Personvern

Personopplysninger

 

SLIK KAN DU STØTTE FASTEAKSJONEN​I ÅR​

SLIK KAN DU STØTTE FASTEAKSJONEN​I ÅR​

OMTALE I AVISA:

Den årlege fasteaksjonen til kyrkjelydane i Noreg, i samarbeid med Kirkens Nødhjelp, blir ikkje avlyst, men går digitaltsmskontonummer, Vipps og Facebook. I slutten av marsskulle konfirmantar og frivillige i heile Noreg ha gått frå dør til dør for å samle inn pengar til Kirkens Nødhjelp sitt arbeid for fattige og menneske som er ramma av krig og katastrofar!

 For å redusere faren for Korona-smitte, blir det inga innsamling frå dør til dør i år, og vi ber dykk støtte aksjonen i år med Vipps, SMS, kontonummer, Facebook eller på Fasteaksjonen.no (sjå meir informasjon nedanfor).  

 

Kyrkjelydane i Ørsta har i tillegg oppretta si eiga digitale innsamlingsbøsse for Fasteaksjonen 2020:             https://www.facebook.com/donate/2734368066688797/ 

Same kva måte du støttar aksjonen på, vil Kirkens Nødhjelp også i år prøve å lage ei oversikt over kor mykje som kjem inn i dei ulike kommunane eller sokna i Noreg. 

 

Gi eit liv med vatn 

Klimaendringane sender menneske på flukt, skaper meir fattigdom og mangel på reint vatn. Pengane frå Fasteaksjonen bidreg til at Kirkens Nødhjelp kan gi menneske over heile verda tilgang til reint og trygt vatn, trygge toalett og opplæring i hygiene. Det reddar liv.  

Då er det godt å sjå at det nyttar å hjelpe og at pengane som blir samla inn kjem fram. Det vi gjer, tel med for at hjelpa skal nå flest mogleg. Vi kan bidra til at folk kan reise seg og få eit betre liv, og at Kirkens Nødhjelp kan vere raskt på plass ved krig og katastrofar. 

Kvar vår har ca. 40 000 bøsseberarar brukt å vere med på denne store dugnaden, ein dugnad for ei meir rettferdig verd. Dette er normalt den nest største dør-til-dør-aksjonen i Noreg, etter TV-aksjonen. Aksjonen i år set fokus på reint vatn. Reint vatn er noko av det vi menneske er mest avhengige av for å leve, og det er veldig vanskeleg å manglreint vatn. 

 

Sidan konfirmantar og frivillige ikkje kan gå frå dør-til-dør i år, er det ekstra viktig å støtte aksjonen på andre måtar. Pengane som kjem inn, går til Kirkens Nødhjelps arbeid over heile verda. For 200 kroner kan du til dømes gi eit menneske sikker tilgang til reint vatn!  

 

Støtt aksjonen direkte slik: 

  • * Vipps til  2426 

  • * Send VANN på sms til 2426 (200 kr) 

  • * Kontonummer: 1594 22 87493 

  • * Betalingsfunksjon på Fasteaksjonen.no 

  • * Ørsta kyrkjelyd si digitale innsamlingsbøsse på Facebook (sjå ovanfor) 

 

Knut Stave, diakon 


Adresse
Vikegata 5, 
6150 ØRSTA

Tlf: 70048640 
E-post til kontoret



"Gå i fred, ten Herren med glede!"

Kontaktinformasjon:
Knut Stave, diakon Tlf: 700 48644
e-post:
          ............................
Betty Søvik, diakon
Tlf: 700 48645
e-post:
 ...............................................
Lenkjer: Kirkens SOS..............................................