Personvern

Personopplysninger

 

Om LysVaken



Kjære deltakar!

Kva er LysVaken?

LysVaken handlar om å ikkje berre tenkje på seg sjølv, men å vere venner med kvarandre, med dei me kjenner og dei me ikkje kjenner, og med Gud.

Me skal leike og ete i lag, utforske kyrkja vår og den nye bibelboka du har fått, synge og feire gudsteneste. Og me skal overnatte i soveposar på golvet i kyrkja!

Har du lyst til å vere med?

Når?

De får brev når det vert avvikla. Det er ulikt frå kva kyrkje/sokn som arrangerer, så fyl med på kva tid det vert i ditt sokn!

Kven?

For alle 5. klassingar som har lyst, og andre sokn er det 6. og 7. også, og mange foreldre som kan hjelpe til.

Kostar det?

Ja, kvar deltakar må betale 100 kr, som dekkjer mat og noko materiell.

Påmelding

Dette er også litt ulikt etter kva sokn det er, men brukar å ha eit påmeldingsskjema på framsida vår her inne. Evt spm tlf: 70048647

Til foreldra

Me treng ein del foreldre som kan hjelpe til under LysVaken. Nokre må vere nattevakter når borna skal leggje seg og sove, og nokre må lage til og servere mat og vaske/rydde opp etter måltida, frukost søndag. Me treng også nokre som kan vere med og hjelpe med andre praktiske oppgåver.

Har du høve til å vere med? Skriv det inn ved påmelding!

Hugs også å dele med oss om ditt barn har allergiar eller noko anna me må vite, slik barndet får ein god oppleving på arrangementet!

For alle

LysVaken skal vere for alle som har lyst. Om dykkar barn treng oppfølging eller tilrettelegging av noko slag, så må de gi oss melding om dette. Så kan me saman legge til rette for at LysVaken blir ei flott oppleving for alle.

Velkomen med påmeldinga di!



                                                                                                                    
LysVakenAvis:
                                                                                                       


Litt bilete frå Lys Våken i Ørsta

Forrige helg var det Lys Vaken i Ørsta kyrkje og det var ein kjekk og frisk gjeng som hadde meldt seg på. Det er alltid litt spennande med å vere i ei stor kyrkje og at ein i tillegg skal overnatte der er heilt spesielt. Bente Nordbøe Årøen stilte opp for å halde opplegget saman med Arne, og det vart kjempekjekt.

→ Les mer

Brev til LysVaken i Ørsta

Kjære 6.klassing

Er du klar for eit spennande døgn i kyrkja?! No er det klart for påmelding til LysVaken og overnatting i Ørsta kyrkje, 24. -25. nov! 
I 2017 var 30 sjetteklassingar med på LysVaken i Ørsta. Kor mange blir vi i år? 

Vi håper 
du har lyst til å vere med! 

→ Les mer

Lys Vaken i Hjørundfjord 2018

Kjære 6.klassing J

Er du klar for ei spennande helg i kyrkja?! No er det klart for påmelding til LysVaken den 24. og 25. november 2018 i Hjørundfjord kyrkje! 
Vi håper 
du har lyst til å vere med! 

→ Les mer

Lys Vaken i Hjørundfjord 2016

 
Til deg som går i 6. og 7. klasse (og til foreldra dine)

I vår fekk vi ikkje til overnatting i kyrkja, men no får 6. og 7. klasse sjansen!

Du kan lære meir om Jesus, kyrkja og tradisjonane våre, utforske kyrkjetårnet, og i tillegg ha det kjekt i lag med vener!

→ Les mer

__________________________________________________________________________

 

Eg faldar mine hender små
i takk og bøn til deg.
Lat alle barn i verda få det like godt som eg.

Vern alle med di sterke hand mot fattigdom og død. Og hjelp små born i alle land og gje dei dagleg brød.

Lat ikkje krig og svolt og sott få rive lukka ned. Lat alle leve trygt og godt, i fridom og i fred

 

Adresse
Vikegata 5, 
6150 ØRSTA

Tlf: 70048640 
E-posttil kontoret