Personvern

Personopplysninger

 

Trusopplæring 0-18

TRUSOPPLÆRING

ÅR KVA
 0,1,2,3 år  Dåp. Eitt til tre år etter dåp får dei gaver som ein i dåpsfylgjet vert oppmoda i å dele ut..
 0,1,2,3 årBabysong: er i regi av trusopplæring/kyrkjemusikk i Ørsta kyrkje. Vi samarbeider med "babysong på Uppheim" (Volda) og har babysong annankvar torsdag. Partalsveker i Volda og oddetalsveker i Ørsta.

Tilbodet er ope og gratis for alle. 

 4 år Undretur og 4-årsbok. Fireårshelga er at ein har undretut med postari kyrkjene der ein fortel litt og dei får utforske kyrkja på deira nivå. Så bedt inn til utdelinga av bok på gudsteneste rett etter. Mange tilsette og frivillige er inne her. 
 5 år  Utdeling av "kirkerottefilm"
 6 år "Førsteklasses" Utdeling av boka "Alle gode ting" i gudsteneste. Arr. Førsteklasseshelg. Ein dag med masse aktivitet og snakking rundt boka, og utdeling av boka på gudstenesten først.
 7 år

 Kyrkjeskule. Helg der borna får Teikneseriebibelen og har aktivitetar rundt det, med innbyding til gudsteneste dagen etterpå der borna er medliturgar.

Jordvenn: for deg som er i 2. klasse: er ute i naturen og ser lærer om å ta vare på jorda og ikkje forsøple.

 8 år  Tårnagenthelg
 9 år  Pinsefest ved Hovdevatnet. Opplegg eine dagen med løype der postane handlar om høgtida, utdeling av t-skjorte, og gudsteneste 2. pinsedag.
 10 år

-Utdeling av Bibel. Bibeltrim på skulane

-Lys Vaken i kyrkjene i Vartdal og Hjørundfjord

 11 år Lys Vaken i Ørsta
 12 år

 -Lysmesse i Ørsta kyrkje

-Kyrkjekino: Er enno ikkje gjennomført

 13 år 

 Vartdal: Misjon. dei møter og lærer om misjon i kyrkja. Er med på gudsteneste og har opplegg der pengane går til misjonsprosjektet , suppekoking og anna til sal.

Ørsta: Halloweenopplegg. Også på planen.

Også på planen ein Pilgrimsvandrin. Ikkje organisert enno.

 14 år  Konfirmantår! Med svært stor satsing og ressursar gjennom heile skuleåretåret! 
 15 år 

 MILK: Minileiarkurs for fjorårskonfirmantar der dei også vert med som ungdomsleiarar på konfirmantleir. 

SKUBB leir.

Lokal leir

 16 år  CREME: vidaregåande kurs frå MILK. Vert også med på 
 17 år Fortsatt Creme: Lokal leir.
 18 år  Fortsatt CREME
  
 Andre opplegg

- Open dag i kyrkja. På inneklemd fridag innbyr ein til "SFO" for born 1.-5. klasse. I og rundt kyrkja 9:00-15:00

- Påskeboka frå IKO

- Skulegudstenester advent

-Skulegudstenester påske

- Barnehager i kyrkja i påska, eller i barnehagen. Variasjon annankvart år

- Barnehager i kyrkja i advent, eller i barnehagen. Variasjon annakvart år.

- Andre skulebesøk

- Julekalenderbok til utdeling: enno ikkje starta. 

- Familiegudstenester o.l.

- Barnekor. 

 

 Alle desse tiltaka har mykje planlegging bak seg for å få gjennomført. Alt frå informasjonsmateriell, annonser, omtalar, brev, materiell til utdeling, kva dei skal lære, kva dei skal ete, kvar, når, kven hjelper til, kven gjer kva, kva skal vere med av rekvisita, gudsteneste eller ikkje, innkjøp av det meste, info om kva å ta med, kakebaking, og så mykje meir!

Me treng alltid frivillige inn mot desse tiltaka, så viktig at så mange som mogeleg vert med på det!

 

Planen er enno ikkje ferdig, men vil leggast ut så snart den er skriven. Då kan de sjå meir om alle desse tiltake og kva som er tenkt for kvart tiltak.- Altså: "Meir kjøtt på beina."

 

 

 

 

 


Eg faldar mine hender små
i takk og bøn til deg.
Lat alle barn i verda få det like godt som eg.

Vern alle med di sterke hand mot fattigdom og død. Og hjelp små born i alle land og gje dei dagleg brød.

Lat ikkje krig og svolt og sott få rive lukka ned. Lat alle leve trygt og godt, i fridom og i fred

 

Adresse
Vikegata 5, 
6150 ØRSTA

Tlf: 70048640 
E-posttil kontoret