Personvern

Personopplysninger

 

Trusopplæring i 2015/206

 

Trusopplæringstiltak i Ørsta 2015/16

Her er ein oversikt  over trusopplæringstilboda i kyrkjeleg regi:

 

0-3 år: Dåp nesten kvar søndag i kyrkja.

Alle dåpsborn får ein handbrodert dåpsklut frå Madagaskar, i gåve frå ulike frivillige  lag  i kyrkjelyden. Bilde med kveldsbøn frå soknerådet.

Dei får i tillegg ein pose med faddergåver. Ein av fadrane til kvart barn får ein pose med gåver som ho eller han skal overrekke til fadderbornet på dåpsdagen i tre år. Smekke med «Å du som mettar» til 1. dåpsdagen, CD med barnesongar til 2. dåpsdagen og boka «lille Sauen går seg vill» til 3. dåpsdagen.

 

4 år: Juni. 4-åringar er med på undretur i kyrkja og gudsteneste med utdeling av kyrkjebok.

 

5 år: Desember  får Kirkerotte Film” tilsendt i posten.

 

6 år: August. «Førsteklasses» samling med utdeling av boka «Alle gode ting» til 1.klassingar.

 

7 år: Kyrkjekino med fleire «Kirkerotte» filmer

 

8 år: Januar/februar. Tårnagenthelg 3.klassingar er med på eit bo heim leir. Dei brukar sansane sine til å finne svar/informasjon og løyse oppgåvar i kyrkja.

 

9 år: I Pinsa,  ved Hovdevatnet.  4.klassingar i alle fire sokn lærar om pinse, pinsetradisjonar og symbolikk. 2.pinsedag er dei med på Friluftsgudsteneste.

 

10 år: Utdeling av boka ”Bibelen – ei vandring gjennom den store forteljinga” til 5.klassingar. Bibeltrim på skulane  ved diakon Knut Stave. November: LysVaken med overnatting i kyrkja.

 

11 år: Desember: Lysmesse for 6.klassingar

 

14 år: Konfirmasjon: Eit heilt år der 9.klassingar får ein sjanse til å bli betre kjent med den trua dei er døypt til. Forskjellige undervisningstema, leir i vinterferien, deltaking i aktivitetsgrupper, aktiv deltaking i gudsteneste og Ungmesse m.m.

 

15 år (fjorårskonfirmantar): MILK-kurs (MiniLeiarKurs for 15-åringar) Samlingar over 6 kveldar.

    MILK-helg med overnatting på Bondalseidet sportskapell.

    Praksis på forskjellige trusopplæringstiltak t.d Lysvaken, bokutdelingar, Tårnagenthelg osv.

 

16-18år Creme: Creme helg med overnatting.

Creme og MILK er eit veksande ressurs i kyrkjelyden vår.

 

Kyrkja i samarbeid med barnehagar og skule

 

  • Annakvart år vekselvis med påskevandring i kyrkja og påskelandskap der kateketen er, i forkant av Påske, på besøk i alle barnehagane i Ørsta med rekvisittar og fortel om påske.
  • Barnehagegudsteneste i kyrkja for alle Ørsta barnehagar tidleg i desember
  • Skulegudstenester med dramatisering av påskeforteljinga for 1.-4.klassingar frå alle skulane i Ørsta.
  • Adventsgudsteneste tidleg i desember for alle skulane i Ørsta til og med Ungdomsskulen.

 

 

Eg faldar mine hender små
i takk og bøn til deg.
Lat alle barn i verda få det like godt som eg.

Vern alle med di sterke hand mot fattigdom og død. Og hjelp små born i alle land og gje dei dagleg brød.

Lat ikkje krig og svolt og sott få rive lukka ned. Lat alle leve trygt og godt, i fridom og i fred

 

Adresse
Vikegata 5, 
6150 ØRSTA

Tlf: 70048640 
E-posttil kontoret