Personvern

Personopplysninger

 

Lys Vaken i Hjørundfjord 2018

Lys Vaken i Hjørundfjord 2018

Kjære 6.klassing J

Er du klar for ei spennande helg i kyrkja?! No er det klart for påmelding til LysVaken den 24. og 25. november 2018 i Hjørundfjord kyrkje! 
Vi håper 
du har lyst til å vere med! 

Kva er LysVaken? 
LysVaken handlar om å vere vaken for kvarandre. Både for dei vi kjenner og dei vi ikkje kjenner. Ikkje minst handlar det om å vere vaken for Gud. Det er ei tid vi set andre enn oss sjølve i fokus samt å verte kjend med nye.

I kyrkja skal vi synge, leike og ete i lag, øve inn dans til Nora Foss Al-Jabri sin LysVaken låt (finst på youtube J)

Vi skal utforske kyrkja vår og bibelboka du fekk i fjor, synge og feire gudsteneste.

Når? 
Laurdag 24. november kl 16.00  og søndag 25. november etter gudstenesta (om lag kl 13.00).

Kven?  
For alle 6.klassingar som har lyst, og dei foreldre som kan hjelpe til.

Kostar det noko?
 
Ja, kvar deltakar må betale 100 kr, som dekkjer mat og noko materiell.

Påmelding innan søndag 20.november, slik vi har tid til å planlegge!

Di påmelding sende du per e-post til: espen.aarseth@orsta.kyrkja.no.

 

Til foreldra 
For at Lys Vaken skal bli ei kjekk oppleving for borna, treng vi foreldre som kan hjelpe til. Kven av dykk vil
lage til og servere mat og vaske/rydde opp etter måltida? Ikkje minst etterlyser vi kaker og frukt til kyrkjekaffien på søndag J.

Skriv inn i påmeldinga kva du kan hjelpe til med! 
Søndag 26. nov ønsker vi foreldre/føresette, søsken, besteforeldre og fadrar velkomne til å feire gudsteneste med oss, og få ein smak av det vi har halde på med laurdagen.

For alle 
LysVaken skal vere for alle 6.klassingar som har lyst.
Om dykkar barn treng oppfølging eller tilrettelegging av noko slag, så må de gi oss melding om dette.

Velkomen med påmeldinga di! 
Helsing prest Espen Aarseth og kateket Caroline Sefu. 

e-post: espen.aarseth@orsta.kyrkja.no

Adresse
Vikegata 5, 
6150 ØRSTA

Tlf: 70048640 
E-posttil kontoret


Eg faldar mine hender små
i takk og bøn til deg.
Lat alle barn i verda få det like godt som eg.

Vern alle med di sterke hand mot fattigdom og død. Og hjelp små born i alle land og gje dei dagleg brød.

Lat ikkje krig og svolt og sott få rive lukka ned. Lat alle leve trygt og godt, i fridom og i fred