Personvern

Personopplysninger

 

Ver med på Tårnagenthelg!

Ver med på Tårnagenthelg!

Laurdag 03. og søndag 04. februar 2018 inviterer vi alle 3.klassingar som har lyst til å bli Tårnagentar og vere med på Tårnagenthelg i Ørsta kyrkje. 

Tårnagentane skal leite etter gøymde symbol i kyrkja og inspisere kyrkjetårnet og klokkene. Kanskje finn dei noko hemmeleg? 

Agentane skal løyse oppdrag og mysterium, og på gudstenesta søndagen skal dei vise noko av dette til foreldre og sysken og andre som kjem. Etter gudstenesta blir det kyrkjekaffi med tårnagentkake og frukt. 

Alle agentane bur heime, men skal vere i lag i kyrkja både laurdag og søndag. Agentane møter i kyrkja laurdag 03.februar kl. 14:30. Vi held på til kl 20:00. Det kan vere lurt å ha lommelykt og klede til å vere ei stund utandørs. 

Søndag skal det vere Tårnagentgudsteneste kl.11:00. Tårnagentane skal møte kl.10:00 og kyrkjekaffien er ferdig ca kl 13:00. 

Foreldre/føresette, søsken, fadrar og alle andre som vil, er hjarteleg velkomne til å vere med på gudsteneste og kyrkjekaffi søndag 04. februar kl.11:00. 

For alle 

Tårnagenthelg skal vere for alle 3.klassingar som har lyst! Viss dykkar barn treng tilrettelegging av noko slag, må de gje beskjed slik at vi i fellesskap kan kome fram til gode løysingar. Tårnagentane skal få mat og vi må vite om nokon har matallergi. Skriv i merknadsfeltet i påmeldingsskjemaet. 

Englevakter 

For å gjennomføre Tårnagenthelg trengst det nokre Englevakter! Ei Englevakt er ein føresett som hjelper til med det praktiske denne helga. Vi har behov for at nokre serverer mat eller er tårnvakt. Englevaktar kan også bake ei kake eller lage til eit fruktfat til kyrkjekaffien. Kryss av i påmeldingsskjemaet, og du vil bli kontakta. 

Påmelding Påmelding for Tårnagentar og Englevakter skjer på www.iKyrkja.no i venstre marg: https://minkirkeside.no/orsta

, og pris er Kr.100,-. Vi ønsker påmelding innan søndag 28.01. 

Helsing frå Arne Moltubak prest og Caroline Sefu kateket. E-post: caroline.sefu@orsta.kyrkja.no 

Telefon på kyrkjekontoret: 70048647

 

 



Familiegudstenestekomiteen planlegg og deltek i familiegudstenestene.
Har du lyst til å hjelpe til eller har idear, ta gjerne kontakt med:

-Lene Sætre, leiar
-Lisbeth Halse
-Bjørn Erik Sørheim
-Torill Vinjevoll
-Arne Moltubak
-Hilde Ørstavik Lundberg