Personvern

Personopplysninger

 

Den gode fastetid

Den gode fastetid

Av Matias Austrheim

Komande søndag er fastelavenssøndag med  kremfyllte kveitebollar og fastelavensris. Mandag er blåmåndag , tirsdag er det feitetysdag, og onsdag er  askeonsdag.


Fastetida skal hjelpe oss å fokusere det som er aksen og kjernen i vår kristne tru.

Fastelavenssøndag peikar framover til påskehendinga : ” Sjå , vi dreg opp til Jerusalem , og alt som  profetane har skrive om Menneskesonen , skal oppfyllast. Han skal gjevast over til heidningane  og bli spotta og mishandla og spytta på , og dei skal  piska han og slå han i hel..Og tredje dagen skal han stå opp att.”.

Forsaking er eit umoderne ord. Det handlar om å seie nei til noko som i og for seg er godt. Ved å forsake noko, t.d. i kosthaldet og matvanane våre , vil kroppen merke fastetida. Ikkje for å bli slank og sunn men for å hente styrke og hjelp til å leve ut vår kristne tru.

Vi lever i ei tid med individualisme , sjølvdigging og egoistisk leiting etter lukke.  Vi er forbrukarar som gjer livet og gåvene i livet til varer, opplevingar og nyting som skal tilfredsstille  eigne egoistiske behov. 

Den kristne tru viser oss ein annan veg , kjærleiken og forsakinga sin veg.

Om  det gode liv som kjem frå Gud ,  om å dele og  gje vårt  liv og våre krefter for andre.

Fastebøssa på kjøkkenbordet vårt symbolieserer dette på ein god måte.

Eller kva med ei mediefaste?

I vår tid vert vi utsett for eit informasjons- og reklamepress som sløvar oss åndeleg og mentalt. Kva med ei  underhaldningsfaste? Kva med å slå av radio og TV, la reklameblad og aviser vere uopna ein dag og i staden ta tid til stillheit? Kjenne på vår  indre uro. Oppdage at den er til å halde ut, at Gud er nær midt i vårt kaotiske liv?

Fastetida skal hjelpe  oss til rytme og struktur i vårt åndelege liv. Gudstenesta er sjølvsagt grunnleggande , likeeins nattverden . Og gløym ikkje at søndag er påskedag kvar veke , også i fastetida.

Askeonsdag innleier fastetida . Då held vi kveldsgudsteneste i Ørsta kyrkje med skriftemål og nattverd. Vi treng å gjenoppdage skriftemålet i kyrkja vår. Å få knele der ved altararringen , og høyre Jesu tilseiingsord om ”nådig forlating for alle dine synder , i namnet åt Faderen og Sonen og Den heilage Ande.”

Mange seier til meg etterpå: denne gudstenesta vil eg ikkje gå glipp av !

Velkomen til å starte fastetida på ein konkret og god måte. La ikkje fastetida gleppe for deg !

Og velkomen til fastelavensgudsteneste!