Personvern

Personopplysninger

 

Brev til LysVaken i Ørsta

Brev til LysVaken i Ørsta

Kjære 6.klassing

Er du klar for eit spennande døgn i kyrkja?! No er det klart for påmelding til LysVaken og overnatting i Ørsta kyrkje, 24. -25. nov! 
I 2017 var 30 sjetteklassingar med på LysVaken i Ørsta. Kor mange blir vi i år? 

Vi håper 
du har lyst til å vere med! 

Kva er LysVaken? 
LysVaken handlar om å vere vaken for kvarandre. Både for dei vi kjenner og dei vi ikkje kjenner. Ikkje minst handlar det om å vere vaken for Gud. Det er ei tid vi set andre enn oss sjølve i fokus samt å verte kjend med nye.

I kyrkja skal vi leike, ete i lag og holde på ulike aktivitetar. Nokre skal øve inn dans til Nora Foss Al-Jabri sin LysVaken låt (finst på youtube J). Vi skal utforske kyrkja vår og bibelboka du fekk i fjor, synge og feire gudsteneste. Og vi skal overnatte i soveposar på golvet i kyrkja!

Når?
 
Laurdag 24. november kl 16.00  til søndag 25. november etter gudstenesta (om lag kl 13.00).

Kven?
 
For alle 6.klassingar som har lyst, og mange foreldre som kan hjelpe til.

Kostar det noko?
 
Ja, kvar deltakar må betale 100 kr, som dekkjer mat og noko materiell.

Påmelding innan søndag 18.november, slik vi har tid til å planlegge!

Det er påmelding på nett. Sjå framsida på www.ikyrkja.no  

Her skal du også velge aktivitetsgruppe: Dans, kor, gudstenesteførebuing eller sporløp ute i mørket.

Til foreldra
 
For at Lys Vaken skal bli ei kjekk oppleving for borna, treng vi foreldre som kan hjelpe til. Kven av dykk vil vere vaken nattevakt når borna skal leggje seg og sove? Vil de lage til og servere mat og vaske/rydde opp etter måltida? Ikkje minst etterlyser vi kaker og frukt til kyrkjekaffien på søndag J.

Skriv inn i påmeldingsskjemaet kva du kan hjelpe til med !

Søndag 25. nov ønsker vi foreldre/føresette, søsken, besteforeldre og fadrar velkomne til å feire gudsteneste med oss, og få ein smak av det vi har halde på med laurdagen.

For alle
 
LysVaken skal vere for alle 6.klassingar som har lyst. Om dykkar barn treng oppfølging eller tilrettelegging av noko slag, så må de gi oss melding om dette.

 Velkomen med påmeldinga di!
Helsing prest Arne Moltubak og trusopplærar Hans Olav Sætre

Adresse
Vikegata 5, 
6150 ØRSTA

Tlf: 70048640 
E-posttil kontoret


Eg faldar mine hender små
i takk og bøn til deg.
Lat alle barn i verda få det like godt som eg.

Vern alle med di sterke hand mot fattigdom og død. Og hjelp små born i alle land og gje dei dagleg brød.

Lat ikkje krig og svolt og sott få rive lukka ned. Lat alle leve trygt og godt, i fridom og i fred