Personvern

Personopplysninger

 

Julegåver og julegleder

Julegåver og julegleder
Julegåver og julegleder

Ei andakt på adventsgudstenesta for ungdomsskulen i 2009.

De ser alle gåvene som heng under taket i kyrkja vår. Og alle veit at gåver høyrer jula til. I alle fall i vår del av verda. Men er det ikkje butikkane og reklamen som plar snakke mest om julegåver? I kyrkja skal me vel snakke mest om Jesus, og ikkje om julegåvehandel?

I år gjer me det likevel. For me trur at gåvene høyrer til i kyrkja også. Me har sendt ut til skulane forteljingar om St.Nikolaus, julenissen, som førebuing til skulegudstenestene i år. Kanskje de har lese dei, eller nokon har lese for dykk. Julenissen gir gåver. Gir og gir. Stadig vekk. Kvart år. Nokon som har tenkt på kvar han får gåvene frå? Eller kvifor han kan gi og gi utan å få noko igjen?
Det er kanskje ikkje så mange av oss som verkeleg trur på julenissen. Dei fleste har oppdaga at det er foreldre eller onklar eller bestemødrer eller vener som gir gåvene, ikkje julenissen. Men St. Nikolaus, som var biskop i Myra i Vesleasia, og som var den første julenissen, han fanst. Han var glad i Jesus og glad i menneske. Han hadde mykje pengar, som han hadde arva frå rike foreldre, men hadde ikkje bruk for så mykje til seg sjølv. Han var munk, og det er grenser for kor mykje pengar munkar kan bruke på seg sjølve. Men han hadde eit stort hjarte, og såg at han kunne glede andre ved å dele. Dei mest kjende legendene om han fortel at han kasta posar med gull inn gjennom vindauget til ei fattig familie, slik at døtrene hadde råd til å gifte seg.
Eg trur Nikolaus koste seg når han gav desse gåvene. Slik me også blir glade når me gir noko fint som me veit at den som får gåva vert glad for. Og her har me samanhengen med jula og Jesus: «De de gjer mot ein av dei minste syskena mine, gjer de mot meg,» sa Jesus (Matt 25). Når me gir gåver til andre, gir me gåver til Jesus. Når me gleder andre, gleder me Jesus.
Og den største julegåva av dei alle, er Jesus sjølv. «Han var i Guds skapnad og såg det ikkje som eit rov å vere Gud lik, men han gav avkall på sitt eige, tok ein tenars skapnad og vart menneske lik.»står det i Bibelen. (Fil 2,6) Jesus var i himmelen hos Gud. Han var Gud, men vart fødd som eit menneske. Ikkje som ein rik konge i eit slott, men som eit fattig barn i ein stall. Han ville vise at Gud elskar alle menneska, både dei rike og dei fattige. Både dei som bur i Midtausten og dei som bur i Ørsta. Dei som bur i Kina, og Tyskland og Etiopia og Afgahnistan; i alle land. Han ville dele av sin kjærleik med alle menneske.
De veit kva som er inni desse pakkane som pyntar kyrkja vår i år. Dei er ikkje tomme, slik nokon kanskje vil tru. De har skrive på ein lapp noko de kan dele med andre, eller ein måte de kan gjere andre glade på. Det same har barnehageborna gjort, men dei har teikna, og samla teikningane i større pakkar, som skal liggje under juletreet når me får det på plass i kyrkja. I Ørsta kyrkje har me altså samla over 1000 måtar å gjere andre glade på. Er det nokon av dykk som vil fortelje kva de skreiv på lappen?
Og om ikkje det er ein god julebodskap, så veit ikkje eg! Og då veit me altså at me kan gi gleder til ære for Faderen, og Sonen og Den heilage ande.
LH