Personvern

Personopplysninger

 

Pakkeliste

No er det ikkje lenge igjen til LysVaken! Kjempekjekt at du vil vere med. 

Du må ta med deg dette: 

· Sovepose 

· Liggeunderlag 

· Pysj / nattkle 

· Toalettsaker 

· Bibelen – Ei vandring gjennom den store forteljinga. (Viss du ikkje har den kan du låne). 

· Blyant 

· 100 kr 

· Innesko el. tøfler el. tjukkelestar 

· Utekle: Vind og vanntett jakke, hue, vottar, regnbukse? Sjekk yr.no. Fordelinga til sporløpet er ikkje klar. Derfor må alle ha med varme kle til å vere ute i. Sporløpet varer truleg om lag 1 time. Vi skal også gå til og frå kyrkjekontoret. 

· Lykt viss du har 

Vi gjer det slik at ingen tek med seg snop, vi kjøper inn til alle. 

Mobil er greit som ekstra tryggleik og dersom den ligg i sekken mesteparten av tida. Berre til bruk om du må ringe heim og snakke litt før leggetid t.d. 

iKyrkja.no 
Vi vil kanskje lage ei reportasje på www.iKyrkja.no, der bilete og eller opptak frå helga vert lagt ut (utan namn). Vi må derfor få melding dersom foreldra ikkje vil at bilete+/opptak av deira born vert lagt ut. 

Familiegudsteneste 
Søndag vert det familiegudsteneste kl.11.00. Då er foreldre og alle andre som har lyst, velkomne. Etter gudstenesta er det kyrkjekaffi, før alle reiser heim. Hugs å få med alt de eig!

Vi gler oss til å sjå deg på LysVaken! 

Helsing Arne prest, Hans Olav trusopplærar og dei andre leiarane.

__________________________________________________________________________

 

Eg faldar mine hender små
i takk og bøn til deg.
Lat alle barn i verda få det like godt som eg.

Vern alle med di sterke hand mot fattigdom og død. Og hjelp små born i alle land og gje dei dagleg brød.

Lat ikkje krig og svolt og sott få rive lukka ned. Lat alle leve trygt og godt, i fridom og i fred

 

Adresse
Vikegata 5, 
6150 ØRSTA

Tlf: 70048640 
E-posttil kontoret