Gravminnet kan ikkje setjast opp utan at kyrkjeverja eller den kyrkjeverja gjev mynde, er tilstades og viser plass og kontrollerar fundamenteringa. Sjå elles forskriftene til ”lov om kirkegådere, kremasjon og gravferd”, §§20- 25.


§5 Stell av grav
5.1 Framfor gravminnet er det høve til å lage eit plantefelt i høgd med bakkenivå. Plantefeltet kan ramast inn av karmar i same materiale som gravminnet og sokkelen. Det må ikkje vera breiare enn gravminnetog ikkje gå lenger fram enn 0,7m frå bakkant av gravminnet. På graver for born og urner er målet 0,5 m.

5.2 I plantefeltet kan det ikkje plantast eit eller fleirårige vekstar som vert høgre enn 75 cm. Heller ikkje kan det plantast noko utanfor plantefeltet. Det kan ikkje nyttast dekorgjenstandar i plantefeltet.

5.3 Det er ikkje høve til å ramme inn gravstaden eller delar av den med hekk eller døde materialar.

5.4 Festet kan ikkje lengjast utan at gravstaden er sett i stand etter vedtektene.

5.5 Alle har rett til å stelle den gravstaden ein har ansvaret for etter dei vedtektene som gjeld, og etter rettleiing frå kyrkjegardsarbeidarane. Plantefelt som ikkje vert stelt kan såast til av kyrkjegardsarbeidarane. Alt avfall etter stell på straks fjernast og leggjast på tilvist stad.

5.6 Kyrkjegardsarbeidarane tek seg av slåing på kyrkjegarden, men gras som veks heilt inn til gravminne eller karmar rundt plantefelt, og som ikkje kan slåast ved bruk av slåmaskin, høyrer inn under eigaren av gravstaden sitt ansvar.


Kom til meg, alle de som slit og har tungt å bera;
eg vil gje dykk kvile!

Ta mitt åk på dykk og lær av meg, for eg er mild og mjuk i hjartet; så skal de finna kvile for dykkar sjel.
For mitt åk er godt, og mi bør er lett.»

Matt 11, 28-30


 

Adresse:

Vikegata 5,
6150 ØRSTA
Kyrkjekontor tlf: 70048640 

Ørsta kyrkje:700 66354

E-post til kontoret

_______________________
Ta gjerne kontakt på e-post:

Soknepresten i Ørsta
Soknepresten i Vartdal
Soknepresten i Hjørundfjord/Storfjord
Diakonen i Ørsta

_______________________
 

Gå inn på møtesida til slektforskarar; DIS-Norge,
så kan søkje etter gravlagde
på kyrkjegardane i Ørsta kommune
 _______________________
Lokalt gravferdsbyrå:

Hovden gravferdsbyrå AS
Tlf: 99 41 48 41
Voldavegen 21, 6150 Ørsta