Personvern

Personopplysninger

 

Søndagstankar: Domssøndag eller Kristi Kongedag

Søndagstankar: Domssøndag eller Kristi Kongedag

Siste søndag i kyrkjeåret: Domssøndag eller Kristi Kongedag

Vi har passert midten av november. Det er om lag eit halvt år sidan vi feira grunnlovsdagen vår 17. mai til minne om det som hende på Eidsvoll. I år vart feiringa på mange måtar noko annleis enn ho brukar å vere. Vi får håpe at neste års feiring vert meir slik vi er vande med.

Grunnlova, eller konstitusjonen, er viktig for alle land, folk og nasjonar. Felles spelereglar, identitet og inkludering. Ordet ‘religion’ tyder det som bind oss saman. Re-ligio. Siste leddet er det same som vi finn att i kjemi og naturfag. Legere.

Ei noko mindre kjent sak er at landet vårt i 1814 allereie hadde ei anna grunnlov: Kongelova. Eineveldet si forfatning i Danmark-Norge, den mest gjennomførte lutherske stat med sterk sentralmakt. Der heiter det i paragraf 1: «Den beste begyndelse till alting er at begynde med Gud.» Religionen legitimerte både styreforma og staten. Forholdet mellom stat og religion er viktig også i den noverande grunnlova regulert i paragraf 2 der prinsippet lever vidare tilpassa vår tid.

Den siste søndagen i kyrkjeåret vert kalla Domssøndag eller Kristi Kongedag. To ulike perspektiv med ein viss indre samanheng. Dagen har eit alvorleg tema som samtidig gir håp. Her er det ikkje den inderlege og lidande Jesus vi møter, men Sigerherren og Himmelkongen. Pantokraten. Gudsbildet i høgmiddelalderen: den sterke og allmektige Kristus som skapte eit religionsskifte i landet vårt.

Med lovnaden om å kome attende i herlegdom har Kristus teke på seg eit viktig oppdrag for oss. Vi menneske skal ikkje dømme kvarandre. Domen er opp til Gud. Så kan vi konsentrere oss om å leve.

Salmediktaren Svein Ellingsen, som gjekk bort tidlegare i år, har skildra den dagen Herren kjem attende som konge og allmektig dommar på ein enkel og lettfatteleg måte. Samstundes er det noko mystisk og uforståeleg over dette, men domen i Jesus Kristus er ikkje noko å uroe seg over. Det er noko å sjå fram til. Han viser seg slik som Han er og garanterer full rettssikkerheit! På nummer 510 i Salmeboka les vi:

Herre, når din time kommer, åpenbarer du ditt rike, og i klarhet får vi skule alt det skapte, frigjort, fullendt! Vi skal se deg som du er!

Herre, la ditt rike komme! Din er makten! Din er æren! Din er dommen! Din er nåden! Halleluja! Alt er fullendt! Vi skal se deg som du er!

 

Sven Tore Relling, prestevikar

 

Utdrag frå preiketeksten på siste søndag i kyrkjeåret:

«31 Men når Menneskesonen kjem i sin herlegdom og alle englane med han, då skal han sitja på trona i sin herlegdom. 32 Alle folkeslag skal samlast framfor han, og han skal skilja dei frå kvarandre, som ein gjetar skil sauene frå geitene, 33 og setja sauene på si høgre side og geitene på si venstre. 34 Så skal kongen seia til dei på høgre sida: ‘Kom hit, de som er velsigna av Far min, og ta i arv det riket som er gjort i stand til dykk frå verda vart grunnlagd.»
Matt 25, 31-34