Personvern

Personopplysninger

 

TÅRNAGENTHELG, VARTDAL

Kjære foreldre / føresette og 3. klassing i Vartdal sokn:

Bli med på Tårnagenthelg!

Laurdag 15. oktober kl.16-20 og søndag 16. oktober kl.10-13 inviterer vi Vartdalsstranda sine 3.klassingar til å vere Tårnagent i Vartdal kyrkje.

Elektonisk påmelding finn de på hovudsida (framsida). Frist 11. oktober.


Nettsida til tårnagentane:
www.tarnagent.no

 
 

Alle 3.klassingar i Vartdal sokn kan vere med på Tårnagenthelg i Vartdal kyrkje. Har du lyst?

Tårnagentar løyser oppdrag og mysterium. Dei er vakne og nysgjerrige og utforskar kyrkja si, klokketårnet, og historier frå Bibelen. ”Korleis kan 5 brød og 2 fiskar bli nok mat til 10 000 menneske?” Er eitt av spørsmåla me skal arbeide med denne helga.

Alle agentane bur heime, men vil vere saman både laurdag og søndag. Agentane møtest i kyrkja laurdag 15. oktober kl 16:00. Vi held på til kl 20:00. Då er det greitt å også ha lommelykt og klede til å vere ei stund utandørs.

Søndag treffest vi igjen kl 10:00 og held på til kyrkjekaffien er ferdig ca kl 13:00.

Foreldre, søsken og alle andre som vil, er med dette inviterte til gudstenesta søndagen 16. oktober, som startar kl.11.00, og som sjølvsagt vert avslutta med kyrkjekaffi.


Tårnagentane skal ha hemmeleg møte i kyrkjetårnet, og løyse fleire oppdrag og vise dei fram i gudstenesta søndag. For å bli tårnagent og få agentkort og nummer, må du gå gjennom ein labyrint når du kjem til kyrkja laurdag 15. oktober. Passordet til labyrinten er ”12 korger”. Passordet treng du også ved påmelding her på nettsida. 


Håper du har lyst til å vere med! Meld deg på, så møtest me i kyrkja (hemmeleg helsing frå agent 001 (Lisbeth))







 
For alle

Tårnagenthelg skal vere for alle 3.klassingar som har lyst! Dersom dykkar barn treng tilrettelegging av noko slag, må de ta kontakt med kateket Lisbeth Halse, slik at me i fellesskap kan kome fram til gode løysingar.

Englevakter

Så mange born i kyrkja treng mange Englevakter! Ei Englevakt er ein som er med nokre timar denne helga, følgjer borna opp i kyrkjetårnet, hjelper til med maten, går saman med dei på symboljakt m.m. Kan du vere med på det? Kryss av i påmeldingsskjemaet, og du vil bli kontakta.

Påmelding

Påmelding for Tårnagentar og Englevakter skjer på www.iKyrkja.no 

Helsing frå Ørsta kyrkjelyd ved kateket Lisbeth Halse

E-post: lisbeth.halse@orsta.kyrkja.no

Telefon på kyrkjekontoret: 70048647


TÅRNAGENTAVIS

                  


                                     
  
Aadresse:
Strandgata 5A,
6150 ØRSTA

Tlf: 70048640/70048650
Faks: 70048641

Meir info.
under sida for
kyrkjekontoret

e-post til kontoret


Spr. Arne Moltubak:
tlf: 90674947


Vartdal kyrkje:70042054

e-post til sekretær